Filmmelding: Greta held fokus, sjølv om det er heseblesande

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk fortel oss alltid at unge folk skal endra verda, men det er ganske enkelt ikkje nok tid til å vente.

I filmen til Greta møter me ein alvorstynga 15-16-åring som ber verda på sine spede skuldrer.

Filmen har den engelske tittelen I am Greta og har allereie vorte vist på filmfestivalar i Venezia, Toronto og på Bergen Internasjonale Filmfestival.

Fredag 6. november er det duka for noregspremiere på dokumentarfilmen om fenomenet Greta Thunberg.

Plakaten til dokumentarfilmen om Greta Thunberg. Foto: Hulu

Ei takknemleg og utfordrande oppgåve

Filmskapar Nathan Grossman var tidleg ute og har følgt Greta Thunberg frå ho slo gjennom framfor riksdagen i Sverige hausten 2018 til klimatoppmøtet i New York eitt år seinare

Regissøren har ei både takknemleg og utfordrande oppgåve. Det takknemlege er å portrettera Greta, ein svensk tenåring med fletter som har oppildna millionar av unge og både inspirert og hissa på seg verdas toppleiarar.

Men då han byrja å filma kunne den svenske regissøren umogleg ha sett føre seg kor innhaldsrikt det neste året kom til å bli.

Grossman har hatt eit rikt kjeldemateriale og balanserer det på ein imponerande måte, sjølv om det til tider kan verta litt heseblesande.

Regissøren skal ha særleg skryt for å setja det inn i ei tydeleg ramme og halda fokus på saka. Han plasserer Greta i verda og klimakonteksten utan å gå seg vill i den store tematikken og detaljar, som feiden med Trump.

Greta Thunberg på klimastreik i Brussel, der ho mellom anna vart kjend med belgiske Anuna De Wever (til venstre bak ho). Foto: HULU

Held fokus på saka

Tidlegare har familien Ernman-Thunberg fått kritikk for å vera for utleverande når det kjem til døtrene sine utfordringar. Denne fella går ikkje dokumentarfilmen Greta i.

Det er eit sympatisk trekk at filmen held fokus på saka som Greta insisterer at me skal fokusera på. For sjølv når ivrige fans brøyter seg fram til ei jente omringa av vakter og titusenar av unge ropar namnet hennar i Brussel, insisterer Greta på å snakka om saka. Sjølv om me får litt innblikk i utfordringane som følgjer med hennar autistiske trekk, kan det verka som om dette òg gjer ho i stand til å ikkje la merksemda gå til hovudet på ho.

Greta er eit retorisk naturtalent som snakkar tydeleg med gode bilete om verda og utfordringane me står overfor, men som person er Greta vanskeleg å forstå.

Klima-pappa Svante

Filmen er knallstødig visuelt og eit klassisk lydspor speler på kjenslene og byggjer opp under den klassiske historia om David mot Goliat.

Første delen av filmen kjem ein ikkje skikkeleg inn på hovudpersonen. Ho snakkar nesten for perfekt og ein fryktar at det ikkje skal koma noko nærare enn mediedekninga allereie har gjort.

Fordi Greta sitt altoppslukande og kompromisslause engasjement er så vanskeleg å forstå,  får ho god hjelp av dei aktørane som er lettare for publikum å relatera til.

Det gjer inntrykk å sjå korleis Svante Thunberg til tider strevar med å kome inn og forstå korleis dottera eigentleg har det. Ikkje minst kva det gjer med ein far at dottera vert utsett for hat og dødstrugslar. Han støttar opp, gjev motstand der det trengs og det er i samspelet med far me får inntrykk av dei meir vanlege sidene av den unge jenta.

Fordi Greta stort sett er eit steinandlet gjer scenene med gråt, latter eller dans ekstra inntrykk.

Greta Thunberg og faren Svante Thunberg ler i vinden på ei ferje. Foto: HULU

Bak kulissane i Katowice

Opningsscena med ei sliten jente på veg over Atlanterhavet er det alt byggjer opp til.

Filmen er godt oppbygd og tek oss med bak kulisanne i mange av Greta sine høgdepunkt. Det er spanande å få eit innblikk i førebuingane til talen i Katowice, korleis Greta nektar å gjere bodskapen mildare, nektar å pynta seg og ser føre seg at sirkuset snart er over.

Derifrå går det som kjent berre oppover, men den manglande gjennomføringsevnen til verdas toppleiarar syter for stadige bølgjedalar filmen. Greta er frustrert over at politikarar og journalistar ikkje har like mykje kunnskap som ho. At folk rosar engasjementet og vil ta selfies, men ikkje er innstilt på å gjera dei dramatiske tiltaka ho peikar på.

Grossman var òg med på seglturen over Atlanterhavet og her får ein verkeleg inntrykk av kva det eigentleg kosta ein spesiell tenåring, som føretrekkjer rutinar, kvardag og hundane sine.

Vel framme i New York haldt Greta talen der ho bevrande sa «korleis vågar de» og kritiserte verdas toppleiarar for å frårøva ho framtida si, at ho eigentleg skulle vore på skulen på andre sida av havet.

Er det håp til slutt

Er du som meg har du sikkert lurt på korleis det går med hovudpersonen oppi alt dette bråket, særleg når det viser seg at viljen til verdas toppleiarar framleis ikkje strekk til. Det er her filmen sitt spenningsmoment etterkvart vert synleg. Vil det vera håp for Greta og klimaet til slutt?


Greta Thunberg. Foto: Anders Hellberg/Wikipedia

Fakta om Greta

Gjeven ut: 2020
Speletid: 1 time 41 minutt
Regi: Nathan Grossman
Foto: Nathan Grossman
Produsent: Fredrik Heinig, Cecilia Nessen