Greta Thunberg vert hylla med eige frimerke
Den svenske klimaaktivisten er ein del av den nye frimerkekolleksjonen Värdefull Natur.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
14. januar lanserte svenske PostNord sine nye frimerke, der illustratør Henning Trollbäck hyllar svensk natur.
Klimaaktivist Greta Thunberg (18) er den einaste personen som får æra av å vere portrettert i serien Värdefull Natur.
I ei pressemelding seier Stina Olofsdotter i PostNord Frimärken at valet om å fokusera på miljø kjennes sjølvsagt for den tida me lever i.
– Greta, med fleire viktige naturillustrasjonar blir frimerkesymbol for den verdifulle naturen me har og det viktige arbeidet me alle må gjera dagleg for å behalda vår natur for generasjonar framover.
Les også: Malala om Greta Thunberg: – Den einaste venen eg ville skulka skulen for