2021: Korona, Geilo-gate, storminga av kongressen, ShantyTok og COP26 – kva hugsar du frå året som gjekk?

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Januar

Pandemi

Året starta med at Solberg ba oss om å ikkje ha besøk, og i to veker var det svært strenge tiltak over heile landet. Grenseovergangen til Sverige vart også stengt.

Men, endeleg byrja vaksinane å bli delt ut i storskala også i Noreg. Innan oktober hadde alle over 18 år fått tilbod om første dose.

Bærum i februar 2021. Rolf Rambøl (91) får første dose av Pfizer-vaksinen mot koronavirus på vaksinesenteret på Rud i Bærum. Ein stor idrettshall er omgjort til eit vaksinesenter med kapasitet på opptil 40.000 vaksinar i veka. Foto: Heiko Junge / NTB

Storminga av kongressen

2021 starta bokstaveleg talt med eit pang og storminga av den amerikanske kongressen.

I kjølvatnet av valet i november 2020, hadde Donald Trump oppeldna følgjarane sine, og demonstrantane trengde seg inn med våpen og makt i kongressbygningen i Washington D.C., samstundes som Kongressen var i ferd med å godkjenne resultatet av presidentvalet i 2020.

Fem personar døydde, Trump vart fordømt av heile verda og permanent utestengt frå fleire sosiale medium, som Facebook og Twitter.

13. januar vedtok Represtentantanes hus å stille han for riksrett for andre gong. Han vart seinare frifrunnen for å ha oppeldna til storminga av kongressen.

Black Box og Laila Bertheussen

15. januar enda rettsaka som hadde prega norske medium i eit år, og Laila Bertheussen vart dømt til fengsel i eitt år og åtte månadar for angrep på demokratiet.

Ho hadde mellom anna drive brannstifting, skadeverk og trugslar mot leiande politikarar, mellom anna hennar eigen sambuar og dåverande justisminister Tor Mikkel Wara. Ho anka, men trekte seinare anken.

Under rettssaka stilte Bertheussen nesten dagleg med ulike vesker med ulike trykk og meldingar til ållmenta. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / POOL

TIX-vinn MGP

16. januar var Noregs auge på NRK, der TIX vann Melodi Grand Prix, med låten Fallen Angel.

Musikkmeldar i Dagbladet, Anders Grønneberg, hadde meld låten, og skreiv mellom anna «Jeg skal spise Tix-pannebåndet, på en seng av knuste glasskår fra brillene hans, dersom han vinner MGP-finalen». 23. februar gjorde han nettopp dette under Debatten på NRK.

Innsetjing av ny president i USA

20. januar var det tid for innsetjing av Joe Biden som president i USA. Kamala Harris vart historisk då ho vart innsett som første kvinnelege og ikkje-kvite visepresident i landet.

Under innsetjinga var det likevel ein annan som fekk minst like mykje merksemd som den nye presidenten og visepresidenten, nemleg Bernie Sanders på campingstol og med tjukke vottar.

Han vart ein internasjonal meme og nytta høvet til å selgje genserar med biletet på, og på berre fem dagar tente han inn 1.8 millionar dollar som han gav til veldedige organisasjonar.

Shanty på TikTok

I januar vart også ShantyTok, også kjend som The Wellermann (Soon May the Wellerman Come) ein song heile verda kunne, då den skotske songaren Nathan Evans gjorde han kjend på TikTok.

@nathanevanss The Wellerman. #seashanty #sea #shanty #viral #singing #acoustic #pirate #new #original #fyp #foryou #foryoupage #singer #scottishsinger #scottish ♬ Wellerman – Sea Shanty – Nathan Evans

Vinmonopolet stengt

Koronasituasjonen var langt frå over, og etter eit utbrot av koronamutasjon i Nordre Follo, vart det 23. januar innført kraftige restriksjonar i kommunen og kommunane rundt.

Mellom anna vart alle arrangement forbodne, unntatt gravferder og bisettingar, og alle butikkar unntatt matbutikkar, apotek og bensinstasjonar vart stengde.

Også Vinmonopolet vart stengt, men vart etter mykje protest opna att tre dagar seinare. I mellomtida såg Oslo-buaren sitt snitt til å kjøre over kommunegrensa til Bærum for å sikre seg polvarer.

26. januar bikka det totale talet på koronasmitta i verda 100 millionar.

Bekkestua 23. januar 2021. Kø utanfor Vinmonopolet på Bekkestua laurdag føremiddag. Foto: Jil Yngland / NTB

GameStop

28. januar var aksjeverda i sjokk, etter at Reddit-brukarar hadde styrt GameStop-aksjane til himmels. Reddit-gruppa WallStreetBets ville redde GameStop, og bestemte seg for å utnytte shortsal.

Dei kjøpte så mange aksjar dei greidde i bedrifta som andre investorar hadde satsa på skulle gå dårleg, og sette aksjemarknaden inn i kaos. Enno er det usikkert kven som eigentleg vann mest på dette, men ifølgje Business Insider tapte store investorar over 400 milliardar kroner berre på få veker.

Februar

Clubhouse

I februar hadde alle kome seg på, eller prøvde å kome seg på Clubhouse – men det vart ein kortvarig hype. Her var det direkte lydsendingar inne i små rom som ein kunne kople seg på og lytte til. Til og med Twitter fekk panikk og lanserte i mars Spaces som kunne  gjere det same. Men ingen av delane har vore særleg populære sidan.

Illustrasjonsfoto av Clubhouse. Foto: Erin Kwon/Unsplash

Militærkupp i Myanmar

Av verdsnyheiter var det militærekuppet i Myanmar som toppa overskriftene. Kuppet kom som ein reaksjon etter valet i Myanmar i 2020.

Nasjonalligaen vann størsteparten av seta i parlamentet, medan det militærvenlege partiet Det forente solidaritets- og utviklingspartiet berre fekk eit fåtal av seta.

Militæret godkjente ikkje valresultatet og meiner det var valfusk. Dei innførte eitt års unntakstilstand i Myanmar, arresterte regjeringsleiar Aung San Suu Kyi, president Win Myint og fleire andre leiarar av regjeringspartiet og sette inn sine eigne leiarar.

Fleire land har fordømt kuppet og menneskerettsorganisasjonar fryktar at det vert slått ned på ytringsfridomen, journalistar og dei som er kritiske til militæret.

Kardashians

Elles vart det kjend at Kanye West og Kim Kardashian West skal skiljast, omtrent samstundes som Keeping Up with the Kardashians spelte inn sin siste sesong nokosinne. Kourtney og Kim greidde heldigvis å vinne Best Fight under MTV Awards 2021.

The Weekend

The Weekend hadde pauseinnslaget på Superbowl og var tidenes gåvepakke til meme-verda.

Framleis pandemi

Koronapandemien heldt fram, og Molde-ordføraren fekk hard medfart etter å ha kritisert Oslo for handteringa av pandemien.

Og livet på zoom var framleis hardt:

Mars

Historisk Beyoncé og Taylor Swift

14. mars vart Beyoncé den mest prisgjevne kvinna i heile Grammy-historia, då ho vann sin 28. Grammy-pris.

Taylor Swift vart også historisk som første kvinne som har vunne Beste album tre gonger. Berre tre andre har gjort det tidlegare: Frank Sinatra, Paul Simon og Stevie Wonder.

AstraZeneca sett på vent

Koronapandemien heldt fram. I Noreg var folk byrja bli vaksinerte, men det kom usikkerheit rundt AstraZeneca og ein potensiell samanheng med blodpropp. 11. mars vart all bruk av AstraZeneca-vaksinen sett på vent i Noreg.

Ap-nach

I Bodø hadde dei innført strenge koronareglar, der det mellom anna ikkje var tillate å arrangere eller delta på private samankomstar med meir enn fem gjester.

Same dag var det årsmøte i Nordland Arbeiderpari, og Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran og sju andre tok med seg øl og vin for å halda fram festen på eit hotellrom. Saka vart etterforska men henlagt.

Ulovleg med gjester

17. mars innførte Oslo dei strengaste restriksjonane gjennom pandeminen, og det vart mellom anna ulovleg å ha besøk av fleire enn to personar.

Geilo-gate

Dagen etter vart det kjend at Erna Solberg og familien braut dei strenge smittevernreglane då dei skulle feira bursdagen hennar på Geilo i vinterferien.

Statsministeren fekk ei bot på 20.000 kroner for å ha brote smittevernsreglane, trass i at ho sjølv ikkje var til stades første kvelden. Politiet meinte det var rett å reagere med straff sidan Erna Solberg er landets fremste tillitsvalde.

– Eg beklagar det som skjedde og kjem til å betale bota, sa statsministeren til NRK etter politiet si avgjersle vart kjend.

Ever Given

På tampen av månaden skjedde det noko som også blei ein av dei største meme-ane denne månaden: 23. mars gjekk det 400 meter lange kontainerskipet Ever Given på grunn og sperra Suezkanalen. I heile seks dagar låg det der før dei endeleg fekk det laust. I mellomtida hadde 400 skip blitt forseinka på grunn av dette og Ever Given hadde rukke å bli ein viral meme.

Oprah-intervju med Meghan og Harry

8. mars kom det mest kjende intervjuet frå 2021, verda over: Oprah Winfrey som intervjua Prins Harry og Meghan Markle, som har trekt seg ut av den britiske kongefamilien.

Dei snakka om kvifor dei har trekt seg ut, om rasisme, hard presse, kongefamilien og heile institusjonen. Dei fekk skryt for å ha løfta psykisk helse, rasisme og imperialisme, men ikkje minst vart det også ein meme-favoritt.

April

Nyinnspeling av Taylor Swift

I april gav Taylor Swift ut albumet Fearless (Taylor’s version), plata som vart gjennombrotet hennar i 2008 – men spelt inn på nytt etter at rettane til dei første albuma hennar vart selde til eit investeringsfond.

Ho spelte dimed inn alle platene på nytt for å eiga rettane sjølv.

Prins Philip døyr

Same dag som plata kom ut, 9. april, vart det også kjend at prinsegemal i Storbritannia, Prins Philip, var død – 99 år gamal. Han var gift med dronning Elizabeth II i 73 år.

Prins Philip saman med dronning Elizabeth II, frå portretta etter kroninga av dronning Elizabeth II, i juni 1953.

Drone på mars

19. april fauk helikopteret «Ingenuity» i 40 sekund på Mars.

Det var historias første motordrivne flyging i ein utanomjordisk atmosfære.

Super League

Same dag vart det også kjend at 12 europeiske toppklubbar hadde skrive under på at dei ville etablere ein Super League, noko som fekk både fotballsupporterar, styresmakter og kongelege til å tenne på alle pluggar.

Kritikarane meiner dette var eit kynisk forsøk på å tene meir pengar, og bryt med fotballtradisjonane og kulturen som har vorte opparbeidd. Det vart så ramaskrik at éin etter éin byrja dei engelske klubbane som hadde skrive under å trekke seg att, og ballen vart i praksis lagt død.

Mai

Eurovision

22. mai var det finale i Eurovision Song Contest 2021, og Måneskin vann med songen «Zitti e buoni» under finalen i Rotterdam.

Friends

27. mai var det endeleg duka for premieren på ein siste reunion med Friends-gjengen på HBO. Alle fem skodespelarane var samla på settet for å mimre og snakke om serien som varte i ti år (1994-2004).

Juni

Israel

13. juni gjekk Benjamin Netanyahu av som Israel sin statsminister etter 12 år. Dette fordi motstandarane hans hadde danna ei koalisjonsregjering, som fekk fleirtal i Knesset.

Snåsamannen

18. juni døydde Joralf Gjerstad, også kjend som Snåsamannen. Han vart 95 år gamal. Han var kjend som klårsynt, og mange sjuke reiste til han i håp om at han kunne lækje dei med sine varme hender.

Star Wars-meme

På internett fekk eit klipp frå Star Wars Episode II: Attack of the Clones (2002) sin renessanse. Klippet der Anakin og Padmé har ein romantisk piknik, blei ei legende gjennom sommaren. Right?

TikTok-streik

I juni og juli gjekk svarte TikTok-dansarar i streik. Dei hadde merka at sjølv om dei laga avanserte koreografiar, som lett kunne kopierast, var det få svarte skaparar som fekk same anerkjenning og forteneste som kvite som herma etter dei fekk.

Det same skjedde til dømes med den kjende dansen Renegade.

Dei brukte Megan Thee Stallion sin låt: Thot Shit, for å tvinge populære, kvite TikTok-arar til å slutte å bruke svarte dansarar sine koreografiar, utan ordentleg kreditering. Resultatet vart at songen ikkje fekk ein populær dans til seg, og viste kor viktige svarte dansarar er for plattforma. No er det blitt vanleg å kreditere den som har laga dansen i innlegga på TikTok.

Juli

Pandemi

I juni var det framleis pandemi, og Delta-varianten var den dominerande koronamutasjonen også i Noreg.

Plastforbod

Frå laurdag 3. juli vart ei rekkje produkt av eingongsplast forbodne. I tillegg til sugerøyr blir også bestikk, tallerkar, ballongpinnar og bomullspinnar av plast forbodne. Det vert også matbehaldarar og drikkebeger av isopor. Sjølv om dei fleste tykkjer det er positivt, vart det i Noreg bittelitt i-lands-dårleg-stemning fordi det resulterer i ei veldig lita treskei på yoghurt-pakkane.

Verdsrom-kappløp

12. juli fauk milliardær Richard Branson ut i verdsrommet, og slo dimed Jeff Bezos i den pissekonkurransen. Bezos reiste ut 20. juli med den yngste (18) og den eldste (82) som nokon gong har vore i verdsrommet.

Dei vil begge starte med romturisme, medan megarikingen Elon Musk samarbeider med NASA og prøver å finne ein måte menneske kan bu på Mars. Men han vil også ut i verdsrommet, sjølvsagt.

10 sidan Utøya

22. juli markerte me at det var 10 år sidan terrorangrepet på Regjeringskvartalet og Utøya. Det var markeringar over heile landet, i mindre kommunar, store byar, på Utøya, i Oslo og og ei større nasjonalmarkering i Oslo Spektrum på kvelden:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av AUF (@aufnorge)

OL i Tokyo

Dagen etter, 23. juli, opna sommar-OL 2020 i Tokyo etter å ha blitt utsett eit år grunna koronapandemien. Det var ikkje publikum, men den norske OL-troppen klarte målet om å ta åtte medaljar – dobbelt så mange som i Rio de Janeiro.

Særleg Karsten Warholm som sette ny verdsrekord på 400 meter hekk, vart ein av dei store snakkisane under OL-et, og han vart også kåra til årets mannlege utøvar – i verda.

August

Draglinje

I august starta den første draglinja på ein norsk folkehøgskule opp, etter at initiativtakar og hovudlærar Jens Martin Arvesen (29) bestemte seg for å gjere nettopp det.

På den nye drag-linja til Arbeiderbevegelsens folkehøgskule skal elevane lære å skape si eiga drag-rolle. Personane på biletet er modellar. Foto: Privat.

Klimarapport

9. august publiserte FNs klimapanel ein ny klimarapport som vert skildra som «kode raud for menneskeheita» av generalsekretær António Guterres.

Delrapporten seier at konsentrasjonen av karbondioksid (CO₂) i atmosfæren no er høgare enn på minst to millionar år. 

Afghanistan

I april i år vedtok NATO at alle allierte styrkar skulle trekkast ut av Afghanistan. 15. august overgav den folkevalde regjeringa i Kabul seg til Taliban og islamistgruppa hadde dimed fått full kontroll over landet.

30. august forlét dei siste norske og amerikanske styrkane landet, etter den 20 år lange krigen. USA gjekk inn i Afghanistan etter terrorangrepet 11. september 2001. Målet var å ramma al-Qaida og Taliban.

September

Stortingsval

13. september var det Stortingsval, og etter opptellinga var det klart at Erna Solberg si tid  som statsminister var over for denne gong, åtte år etter ho først fekk stillinga (2013). Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum tok over stafettpinnen i ei mindretalsregjering.

Dei ynskja å samarbeida med SV om ei felles plattform og regjering, men SV og Audun Lysbakken braut forhandlingane. Det var særleg rettferdig fordeling og klima og natur som vart for svakt for SV i Hurdalsplattforma, og dei ville heller halde fram i opposisjon.

14. oktober tok den nye regjeringa over etter Erna Solberg si regjering.

Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum møter pressa i Hurdal, etter at forhandlingane er ferdige og dei er samde om å danne regjering saman. Foto: Fredrik Hagen / NTB

Pendlarbustad

I september avslørte Aftenposten at ei rekke politikarar hadde fått pendlarbustad sjølv om dei budde nært nok Stortinget.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) hadde ikkje meld flytting frå barndomsheimen sin i Agder før i fjor, og hadde dimed sikra seg gratis leilegheit i Oslo i ti år, sjølv om han også eig ein halv tomannsbustad om lag ein halvtime unna Oslo. I tillegg vart det kjend at han ikkje hadde skatta på dette, og 20. september trekte han seg som leiar for KrF. Han er ikkje åleine, og Aftenposten avdekte ei rekke tilfelle der det var gjort feil rundt pendlarbustad.

Stortingspresident Eva Kristin Hansen (Ap) sa ho ville rydde opp i dette, men i november vart det kjend at også ho hadde unnlate å fortelje viktig informasjon om heim og pendlarbustad. Etter nokre dagar gjekk ho av som stortingspresident.

Squid Game

17. september kom Squid Game på Netflix og etter få veker var heile verda hekta.

Serien er sett til Seoul, hovudstaden i Sør-Korea. 456 personar i djup gjeld får vere med i konkurransen om 45,6 millionar won, men må spele seg gjennom dødelege variantar av barneleikar.

Serien førte mellom anna til at fleire skular gjorde 1-2-3-raudt lys forbode. 

Vulkan-utbrot

19. september var det eit stort vulkanutbrot frå vulkanen Cumbre ViejaLa Palma, ei av Kanariøyene. Mange veker seinare var store delar av landet framleis dekt i oske, etter at lava kom ut av vulkanen i lang tid.

I desember byrja aktiviteten å roa seg, men utbrotet hadde rukke å øydelegge rundt 3000 bygningar, øydelagt store jordbruksområde og tvunge fleire tusen bort frå heimane sine. Ingen dødsfall er rapporterte.

30. oktober 2021. Eit hus dekt i oske frå vulkanutbrotet på La Palma i Spania. (AP Photo/Emilio Morenatti, File)

Gjenopning

23. september pakka dåverande helseminister Bent Høie (H) bort meterstokken og feira at Noreg skulle opna att.

– Eg faldar meteren godt saman, og tek godt vare på han. Det kan bli brukt for han igjen, sa han på pressekonferansen. Plottblottar: det vart bruk for han innan året var omme.

Men 25. september levde me i håpet og talde ned til klokka 16 og den offisielle gjenopninga – 562 dagar etter landet stengde ned 12. mars 2020.

Det var ville tilstandar i gatene med song, dans og altfor fulle folk, og det vart travelt for både politiet og overvelda utestadar som sleit med den plutselege opninga.

Oslo 25. september 2021. Bilete frå den første fest-kvelden i hovudstaden. Fotografert frå Youngstorget.
Foto: Naina Helén Jåma / NTB

Angela Merkel ferdig

I 2018 sa Angela Merkel at ho ikkje ynskja å ta attval, og etter 16 år som forbundskanslar i Tyskland var tida som Tysklands øvste leiar over, den 26. september 2021.

Då stemte landet over kven som skulle bli ny forbundskanslar. 6. desember var siste dagen hennar på jobb før Olaf Scholz tok over stafettpinnen.

Dette biletet er eitt av dei mest kjende av Angela Merkel. Ho snakkar med dåverande president i USA, Donald Trump, under G7-toppmøtet. (Foto: Jesco Denzel/German Federal Government via AP)

Oktober

Pandora Papers

03. oktober vart Pandora Papers offentleggjorde av 150 mediehus innan ICIJ. Papira består av tolv millionar lekte dokument frå 14 firma i finanssektoren i skatteparadis. 

Om lag 600 journalistar i 117 land har jobba med dokumenta, og dette skal vere den største avsløringa av sitt slag nokosinne, med dobbelt så mange framståande personar som Panama Papers frå 2016.

Årets fredspris

8. oktober vart det kjend at Årets fredspris går til journalistane Maria Ressa og Dmitrij Muratov for «sin modige kamp for ytringsfridom i Filippinane og Russland».

Facebook gjorde rare ting

04. oktober var Facebook, Instagram, Messenger og WhatsApp nede i om lag fem timar over heile verda.

Det er firmaet Facebook (i dag Meta) som eig alle nettsamfunna, og dei skulda på serverproblem.

Timinga var likevel påfallande nær eit PR-mareritt av eit intervju på 60 minutes med Frances Haugen, tidlegare tilsett i Facebook.

Ho hadde delt dokument som viste kor medvitne bedrifta faktisk er på dei negative konsekvensane dei har for både enkeltpersonar og samfunn.

25. oktober var ho i ein rettsal i London for å snakke om tinga Facebook gjer, og at bedrifta veit at dei bidreg til hatprat og hat, men ikkje bryr seg nok til å gjere noko med det.

Tre dagar seinare, 28. oktober, annonserte Facebook at dei skulle skifte namn til Meta. Mark Zuckerberg, grunnleggjar av Facebook, sa at han meiner Meta er meir beskrivande for kva dei driv med, sidan dei vil bli meir enn sosiale medium og bli store innan VR (virtuell røynd), der han ynskjer at folk skal kunne kommunisere, spele og jobbe i ei VR-verd.

Munchmuseet

I Noreg opna det nye Munchmuseet i Bjørvika 22. oktober. Museet inneheld Edvard Munch sine kunstverk som han testamenterte til Oslo kommune i 1940.

Museet opna i 1963 på Tøyen, og vart i år flytta til Lambda i Bjørvika.

The French Dispatch

Same dag var det også premiere på Wes Anderson sin nyaste film, The French Dispatch. Han var populær nok han, men viktigast av alt: han gav oss ein meme!

Eit bilete av skodespelarane Timothée Chalamet, Tilda Swinton, og Bill Murray saman med Wes Anderson på Cannes filmfestival måtte sjølvsagt bli ein meme. Tag yourself!

COP26

På tampen av oktober opna det 26. klimatoppmøtet COP26 i Glasgow. Det varte til 12. november. På COP-møta deltek representantar for alle medlemmane i FNs klimakonvensjon, og målet er å bli samde om korleis konvensjonen skal drivast og kva mål ein skal nå.

Det viktigaste dei kom fram til var ei semje om at klimakrisa er reell, og må gjerast noko med. I tillegg må landa styrka klimamåla innan neste år, gjere seg mindre avhengige av fossilt brennstoff, sjølv om forpliktingane gjekk frå å fase ut til å fase ned.

Meir enn 100 verdsleiarar lova å stoppe og reversere avskoging innan 2030. Og dei største klimautslepparane, USA og Kina, kunngjorde også eit samarbeid om klimatiltak.

Heilt i starten av første forhandlingsveke vart Noreg tildelt prisen Fossil of the day. Prisen vert tildelt landet som gjer mest for å bidra til minst klimahandling. Noreg vart tildelt prisen for å drive lobbyverksemd for oljenæringa på klimatoppmøtet.

November

ABBA

5. november gav ABBA ut albumet Voyage, førti år etter førre album. I samband med dette spelte dei også inn ein heil konsert med motion capture og skal ha virtuelle konsertar i 2022.

Britney er fri!

12. november vart Britney Spears endeleg fri frå faren sitt vergemål over henne og økonomien hennar, etter 14 år.

Saka fekk mykje merksemd igjen etter Netflix-dokumentaren Britney vs Spears i september.

Adele

19. november var det endeleg tid for eit nytt Adele-album, seks år etter det førre albumet. Det nye albumet, 30, har mellom anna låtar som «Easy on me» og «My Little Love».

Kim Friele

22. november døydde Kim Friele. Ho vart 86 år gamal og kjempa for menneskerettar for LHBT-miljøet i 58 år.

I 1963 var ho den første i Noreg som stod fram offentleg som homofil. Same år melde ho seg inn i Det norske forbundet av 1948 og starta aktivistarbeidet for rettane til LHBT-personar. Ho fekk gravferd betalt av staten og kista var pynta med regnbogeflagg.

Karen-Christine som 21-åring (til venstre). 10. august var Kim Friele med på å feira Storapride på Stord. Foto: privat og Svein Olav B. Langåker

Apetor

26. november døydde den kjende YouTube-profilen Tor Eckhoff «Apetor» (57) i samband med filming av ein ny video. Han var kjend for ulike stunt, ville påfunn og friluftsliv. Han hadde nær 1,2 millionar abonnentar på YouTube.

Barbados

30. november gjekk Barbados over frå å vere samvelderike med dronning Elizabeth II som overhovud, til å bli republikk med Sandra Mason som første president.

Rihanna vart offisielt erklært som nasjonalhelt, og fekk æresplass saman med politikarar og embetsmenn.

Meme

I internett-verda var det ein inspirasjons-meme frå 2013 som kom tilbake på tampen av 2021. Biletet var laga av illustratør Genildo Ronchi frå Brasil med teksten «Velg den positive sida av livet». Illustrasjonen er perfekt meme-mat.

Desember

Omikron

1. desember vart Omikron oppdaga i Noreg, og det vart etter kvart klart at over 100 personar frå eit julebord 26. desember hadde fått korona, mange av dei omikron-varianten. Julebordet vart verdskjend for det høge smittetalet.

2. desember kom regjeringa med nokre nye kommunale tiltak.

13. desember kom det endå nye, sterke tiltak over heile landet, og meteren til Bent Høie måtte pakkast opp igjen, 73 dagar etter han vart pakka ned. Det var påbod om munnbind og heimekontor og me fekk beskjed om å ha maks 20 gjester éin gong i løpet av jula. Elles 10 personar.

Kåre Willoch

6. desember døydde tidlegare statsminister Kåre Willoch, 93 år gamal. Han var framtredande i norsk politikk i 60 år og statsminister frå 1981 til 1986.

Kåre Willoch vart vald inn til Stortinget heile åtte gongar. Høgre-politikaren var representant for Oslo mellom 1958 og 1989. Han vart heidra med gravferd på staten sin kostnad.

1965: Stortingsrepresentant og generalsekretær i Høgre, Kåre Willoch, vert intervjua av vekesbladet Aktuell.
Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB.

Desmond Tutu

26. desember døydde Desmond Tutu. Han vart verdskjend på 1980-talet på grunn av sitt motstandsarbeid mot apartheid. Han mottok Nobels fredspris i 1984. Han er også kjend for å ha lansert omgrepet «regnbogenasjon» om befolkinga i Sør-Afrika, som motsats til apartheid-begrepet.

Betty White

På årets aller siste dag kom også nyhenda om at skodespar og komikar Betty White var død. Ho var 99 år og hadde blitt 100 år 17. januar 2022.

Ho er kanskje mest kjend for rolla som Rose Nylund i The Golden Girls, som vart vist frå 1985 til 1992 og var kvinne med lengst karriere innanfor TV før ho døydde. Ho har vore med i ei rekke produksjonar, men i nyare tid er ho kanskje mest kjend som programleiar frå programmet «Betty White’s Off Their Rockers». Ho vann totalt Emmy fem gongar.

https://www.youtube.com/watch?v=hEmsatm1VQo


Godt nyttår!