«Kule, woke og veldig hyggelige» – slik er det på sommarleir med SU
«brat summer er å ikkje spise nøtter på leir», og andre ting vi (over)høyrde på sommarleiren til SU.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.
Vi er midt i juli. Gradestokken viser 28 grader og sola over på deltakarane på Sosialistisk Ungdom (SU) sin sommarleir på Utøya.
Aleksander Nordin (15) er éin av dei. Han har vore aktiv i SU i Stavanger i over eitt år, og det er første gong han deltek på sommarleiren. Han synest leiren så langt har vore kjekk, men veldig varm.
– Eg snakkar nesten alltid med nye folk under måltida. Alle er opne for å snakke med kvarandre. Det blir prat om mykje rart. Ikkje overraskande er det mykje politikk, men også berre kva du gjer på fritida. Mellom anna har eg møtt mange andre speidarar her, seier han.
Han slår fast at det sosiale er veldig viktig på ein politisk sommarleir.
– Om du ikkje har noko sosialt, skapar du ikkje band med andre. Ein veldig stor del av å vere del av ein organisasjon, er å finne folk som er lik deg sjølv, seier han.
– Kva har vore det kjekkaste med leiren så langt?
– Å bade! Det var godt å bli kjølt ned når det er så varmt.
Og det verste med leiren?
– Mygg.
Samla venstreside
Deltakarane veivar hendene i vêret i stille applaus (nokre slår også handflatene saman i ein litt meir høyrleg jubel).
Så snart dei får tillating, strøymer dei ned til botnen av bakken, kor ansvarlege frivillige har funne fram hageslangen. Eigentleg brukar dei han til å fylle pappkoppane deltakarane drikk vatn frå, men no går vatnet rett opp i lufta, så dei som vil kan nyte ein kald dusj.
Teoretisk tungvektar
Utøya er eigd av AUF, men både SU og Raud Ungdom har nytta øya som leirstad gjennom åra.
På programmet til Sosialistisk Ungdom står «grunnskulering» i temaa sosialisme, feminisme, antirasisme, miljø og internasjonal politikk. Dessutan vert det halde føredrag om mellom anna naturtap, våpeneksport, rettar i arbeidslivet, prostitusjon, fritt Palestina, skulepolitikk, sivil ulydnad, antirasisme og grøn kolonialisme.
Andre høgdepunkt er sosiale arrangement som stand-up, fotballturnering, Grand Prix og cabaret.
Både fotball og underhaldning på kveldstid skal nytast utan alkohol – leiren er nemleg heilt alkoholfri. Til og med tobakk vert uglesett. Dei som vil røyke vert forviste til skammens benk bakom konferansesenteret.
Sunn fornuft
Dei fleste deltakarane Framtida snakkar med, legg stor vekt på det sosiale. Leiren samlar folk frå heile landet, og mange som har vore på leiren tidlegare, gler seg til å treffe igjen gamle vener som dei elles ikkje ser mykje til.
– Det er alltid artig å møte likesinna. Eg kjenner meg mykje meir til pass rundt desse folka – det er folk som vil det same som meg, og som har dei same løysingane for ei god framtid, seier Anton Andreassen, som er fylkesleiar i Nordland SU.
Når Framtida spør kva som kjenneteikner ein SU-ar, svarar Andreassen at fellesnemnaren er at dei har alle sunn fornuft.
– Utanom det har eg vore borti bra mange ulike typar SU-arar. Eg vil ikkje skildre meg sjølv som ein typisk SU-ar. Eg er yrkesfagelev frå Nordland, distriktsgut. Det er ikkje typisk SU. Men det er plass til oss her likevel. Eg ønsker meg mange fleire sånne som meg, seier han.
Hege Wetås skryter også av sine felles SU-arar:
– Ein typisk SU-ar er kul og woke, og veldig hyggeleg, venleg, med veldig god humor. Ein kul person, slår ho fast.
Politisk samarbeid
På plassen utanfor konferansesenteret står ei rekke organisasjonar på stand for å snakke med ungdommane, med håp om å påverke eller verve dei. Blant dei frammøtte er Changemaker, Ship to Gaza, Elevorganisasjonen og LO. Fagrørsla er sterkt representert, både med stands og på talarstolen.
Sindre Hornnes, ungdomsrådgivar i LO, fortel at organisasjonen deltek på dei leirane dei vert inviterte til. LO skal også på AUF sin sommarleir seinare på sommaren.
– Vi merkar at vi vert inviterte av våre vener på venstresida. Vi er her for å snakke med dei unge om viktigheita av fagrørsla si rolle i at unge får rettane sine, og viktigheita av det politiske og faglege samarbeidet mellom SV, Ap, Sp og andre parti som er einige med oss, seier han.
Ei samla venstreside er eitt av temaa på sommarleiren til SU, og Hornnes deler synet på verdien av å stå saman.
– Styrken i fagrørsla og styrken i det faglege og politiske samarbeidet, er summen av dei tillitsvalde i LO og LOs forbund som vel å engasjere seg i politikken, men også politisk engasjerte ungdom og andre som vel å engasjere seg i fagforeininga si, seier han.
– Kva samtalar har de med SU-ungdommane?
– Det er litt vakkert: Det er nokre som aldri har høyrt om oss før, som nesten vil melde seg inn umiddelbart. Dei skjønar at det er nokon som passar på deira interesser, om dei har deltidsjobb eller om dei studerer og er på veg inn i arbeidslivet. Det er kjekt med slike alliansar for at folk skal få det betre, seier han.
– Heilt jævlig
Atle Måseide (18) deltek også på leiren for første gong. Han var berre fire år då terrorangrepet 22. juli skjedde på Utøya og sette stor pris på å få ei omvising.
– Vi fekk høyre om historia til øya, og gå inn i det einaste huset som framleis står etter terroren. Det var veldig sterkt. Det var heilt jævlig, seier han.
– Men det var vakkert samstundes. Eg følte at den opplevinga gav meg ein plass i det store biletet. Då forstod eg litt betre kvifor eg er her, og kvifor eg er med i denne organisasjonen, seier han.
Måseide understreker at SU er ein inkluderande organisasjon, og at alle medlemmene er glade i menneske.
– Dei fleste er veldig seg sjølve. Dei har ei utstråling. Når eg ser ein SU-ar, føler eg at eg kjenner dei før eg ein gong snakkar med dei. SU-arar er veldig velkommande og varme personar, seier han.