COP26: «Glade for at norsk dobbeltmoral fekk merksemd framfor heile verda»

Debatt
Publisert
Oppdatert 23.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er delte meiningar om klimatoppmøtet si slutterklæring, men éin ting er klart – alle er einige i at det er viktig å avgrense verdas oppvarming til 1,5 grader.

Dessverre så ligg ikkje verda an til å faktisk nå dette målet, og dei kraftfulle tiltaka vi treng for å snu utviklinga manglar.

Spire-nestleiarane kåra Palau sin president til klimatoppmøtets store helt fordi han heldt ei sterk tale til verdsleiarane.

Eit demokratisk problem

Tida i Glasgow var prega av avgrensa tilgang og dårlege mogelegheiter for deltaking. Omtrent 55.000 representantar var akkreditert, men det var berre 10.000 plassar inne på konferansesenteret – eit openbert problem for den demokratiske forankringa til forhandlingane.

Dei to første dagane var mogelegheita for deltaking endå meir avgrensa – sivilsamfunnet fekk berre ha 16 menneske inne i forhandlingsromma.

For å gjere opp for den avgrensa plassen utarbeidde UNFCCC (Klimakonvensjonen) ei digital plattform. Problemet var berre at denne plattforma også fungerte svært dårleg, og det var nesten umogeleg å følgje forhandlingane både fysisk og digitalt.

Denne mangelfulle deltakinga var eit stort demokratisk problem, som heldigvis resulterte i at dei etterkvart endra reglane slik at fleire fekk plass under forhandlingane.

Den ugandiske klimaaktivisten Vanessa Nakate var blant dei som tok til orde for at landa som vert mest råka av klimaendringane, og som har bidrege minst til utsleppa, bør verte høyrde på klimatoppmøtet.

Noreg sitt klimarykte

Forhandlingane som ikkje gjekk heilt bra for Noreg sitt klimarykte. Heilt i starten av første forhandlingsveke vart Noreg tildelt prisen Fossil of the day – ei utmerking som vert gjeven ut av den internasjonale paraplyorganisasjonen Climate Action Network. Denne prisen vert tildelt landet som gjer mest for å bidra til minst klimahandling. Noreg vart tildelt prisen for å drive lobbyverksemd for oljenæringa på klimatoppmøtet.

Det er flautt at Noreg heng etter i klimakampen, men vi var glade for å sjå at Noregs dobbeltmoral fekk merksemd framfor heile verda. Kanskje det kan vere med på å dytte Noreg i rett retning?

Eit lite håp

Vi såg også eit lite håp dei siste dagane av klimatoppmøtet, då utkastet til hovudavgjersle til COP26 kom. Utkastet innheldt nemleg ei formulering om utfasing av subsidiar til fossil energi. Dette kunne vore ein enorm siger, der fossil energi for første gong vart nemnd i ein avtaletekst. Men etter vi fekk første utkast i handa vart formuleringa berre svakare og svakare eitt forhandlingsmøte om gangen.

Agroøkologisk jordbruk er ei form for jordbruk der ein fokuserer på å etterlikne naturens eigne økosystem i størst mogeleg grad, forklarar Spire-nestleiarane.

Det vart tydeleg at dei rike landa kjempa med alt dei kunne for å sleppe å ta ansvar for klimakrisa. Det som kunne vore ei svært viktig anerkjenning frå FN om kor viktig utfasing av fossil energi er, resulteterte heller ei ei altfor vag formulering utan reell tyngde.

Forhandlingane går altfor treigt og rike land gjer ikkje det som må til, verken i form av utsleppskutt eller klimafinansiering. For oss i Spire vert det viktig framover å halde Noreg ansvarleg for sine internasjonale løfte, slik at 2022 ikkje vert endå eit år med tomme ord og løfte fram til vi møtast igjen i Egypt for nye klimaforhandlingar.

I eit klimarettferdsperspektiv må òg Noreg ta sitt historiske ansvar for krisa vi er i.


Det krev både utstyr og kunnskap for å byte delar i ein moderne mobiltelefon. Foto: Joel Rohland