«Etter 60 år har Friele overrekt stafettpinnen. Det er på tide at vi overtek han»

Kirsti Sæternes
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein treng ikkje bla lenge på sosiale medium i dag, før ein les at Kim Friele, den første opne skeive og eit ikon innan norsk menneskerettskamp, er daud.

Eg blei skaka. Ikkje berre fordi det er trist, men fordi eg innsåg at eg nesten ikkje veit noko om ho.

Det som forstyrra meg mest var at eg faktisk ikkje hadde tenkt på om ho var i live eller ei. Så lite visste eg om ho.

Men som skeiv, samfunnsdebattant, og generell menneskerettsforkjempar, innsåg eg at dette var eit hol i kunnskapen min.

Og sjansen er stor for at om du er på same alder som meg, så veit du heller ikkje mykje om ho. Undervisninga har nemleg vore mangelfull. I alle fall for min del.

Det einaste eg kan hugse er at vi var ein snartur innom ho i samfunnsfagen på vidaregåande, for to år sidan. Eg hugsa vi snakka om benken. Og at ho var viktig. Men det er ikkje minne nok for ein så viktig karakter. Særleg sidan kampen hennar ikkje er ferdigkjempa.

Bli med meg i eit raskt djupdykk i Noregs viktigaste person innan kampen for fri kjærleik.

Ein historisk parkbenk

Det første som er verdt å nemne, er at i Frieles oppvekst og i delar av vaksenlivet var «homoseksuelle aktivitetar» forbodne, og homoseksualitet var ein psykisk diagnose. Faktisk er det framleis under 50 år sidan homofili blei avkriminalisert.

Då ho var tidleg i tjueåra gifta ho seg med ein mann. Etter kort tid ringde ho heim og sa til mor si «Vi skal skilles, fordi jeg er homoseksuell». Mora svarte «Homoseksuell? Du kunne ikke finne på noe annet, vel? Nå synes jeg du skal holde opp med dette tøvet.» Friele bekrefta at jo, homoseksuell var ho. «Ja, ja, så får vi si det da,» svarte mora.

Men korleis skulle den unge Friele finne andre som seg? Det var ein diagnose å vere skeiv. Det var kriminelt (for menn). Det var høgst skambelagt og tabu. Datingappar fanst ikkje. Det skeive miljøet var så isolert at det var nærast ikkje-eksisterande. Så kva skulle ho gjere?

Ho sette seg på ein parkbenk ved Nationaltheatret. Ho sat der nesten kvar laurdag i eit år for å sitje på utkikk etter nokon som var som henne.

Eit liv i kamp: Til venstre ser me bilete av Kim Friele i 1970, den gong generalsekretær i OSLO 19710616 Generalsekretær i «Det Norske Forbund av 1948» (DNF). Foto: Vidar Knai / NTB / NT. Til høgre: Bilete frå 1991 då ho var nestleiar Forum for homofile og lesbiske i Arbeiderpartiet og kjempa mot homoterapi. Foto: Ida von Hanno Bast, SCANPIX

Første som stod fram

Kim Friele var den første som sto fram som homofil under eige namn. Ho var heldig og hadde støttande familie og venner, men opplevde stygg tiltale, sinte brev og telefonar, fordommar og hets.

Ho har vore leiar for homoorganisasjonen «Det norske forbundet av 1948», og var også med i LLH (det som no er organisasjonen FRI).

Då Noreg opna for registrerte skeive partnarskap i 1993 (merk deg, dette er faktisk under 30 år sidan!) var ho og Wenche Lowzow to av dei første som inngjekk det.

Du kan også merke deg at Lowzow var den første opne homofile stortingspolitikaren, og dei levde saman til Lowzow døydde i 2016. Føregangskvinner på høgaste plan.

Og mens Friele levde, jobba ho alltid mot urett, som aktivist og forfattar. I 2019 fekk ho ein benk til minne om seg sjølv. Han er ein mager hyllest, men likevel symbolsk i sin essens.

Bilete frå august 1993: Wenche Lovsow og Karen Christine (Kim) Friele inngår partnarskap i Oslo Rådhus. Foto: Pål Hansen/NTB

Eg er ikkje ulovleg

Friele sitt arbeid har bidrege til oppheving av straffelovparagrafen som kriminaliserte desse homoseksuelle handlingane mellom menn, at vi har fått ei lov mot diskriminering av LGBTQ+, og til at homofili ikkje lenger er ein diagnose.

Ho var ein homopioner, og arbeidet hennar innan skeive rettar gjer ho til ein av dei viktigaste menneskerettsforkjemparane i nyare norsk tid.

Lova vernar meg frå diskriminering, eg blir ikkje rekna som psykisk sjuk, og eg er ikkje ulovleg.

Mykje takka vere Friele.

Kva står att?

Kim Friele har jobba iherdig for å skape ei tryggare verd for seg og oss. Men det er mykje arbeid som står igjen:

Er du klar over at:

Og dette er døme frå Noreg, i eit land der ein er komne langt. 

Kriminelt

Samstundes er det er kriminelt å vere homofil i 69 land. Land som Polen har LGBT-frie soner og ynskjer å forby pride-paradar og andre LGBTQ-markeringar, og til dømes forbyr Ungarn undervisning om, og framstilling av, skeive.

Heile 375 personar er blitt myrda så langt i år, fordi dei er trans. Dette er det høgaste registrerte talet noko sinne. Og viss du er skeiv risikerer du dødsstraff i minst åtte land.

I 2008 sa Jens Stoltenberg til Kim Friele at «Du har gjort Norge til et mer anstendig samfunn.»

Ho har gjort meir enn det.

Ho har gjort verda til ein betre stad.

Etter 60 år har Friele overrekt stafettpinnen. Det er på tide at vi overtek han. 


Karen-Christine som 21-åring (til venstre). 10. august var Kim Friele med på å feira Storapride på Stord. Foto: privat og Svein Olav B. Langåker