Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TikTok er det nye store, med over 500 millionar aktive brukarar over heile verda.

Der deler folk frå heile verda småsnuttar, veldig ofte med dans. Jamleg kjem nye, store danse-koreografiar til. Dansar som ein utfordrar kvarandre til å læra og dela, og som ein lærer av kvarandre ved å sjå på videoane i appen.

Lizzo og Kardashian dansar Renegade

No for tida er dansen «Rengegade», til låta Lottery av K Camp, blant dei største.

Store forsamlingar på high school framfører den saman, K-pop bandet Stray Kids har framført den på scena. Lizzo har framført den på sin TikTok og det same har Kourtney Kardashian og sonen.

#Renegade har per dags dato 742.8 millionar views på TikTok, og det ligg ute 25 millionar videoar til låta Lottery.

https://www.youtube.com/watch?v=FukgMwwdwPM&

Men kven har eigentleg laga dansen?

26. oktober 2019 lasta @global.jones opp dansen, med ein liten endring på slutten. Då eksploderte dansen og vart viral.

@global.jonesTag a dancer you think I should collab with?#foryoupage #lit #trending #tikttok #viral♬ Lottery – K Camp

Men det var etter at den amerikanske 14 åringen Jalaiah Harmon hadde lasta opp dansen via Instagram, ein månad før.

Ifølgje avisa The New York Times var det slik det skjedde:

25. september kom Harmon heim frå skulen og spurde ei veninne ho hadde møtt gjennom Instagram, Kaliyah Davis (12), om ho ville vere med å laga ein post saman. Harmon lytta til songen, og laga den avanserte koreografien. Ho filma seg sjølv og la det ut på Funimate først, og så på Instagram der ho har ein god del fleire følgjarar. Der var også veninna Davis med.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av CREATOR OF RENEGADE??? (@_.xoxlaii)

Har endeleg fått anarkjenning for dansen

– Eg var glad då eg såg dansen min over alt, men eg ville ha æra for den, sa ho til the New York Times, då dei intervjua ho om dette.

Ho byrja skriva i kommentarfelta til dei som delte, om dei ville tagga ho, slik at ho fekk creds for dansen. Men det var lite respons å få.

Så ho byrja googla «who created the Renegade dance?» for å prøva å få fakta på bordet.

– Eg var lei meg. Det var ikkje rettferdig.

For å få anarkjenning for virale dansar på TikTok, kan gi store moglegheiter og kontaktar, noko Harmon kjende seg snytt for.

No ser det likevel ut til å ha snudd. Fans og hennar eige arbeid om å få anarkjenning for dansen, har nådd fram.

TikTok-stjerna Charli D’Amelio var ei av dei som tidleg delte dansen utan å namngje Harmon. No har ho møtt Harmon og oppmoda følgjarane sine til å følgje 14-åringen.

@charlidamelioguys i would like to introduce you to _.xoxlaii i am so happy that she was able to teach me the original choreography that she made she is the best!♬ Lottery – K Camp

14. februar la artisten bak låta, K-Camp, ut ei twitter-melding med bilete av seg sjølv, Harmon og veninna hennar – som dansar «the Renegade».

– Takk, Jalaiah og Skylar, for hjelpa med å gjere Lottery til den største songen i verda, skreiv han.

Skjerdumpar frå ulike TikTok-filmar.