Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er rett og slett ikkje godt nok.

Det skriv nestleiar i AUF Gaute Børstad Skjervø på sms til Framtida.no dagen etter at Noreg fekk verstingstempel under FN sitt klimatoppmøte COP26.

– Norsk gass er ikkje problemet, men ein del av løysinga til ein vellukka overgang frå fossile til fornybare energikjelder, sa Støre då han talte til klimatoppmøtet.

I motsetnad til moderpartiet går AUF inn for stans i all ny oljeleiting. Skjervø meiner «dagens fossil»-prisen viser at store kutt innanlands ikkje er nok, og at ein klimapolitikk i tråd med Parisavtalen ikkje kan oversjå utsleppa frå norskprodusert olje og gass.

– Tilbakemeldingane frå store delar av det internasjonale samfunnet i samband med klimatoppmøtet i Glasgow viser at Noreg står i ein umogleg posisjon når vi forsøker å balansere høge kuttambisjonar innanlands samstundes som vi ikkje skal gjere noko med utsleppa frå olja og gassen vi eksporterer, held Skjervø fram.

Gaute Børstad Skjervø, nestleiar i AUF. Pressefoto AUF

Heiagjeng for olje og gass

Det var klimanettverket Climate Action Network (CAN) som tysdag gav Noreg den lite gjeve prisen «dagens fossil». Prisen blir delt ut til landa som «gjer mest for å bidra minst», og har vore delt ut sidan klimatoppmøtet i Bonn 1999.

– Noreg likar å leike klimameister, men bak lukka dører har statsminister Jonas Gahr Støre fått eit rykte som heiagjeng for fossilt brennstoff, heiter det i grunngjevinga.

Organisasjonen kritiserer Støre for å ikkje ville avvikle, men utvikle produksjonen av olje og gass, for å drive lobbyverksemd for industrien i samband med toppmøtet og for å ikkje oppnå nasjonale klimamål.

CAN viser vidare til at Noreg saman med Russland har argumentert mot EU-kommisjonen si potensielle svartelisting av oljeboring i Arktis. I oktober blei det klart at kommisjonen går inn for stans i oljeaktiviteten i Arktis, og trugar med setje ein stoppar for import av olje og gass derfrå.

– Framover må Noreg høyre mindre på Putin og meir på FNs generalsekretær, meiner AUF-nestleiaren.

FN sitt klimapanel varsla i sin siste klimarapport «kode raud for menneska».

Etter Noreg følgde Japan på andreplass og Kina på tredjeplass i verstingkåringa.

Ikkje treft av prisen

Noregs nye klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) svarar på vegner av regjeringa at Noreg må tole merksemd rundt det å vere olje- og gassprodusent, og at Noreg har eit særleg ansvar i overgangen til ei utsleppsfri framtid.

– Inntil det har skjedd vil det framleis vere etterspørsel etter fossil energi. Noreg har vore, og skal vere, ein sterk pådrivar for ny grøn teknologi, og eg føler meg på ingen måte treft av at vi skal vere ein såkalla versting, skriv han i ein e-post til VG.


Foto: Pressefoto: Kollasj: Framtida.no