Rapport frå FNs klimapanel: – Det skjer mykje, men det går for sakte

Katherine Duarte/@greenkathyta
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksten vart først publisert på Instagram, og er sett om og gjengjeven med løyve. 

4. april vart tredje delrapport til FNs klimapanel (IPCC) lansert. Eg har følgt med på lanseringa og pressekonferansen.

Det vart semje om innhaldet i rapporten på overtid natt til måndag. Rapporten prøver å gje eit bilete av kva løysingar som må til for at verda ikkje overstig 1,5 grader i løpet av dei neste tiåra.

Samanfatta kan ein seie at:

⬆️ Det skjer mykje! Særleg på fornybar energi. Vi har både kunnskapen, teknologien og kapitalen for å endre kursen.

⬇️ Den dårlege nyhenda: det går for sakte.

– På tide å stoppe å brenne planeten

Meir enn 700 ekspertar frå 90 land (19 frå Noreg), deltek i arbeidet med sjette hovudrapport frå FNs klimapanel, som består av tre delrapportar og ein synteserapport. Ein synteserapport er ei oppsummering av dei viktigaste funna.

– No er det på tide å stoppe å brenne planeten og byrje å investere i rikeleg med fornybar energi over alt rundt oss, sa Antonio Guterres, generalsekretær i FN, under pressekonferansen.

Dei viktigaste funna

Her er nokre av dei viktigaste punkta frå rapporten, som er på 2930 sider (oppsummeringa er på «berre» 40 sider!).

Dei gode nyhenda:

Fleire land har faktisk kutta sine klimagassutslepp ein del. Både Nord-Amerika, Europa, Australia, Japan og New Zealand har klart å kutte sine utslepp. Totalt har likevel utsleppa globalt auka.

Den andre gode nyhenda er at fornybar energi har blitt betydeleg billigare dei siste tiåra.

Solenergi (85 %), vindenergi (55 %) og litiumbatteri til elbilar (85 %) til dømes, har blitt mykje rimelegare og skapt mange arbeidsplassar. Vi har også kompetansen og teknologien som trengst.

Dei dårlege nyhenda:

Vi har veldig dårleg tid. Vi må kutte klimagassutsleppa drastisk skal vi klare å nå 1,5 gradersmålet, og vi har berre til 2030 for å klare det.

IPCC har rekna at vi har under 50 % sjanse til å klare det. Deretter vil utsleppa halde fram med å auke, sjølv om vi skulle klare alle tiltaka som blir presentert i rapporten.

Den raude utsleppsbana er der vi er i dag. Den lyseblå er 1,5 grader. Grøn er 2 grader. Lilla bane er den vi bør satse på for å få raske utsleppskutt og klare 2 grader etter 2030.

Moglegheitene

Kort fortalt må det gjerast mykje på kort tid. Punktvis er dette nokre av moglegheitene som blir skissert i rapporten:

  • Olje, kol og gass må verte fasa ut snarast.
  • Det er heilt nødvendig med karbonfangst- og lagring.
  • Klimakutt og økonomisk utvikling er mogleg, fordi vi har nok kapital (pengar).
  • Vi må styrke artsmangfaldet og sikre CO₂-opptak i skog, våtmark og myr
  • Auka finansiering er ei kjerneutfordring.
  • Fornybar-revolusjonen må rulle vidare.
  • Byar og byutvikling får ei viktig rolle. Gjennom transport, bygging og energi kan byane bidra til store utsleppskutt.

Kjelder: Bergens Tidende: Slik kan klimakatastrofen avverges, The Guardian: Now or never og Miljødirektoratet: Lansering av tredje delrapport (video).


Foto: Heiko Junge / NTB, Spire. Kollasj: Framtida.no