Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 05.02.2021 11:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange fekk auga opp for den unge poeten og aktivisten Amanda Gorman då Joe Biden vart teken i eid som USA sin 46. president. Ho las diktet The Hill We Climb, der ho tok til orde for samhald. Landet har i samband med presidentvalet vore sterkt prega av splitting.

Storminga av Kongressen

Diktet hadde òg referansar til då Kongressen 6. januar blei storma av ein mobb med Trump-tilhengjarar. Då storminga skjedde, var diktet halvferdig. 

– Den dagen gav meg ei ny bølgje av energi til å fullføre diktet, sa Gorman til AP ifølgje NRK.

I linjene om opptøyane i Kongressen skriv ho mellom anna at krefter som ville knuse nasjonen nesten lykkast, men medan demokratiet tidvis kan bli halde tilbake, kan det aldri bli permanent nedkjempa.

– I diktet mitt vil eg ikkje på nokon måte glatte over det vi har sett dei siste månadane, eller om eg tør seie dei siste åra. Men, det eg håpar å gjere er å bruke orda mine til å sjå for meg ein måte landet vårt framleis kan kome saman, seier Gorman ifølgje The New York Times.

Har treft mange

I etterkant av diktlesinga har det rent inn med lovord, og ikkje minst følgjarar, til den unge stjerna. Eit halvt døgn etter den historiske augneblinken, har ho gått frå 36 000 til over 2,1 millionar følgjarar på Instagram.

Blant dei kjende personane som har delt innlegg om Amanda Gorman etter seremonien, finn vi Michelle Obama, Hillary Clinton og Oprah Winfrey.

Nasjonal ungdomspoet

Amanda Gorman er fødd og oppvaksen i Los Angeles, og studerte sosiologi ved Harvard. 

Ho skal ha blitt inspirert til å bli ungdomsdelegat for FN i 2013 etter å ha sett ein tale av nobelprisvinnar Malala Yousafzai. Eitt år etter blei ho utnemnd til ungdomspoet i Los Angeles. 

22-åringen blei i 2017 den første som er utnemd til National youth poet laureate i USA. Det er ein tittel som blir gjeven til ein ung person som viser dyktigheit innan kunst, spesielt poesi. Ho er òg den yngste som har lese dikt under ei presidentinnsetjing.

På Instagram skildrar ho seg sjølv som ein poet, forfattar og drøymar. Amanda tek opp tema som undertrykking, feminisme og rasisme. Ho gav i 2015 ut diktsamlinga The One for Whom Food Is Not Enough

Seinare i år gir ho ut si første barnebok Change Sings. På Instagram skriv forfattaren at boka skal minne unge lesarar på at dei har makt til å forme verda. Boka er illustrert av Loren Long, som òg står bak illustrasjonane i Barack Obama si bok Of Thee I Sing: A Letter to my Daughters.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Amanda Gorman (@amandascgorman)

Gorman er òg grunnleggjar av den ideelle organisasjonen One Pen One Page, som driv eit ungdomsprogram for skriving og leiing.

Talevanskar og lydsensitivitet

Medan Amanda Gorman under presidentinnsetjinga framførte diktet sitt stødig, klart og med innleving på trappene til den amerikanske kongressbygninga, hadde ho som barn talevanskar.

Ho har òg fortalt at ho har ei høyrselsliding, auditive prosesseringsforstyrringar (APD), og er hypersensitiv for lyd.

Ho har skildra seg sjølv som eit “merkeleg barn”, som likte å lese og skrive. Ho vart oppmuntra av mor si, som er engelsklærar, til å drive med dette, ifølgje Wikipedia.

Vil stille som presidentkandidat

Gorman er den første ungdomspoeten som har opna den litterære sesongen for nasjonalbiblioteket Library of Congress, og ho har lese dikta sine på MTV.

Amanda skal vere ein av favorittpoetane til førstedame Jill Biden, som ifølgje Sky News oppdaga ho på Library of Congress. Det skal ifølgje amerikanske medium vere ho som anbefalte at Amanda skreiv eit dikt til Joe Biden sin presidentseremoni.

Amanda sa allereie i 2017 at ho sjølv vil stille som presidentkandidat i valet i 2036. Ei twittermelding frå Hillary Clinton tyder på at ho framleis har ambisjonar om det.

I diktet The Hill We Climb skildrar Amanda seg sjølv som «ei tynn, svart jente som stammar frå slavar og blei oppdratt av ei aleinemor, som kan drøyme om å bli president, berre for å finne seg sjølv lese dikt for ein».

Til Anderson Cooper i CNN fortel ho om eit rituale ho har før kvar diktlesing, og som ho definitivt gjorde før presidentseremonien, ifølgje The Huffington Post.

– Eg lukkar auga og seier: Eg er dotter av svarte forfattarar, vi er etterkommarane av fridomsforkjemparar, som braut lenkjene og endra verda. Dei kallar meg”.


Joe og Jill Biden fotografert i Des Moines, Iowa på den amerikanske nasjonaldagen 2019. Foto: Gage Skidmore, Flickr