Eit tiår etter at den vart oppdaga i ei fjellkjede i Panama, har denne frosken endeleg fått namn.
Marte Husabø
Regnfrosken «Pristimantis gretathunbergae». Foto: Wikimedia Commons / Konrad Mebert, Macario González-Pinzón, Madian Miranda, Edgardo Griffith, Milan Vesely, P. Lennart Schmid, Abel Batista, CC BY 4.0-lisens.

Denne saka var først publisert på Framtida Junior. Der kan du også lesa korleis ein er ein god antirasist.

Den svenske miljøaktivisten Greta Thunberg må førebu seg på å dela namnet sitt framover.

Det er nemleg ikkje berre ho som heiter Greta Thunberg no, men også denne frosken frå Panama, skriv Vice.

Kunngjeringa kom i ein pressemelding frå Rainforest Trust, som i 2018 feira 30-årsdagen sin ved å auksjonera vekk namnerettane til ei rekkje nyoppdaga artar.

Stort houvd og store, svarte auge

Ein av desse artane var den vesle frosken, som opphavleg vart oppdaga av dei to forskarane Abel Batista frå Panama og Konrad Mebert frå Sveits.

Offentleggjeringa av namnet på frosken, vart publisert saman med ein artikkel der dei to forskarane beskriv den nye arten. Der fortel dei at frosken er frå Pristimantis-slekta, som er ein av dei vanlegaste froskane i Sentral- og Sør-Amerika.

Greta Thunberg-frosken skil seg derimot frå dei andre i slekta på grunn av sine mellom anna «uvanlege og framtredande svarte auge, ein lys overleppe og eit større hovud.»

Bur i eit sterkt truga område

Men kvifor vart frosken kalla opp etter Greta Thunberg, lurer du på?

Jo, fordi områda der frosken bur er sterkt truga av avskoging. Derfor meinte dei to forskarane at det var viktig å kopla namnet til frosken til ein av verdas største miljøforskjemparar.

– Stemma til Greta Thunberg er avgjerande viss me ønskjer å gå tilbake til og halda oppe eit sunt miljø på planeten me alle deler, og ikkje minst læra å respektera det storslåtte mangfoldet av liv som tok millionar av år å utvikla, seier dei to forskarane.

Ikkje den einaste med kjendis-namn

Du visste det kanskje ikkje, men det er faktisk fleire froskar der ute som er kalla opp etter kjende folk på jorda. Ein annan regnfrosk frå Pristimantis-slekta som vart oppdaga i Ecuador, vart oppkalla etter det legendariske rockebandet Led Zeppelin i juni i fjor.

Området der Pristimantis ledzeppelin kjem frå, er også ein truga region i Sør-Amerika.

Slik sett kjem Greta Thunberg til å ha meir enn berre sin egen frosk å kjempa for – i tida som kjem.

Oppdatert: onsdag 26. januar 2022 08.28

LES OGSÅ

ANNONSE