Snart kan du ikkje lenger nytte deg av eingongsplast: – Ein viktig start

Karine Jonsrud Pedersen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette vil seie at du blant anna ikkje lenger kan få mat i isoporbehaldarar, sugerøyr i brusen eller kan nytte q-tips av plast i øyret.

Forbodet er ein del av eit EU-direktiv, og har ifølgje Klima-og miljødepartementet vore venta lenge.

– Mange produsentar og importørar har derfor allereie byrja å fase ut dei produkta som blir forbodne frå 3. juli, skreiv departementet i ei pressemelding i mars då datoen for forbodet blei kjent.

I den same pressemeldinga skriv Klima- og miljødepartementet at forbodet kan redusere bruken av dei ulike plastartiklane med 3.600 tonn årleg i Noreg, og vil redusere forsøpling og skadar på dyreliv og miljø.

– Ein viktig start

Leiar av Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, meiner plastforbodet er ein veldig viktig start, som viser at Europa tek plastproblemet på alvor. Han trur forbodet kan vere med å snu ein dårleg vane vi har hatt lenge.

– Tala Klima- og miljødepartementet legg fram viser kor nødvendig eit slik forbod er. Det er ein viktig start, seier han på telefon til Framtida.no.

Leiar av Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, er fornøgd med plastforbodet, men seier også at ein må sjå meir enn berre småprodukta. Foto: Fartein Rudjord

Men takken retter han mot EU.

– Noreg har snakka om plast i mange år, men det er EU som sørgde for eit forbod. Heldigvis, seier han.

Fleire næringar å ta tak i

Likevel påpeikar Gulowsen at den nye regelen ikkje gjeld all slags plast.

– Det er ikkje gjort noko med plast innanfor til dømes oppdrettsnæringa, fiskerinæringa og bygg- og anleggsbransjen. Innpakkingsemballasje av plast i butikkar er heller ikkje forbode. Der er derfor fleire næringar å ta tak i, seier leiaren av Naturvernsforbundet.

Han forklarar at fleire plastforbod kan kome som ein del av EU sin plaststrategi, og seier det er ei naturleg retning å gå vidare.

– Vi må sjå meir enn berre småprodukta. Vi må sjå på det større i tillegg, avsluttar Gulowsen.

Desse produkta blir forbodne frå og med laurdag:

  • Bestikk av plast
  • Tallerkar av plast
  • Sugerøyr av plast
  • Ballongpinnar i plast
  • Rørepinnar i plast
  • Matbehaldarar av isopor
  • Drikkebeger og anna drikkevaremballasje av isopor

Bomullspinnar og sugerøyr til bruk som medisinsk utsyr blir ikkje forbode.


Daglig leiar i Forum for utvikling og miljø, Kathrine Sund-Henriksen. Foto: ForUM, FN, kollasj Framtida.no