Journalistane Maria Ressa og Dmitrij Muratov får Nobels fredspris

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Demokrati og pressefridom står overfor stadig verre forhold, sa leiar av Nobelkomiteen Berit Reiss-Andersen då ho annonserte fredsprisvinnarane fredag.

Ho kunngjorde at journalistane Maria Ressa og Dmitrij Muratov får prisen for «sin modige kamp for ytringsfridom i Filippinane og Russland».

Berit Reiss-Andersen, leiar av Den Norske Nobelkomite. Foto: Ken Opprann/Nobel Prize Outreach

– Dei er samstundes representantar for journalistar som står opp for dette idealet i ei verd der demokrati og pressefridom har stadig trongare kår, heiter det i grunngjevinga til Nobelkomiteen som Reiss-Andersen las opp.

Nobelkomiteen hadde 329 kandidatar å velje mellom i år. Det har dei siste åra vore spekulert i om det snart ville kome ein journalist-pris.

Avslører maktmisbruk på Filippinane

Nobelkomiteen meiner at filippinske Maria Ressa brukar ytringsfridom til å avsløre maktmisbruk, valdsbruk og ei autoritær utvikling i heimlandet sitt.

Ho var i 2012 med på å etablere Rappler, eit internettbasert mediehus for undersøkjande journalistikk, som ho òg er leiar for.

– Som undersøkjande journalist og Rappler-sjef har Ressa markert seg som ein uredd forsvarar av ytringsfridomen, heiter det i grunngjevinga.

Nobelkomiteen trekkjer fram arbeidet hennar for å rette kritisk søkelys på Duerte-regimet sin omstridde krig mot narkotika og arbeidet hennar med å dokumentere korleis sosiale medium blir brukt til å spreie falske nyheiter, trakassere meiningsmotstandarar og manipulere det offentlege ordskiftet.

I sjokk

Filippinske Maria Ressa fortel til TV 2 at ho er i sjokk etter tildelinga av prisen, og at det heile er emojonelt for ho.

– Men eg er glad på vegner av teamet mitt, og takk til komiteen for å anerkjenne kva vi jobbar med og går gjennom, sier ho til kanalen.

Ressa seier prisen betyr at dei skal halde fram med å gjere det dei gjer, med ny energi.

– Det vi alltid har prøvd å gjere, er å skape ansvarleg journalistikk. Det er blitt mykje vanskelegare med inntoget av sosiale medium, som lar leiarar utnytte deira algoritmar og bryte ned demokratia frå innsida, held ho fram.

Filippinske Maria Ressa får fredsprisen. Ho har mellom anna blitt truga på livet av president Rodrigo Duerte i eit intervju. Foto: AP Photo/Aaron Favila

Muratov: – For journalistane som er blitt drepne

Dmitrij Muratov har i ei årrekkje forsvart ytringsfridomen i Russland, under stadig meir krevjande forhold, ifølgje Nobelkomiteen.

Han var i 1993 med på å grunleggje den uavhengige avisa Novaja Gazeta, som han sidan 1995 har vore sjefsredaktør for.

– Novaja Gazeta er den mest uavhengige og prinsipielt maktkritiske avisa i dagens Russland. Ved sin faktabaserte journalistikk og faglege integritet har avisa blitt ei viktig kjelde til informasjon om lite omtalte og kritikkverdige sider ved det russiske samfunnet.

Komiteen vektlegg at avisa sidan starten har publisert kritiske artiklar om alt fra korrupsjon, politivald, urettmessige arrestasjonar, valfusk og «trollfabrikkar» til bruk av russiske militære styrkar i og utanfor Russland.

Arbeidet til avisa har blitt møtt med trakassering, trugslar, vald og drap. Seks av journalistane i avisa er blitt drepne. Muratov har likevel nekta å gje opp deira uavhengige linje.

– Fredsprisen er for avisa Novaja Gazeta og journalistane som er blitt drepne, seier Muratov, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Dmitrij Muratov på eit redaksjonsmøte i Novaja Gazeta. No får redaktøren fredsprisen. Foto: AP Photo/Alexander Zemlianichenko

Demokrati = fred

I eit intervju med NRK etter kunngjeringa utdjpar Reiss-Andersen at begge prisvinnarane har greidd å avdekkje krig og konflikt, og at det generelt er ein samanheng mellom sterkt demokrati og fred.

– Ein fri, uavhengig og faktabasert journalistikk beskyttar mot maktmisbruk, løgn og krigspropaganda, slår Nobelkomiteen fast.

Komiteen meiner desse rettane er viktige for demokrati og vernar mot krig og konflikt.

– Å gi prisen til to enkeltjournalistar/redaktørar viser sterkare enn noko anna kva det vil seie å vere journalist, å arbeide i felten og i rammer der ytringsfridomen blir innskrenka. Det syntest vi var den beste måten å illustrere ytringsfridom i praksis, utdjupar Reiss-Andersen til NRK.

Til rett tid

Dei to fredsprismottakarane får gratulasjonar frå inn- og utland. Også frå russiske styresmakter.

– Vi gratulerer han. Han er kunnskapsrik og modig, seier president Vladimir Putins talsmann, Dmitrij Peskov, ifølgje NRK.

Her heime synest mellom anna AP-leiar Jonas Gahr Støre at årets tildeling er rørande. Han var blant dei som nominerte Maria Ressa.

– Dette er svært, svært gledeleg. Dette er to individ med eit ekstremt mot, som med fare for eige liv gjer journalistisk arbeid som er svært viktig for demokratiet, uttalte Støre til NRK.

Norsk presseforbund meiner prisen kjem til rett tid.

– Ei fri presse er ein grunnleggende føresetnad for demokratiske samfunn, seier generalsekretær Elin Floberghagen, ifølgje NTB.


Fakta

Nobels fredspris

  • Ein av fem prisar svenske Alfred Nobel oppretta i testamentet sitt 27. november 1895
  • Ifølge Nobels testamente skal «priset för fredsförfäktare» gå til den «som har verkat mest eller bäst för folkens förbrödrande och afskaffande eller minskning af stående armeer samt bildande och spridande af fredskongresser»
  • Prisen blir delt ut årleg av Den Norske Nobelkomite
  • Prisen blir normalt kunngjord i oktober, og seinare overrekt vinnaren under ein seremoni i Oslo Rådhus 10. desember, på fødselsdagen til Alfred Nobel
  • Prisen består av ein gullmedalje, eit diplom og 10 millionar svenske kroner
  • Sidan 1901 er Nobels fredspris delt ut 101 gonger, til 132 mottakarar: 90 menn, 17 kvinner og 25 organisasjonar
  • I 2020 gjekk fredsprisen til Verdens matvareprogram (WFP)

Kjelde: Store Norske Leksion/Nobelinstituttet