I dag har Noreg brukt opp verdas ressursar – slik kan du minke klimaavtrykket ditt

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 15.08.2023 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år reknar den internasjonale tenktetanken Global Footprint Network ut kva dato jordas fornybare ressursar er brukte opp. Det vil seie kva dag menneska har brukt meir enn det jordkloden klarar å produsere nytt i løpet av eitt år.

I 2021 var verdas overforbruksdag 29. juli. Dagen har gradvis kome tidlegare og tidlegare frå 1970, då overforbruksdagen hamna på 30. desember.

Men om alle levde som vi gjer i Noreg, hadde jorda sine ressursar vore brukt opp allereie 12. april

Sjå oversikta:

Illustrasjon: Global Footprint Network

 

Om du vil minimere klimaavtrykket ditt, så kan desse ressursane frå Framtida-arkivet vere til hjelp:

? Klede

Visste du at klesindustrien står for om lag 8 prosent av klimagassutsleppa til menneske og er den nest største forbukaren av verdas vatn? Om du brukar kleda du har lenger, kan du såleis få ned utsleppa dine!

Om du har fått eit hol i ei bukse betyr ikkje det at ho lyt gå i søpla. Du kan reparere kleda dine, og du treng ikkje vere driven på symaskin for å få det til. Synleg reperasjon er nemleg i vinden.

Eva Kittelsen driv bloggen og nettbutikken MyVisibleMend. Foto: Privat Kollasj: Framtida.no

? Utstyr

Friluftslivet er ein av miljøverstingane, grunna utstyrsforbruk, men sjølv om du er ihuga fjellentusiast, så treng ikkje alt vere nytt!

Anna Nes er leiar i DNT ung. Foto: DNT

– Det aller, aller meste kan du finne brukt. Spesielt alt av gjenstandar og harde ting går det fint an å kjøpe brukt. Sameleis med alt av klede, for det kan du òg enkelt reparere, har DNT ung-leiar Anna Nes tidlegare fortalt Framtida.no.

Det einaste du bør vere forsiktig med å kjøpe brukt er klatretau og selar, for det kan gå ut over tryggleiken om det ikkje vert oppbevart rett.

Foto: Marius Dalseg Sætre/DNT

? Internett

Visste du at det er ein enorm klimakostnad knytt til internett? Samla sett slepp internett ut like mykje COsom flytrafikken. Di meir data du brukar på internett, di større er energiforbruket.

???✈️ Dei fire b-ane

Forskar Carlo Aall har fire stikkord for å forklare kvar utsleppa til enkeltpersonar er størst: biff, bil, bustad og Boeing (fly).

– Gjer du noko med biffen og boeingen har du kome langt, sa Aall til Framtida.no for tre år sidan.


Boka til Riise er stappa med informative krusedullar av illustratør Sveinung Sudbø, t.d. desse her som viser ulike drikker og klimaavtrykket deira. Illustrasjon: Sveinung Sudbø. Foto: Terese Samuelsen/Framtiden i våre hender.