Slit du med å navigera i statsbudsjettet? Me har samla det viktigaste for deg som er under 25 år.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag la Solberg-regjeringa fram sitt siste forslag til statsbudsjett for 2022. Dette vil truleg bli endra ein del av den påtroppande Støre-regjeringa, men legg likevel tunge føringar for pengebruken neste år.

Den nye regjeringa tek over torsdag 14. oktober og har berre fram til 10. november på å koma med endringsforslag til budsjettet, før det skal bli vedteke i Stortinget i desember.

Oljefondet

Oljefondet er framtidstryggleiken til komande generasjonar i Noreg. Handlingsregelen er at ein ikkje skal bruke meir enn 3 prosent av Oljefondet i året. Under korona har den vore godt over, på 3,6 prosent i 2021.

Forslaget for 2022 er litt lågare, men ikkje heilt nede på før-koronanivå. Den avtroppande regjeringa foreslår ein oljepengebruk på 322,4 milliardar kroner i 2022, ned 21 prosent frå i år. Det vil sei at ei av fem kroner på statsbudsjettet kjem frå Oljefondet.

Jobb

Regjeringa har foreslått eit nytt jobbfrådrag, der unge mellom 17 og 29 år får skattelette på inntil 5.170 kroner i året.

Dette frådråget synker jo meir enn tener, og blir null om ein tener over 535.000 kroner.

Frikortgrensa aukar frå 60.000 til 61.800 kroner. Den aukte frå kr 55.000 til 60.000 i 2021.

Psykisk helse

200 millionar kroner er satt av til psykisk helse blant unge. Dei er fordelte slik:

20 millionar kroner for å utvikle og prøve ut eit lågterskeltilbod i kommunane for born og unge med lettare psykiske plagar, og tidllege rusproblem. Målet er at ein tidleg kan få hjelp utan tilvising eller lang ventetid.

I tillegg vil dei gi 100 millionar kroner til kommunane og fylkeskommunane, for tiltak for barn og unge si psykiske helse, mellom anna psykisk helse i vidaregåande skule og lågterskeltilbod i kommunane.

8 millionar skal gå til lågterskeltilbod for born og unge som står i fare for å utøve problematisk eller skadeleg seksuell åtferd mot andre born.

62 millionar kroner går til å prøve ut behandlingsmodellen FACT ung (fleksibel, aktiv oppsøkande behandling) som er retta mot ungdom mellom 12 og 24 år. Dette kan vere ungdom med moderat til alvorlig psykisk liding som og/eller har rusproblem i kombinasjon med omfattande funksjonsvanskar, med behov for langvarig oppfølging.

5 millionar kroner til forsking på kvifor det har vore ei auke i psykiske lidingar blant unge, og kva som er effektive og førebyggande tiltak som kan snu dette.

5 millionar kroner til kompetanseutvikling om sjølvsading og sjølvmord for dei som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstjenesten, psykisk helsevern, tverrfagleg spesialist rusbehandling og somatikk.

I tillegg vil dei gi 15 millionar kroner til å etablere eit kompetansemiljø for helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Mental Helse meiner at Rask psykisk helsehjelp må etablerast i heile landet. I dag er det kun i 64 kommunar. Dette tilbodet er føreslått aukt med 2 millionar kroner i årets budsjett.

Helse

Snus og røyk blir dyrare når regjeringa føreslår å auke avgiftene på tobakksvarer med fem prosent. Det vil seie at ein snusboks som kostar 85 kroner i dag, vil koste 95 kroner til neste år. Det vil også gjere det tydelegare i avgiftsvedtaket at avgifta omfattar tobakk til oppvarming også.

Livmorhalskreft rammar om lag 400 kvinner årleg, mange av dei er yngre kvinner. Regjeringen foreslår å bruke 20,5 millioner kroner til oppstarts- og utviklingskostnadar til tilbod om heimetesting for dei livmor som ikkje har testa seg på 8-10 år.

Frikort: Regjeringa føreslår at eigendelstaket på frikort vert aukt med 461 kroner til 2.921 kroner. Det vil sei at du må ha hatt utgifter over 2.921 kroner før du får frikort.

Skule

Regjeringa føreslår ei løyving på 60 millionar kroner til oppstart av bygginga av Beaivváš samisk nasjonalteater og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule. Bygget skal etter planen stå ferdig i løpet av 2024.

Regjeringa set også av 240 millionar kroner til å gjere skular og barnehagar betre i stand til å følgje opp barn og elevar som på grunn av langvarige smitteverntiltak har tapt fagleg og sosial læring og utvikling.

Tidlegare i år la regjeringa fram fullføringsreforma, den mest omfattande reforma av vidaregåande opplæring sidan 1990-talet. Ho tek sikte på at ni av ti elevar skal fullføre VGS, og  i statsbudsjettet blir det foreslått 800 millionar kroner til prosjektet.

I overkant av 300 millionar kroner av desse, skal gå til at dei som har brukt opp retten sin, likevel skal kunne få moglegheita til å gjennomføre.

Student

I statsbudsjettforslaget er studiestøtta justert for prisvekst, men ikkje ytterlegare auka. For studieåret 2021–22 er basislånet 126 357 kroner, og er prisjustert med 2,3 prosent.

Regjeringa vil at fleire skal ta ha utveksling i prioriterte samarbeidsland. Difor vil dei gi eit stipend på 2500 kroner i månaden, dersom reiser på utveksling i Brasil, India, Kina, Russland, Sør-Afrika, Japan og Sør-Korea.

Regjeringa føreslår tilskot til 1650 nye studentbustadar i 2022. Det tilsvarar nivået frå 2021.

Dei vil gjere det enklare å få lån for å ta kortare utdanningar, og føreslår 20 millionar kroner for å gi folk som tek kortare utdanningsløp rett til lån frå studieåret 2023–24.

I tillegg vil dei halda fram med dei åtte bransjeprogramma som vart oppretta i 2020 og starte eit nytt. Bransjeprogram er skreddarsydde utdanningstilbod som blir utvikla i eit samarbeid mellom partane i arbeidslivet. Det betyr at det er rom for ni bransjeprogram neste år.

NTNU får 365 millionar kroner i prosjektet for å samle campus.

Bustadlån

Regjeringa vil at fleire skal kunne eige eigen bustad og føreslår difor å legge betre til rette for meir bruk av leige til eige-ordninga mellom anna ved ved å auke grensa for kor stor del av bustadane i eit burettslag som kan bli leigd ut innanfor leige til eige-ordninga. Målet er at fleire førstegongskjøparar kan koma seg inn på bustadmarknaden.

Husbanken får ein milliard kroner som skal brukast til bustadlån i distrikta.

Det er ikkje føreslått endringar i BSU-ordninga.

Fritid

Gebyret for teoriprøva for førarkort blir redusert frå 680 kroner til 350 kroner.

Regjeringa vil setje av 225 millionar kroner til å starte ei nasjonal utrulling av ordninga med fritidskort. Dette har vore ei testordning i 24 kommunar fram til no. Gjennom ordninga kan barn og unge mellom 6 og 18 år få dekt deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar, inntil 2000 kroner.

Fleire barn og unge skal få tilbod om ferie- og fritidsaktivitetar, opne møteplassar og skolelosar. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til den nye samanslåtte tilskotsordninga for inkludering av barn og unge med 35 millionar kroner. Den nye samanslåtte tilskotsordninga vil dermed utgjere om lag 505 millionar kroner i 2022.

Regjeringa vil løyve 204 millionar kroner til å bygge ut breiband der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging. Summen skal fordelast på fylkeskommunane som vidare gjev pengane ut til kommunane.

Regjeringa følgjer opp dataspelstrategien Spillerom og foreslår å auke løyvinga til dataspel i filmfondet med 8 millionar kroner. Løyvinga skal mellom anna nyttast til tilskot til utvikling og formidling av dataspel.

Det er sett av 26 millionar kroner for å fremje mangfald og å skape ein meir inkluderande idrett.

Regjeringa vil også trappe opp kampen mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet i statsbudsjett og foreslår 11 millioner kroner til eigne tiltak.

Tre millionar skal øyremerkast eit nytt exit-program for gjengkriminelle, der Oslo kommune og Forandringshuset i regi av KFUK/KFUM får ansvaret.

Likestilling

3 millionar kroner går til å følgje opp tiltak i handlingsplanen mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika.

2 millionar kroner av dette skal gå til utvikling av kunnskap om levekår og livssituasjon, og 1 million kroner til å styrke tilskotsordninga for kjønns- og seksualitetsmangfald.

6 millionar kroner er føreslått til styrking av tilskotsordning til tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar.

1 million kroner går til driftsstøtte til Oslo Pride, som er Noregs største politiske og kulturelle møteplass for skeive.

20 millionar kroner er føreslått omdisponert frå Forskningsrådets avsetningar til å styrke forsking og kunnskapsutvikling om likestilling og ikkje-diskriminering.

Klima

Bistandsbudsjettet øker med 3,8 milliarder kroner i forslaget til statsbudsjett for 2022. Ein femdel av pengene skal gå til klimatiltak. I tillegg vert det føreslått 2 milliarder til et klimafond som skal støtte omlegging til fornybar energi i utviklingsland.

Regjeringa føreslår også å auke CO2-avgifta med 28 prosent frå 591 kroner i 2021 til 766 kroner i 2022. Dei følgjer dimed opp sin eigen klimaplan for 2030, som skal vere ei gradvis opptrapping av CO2-avgifta til 2.000 kroner per tonn i 2030.

Prisen på bensin og diesel skal ikkje lenger skjermast frå auken.

Therese Hugstmyr Woie

Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie. Foto: Thor Due, Natur og Ungdom