Miljøorganisasjonane meiner naturkrisa er gløymd i statsbudsjettet
I statsbudsjettet for 2022 aukar regjeringa CO2-avgifta, men miljøorganisasjonane meiner dei ikkje har tatt inn over seg naturkrisa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det verkar som regjeringa har gløymt at miljøet inkluderer naturen, og at vi er i ein situasjon der vi mistar artar i rekordfart.
Det seier Spire-leiar Julie Rødje i ei pressemelding.
Ho meiner regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2022 bevegar seg for sakte i retninga samfunnet må ta og at det ikkje legg til rette for at klimamåla blir nådd.
– Ei storsatsing på klima, natur, global solidaritet og rettferdig omstilling er ikkje lenger eit val, men i statsbudsjettet blir det likevel valt bort. Vi forventar at det endelege budsjettet legg opp til ei heilskapleg og berekraftig retning, seier ho.
Uinnspirert
Natur og Ungdom sin dom over statsbudsjettet som regjeringa la fram tysdag er ikkje stort betre.
Dei synest det er eit litt uinnspirert budsjett på miljø og klima.
– Det einaste store tiltaket dei gjer er å auke CO2-avgifta, men det er til gjengjeld utruleg viktig for at vi skal kome nokon veg på klima, seier NU-leiar Therese Hugstmyr Woie på telefon til Framtida.no og legg til:
– Så vi synest at akkurat det er ei fin avskjedsgåve frå regjeringa, men det er ein stor jobb som blir overlaten til den nye regjeringa.
I ei pressemelding opplyser regjeringa at dei i statsbudsjettet for 2022 kjem med ei rekkje styrkingar på klima- og miljøområdet, på til saman nærare 5 milliardar kroner.
Regjeringa kallar statsbudsjettet eit grønt budsjett, og føreslår mellom anna å auke CO2-avgifta med 28 prosent, det vil seie frå 591 kroner i 2021 til 766 kroner i 2022. Dei følgjer såleis opp sin eigen klimaplan for 2030, som inneber ei gradvis opptrapping av CO2-avgifta til 2.000 kroner per tonn.
– Denne auken er eit kraftig taktskifte i norsk klimapolitikk, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.
Leiaren i Natur og Ungdom meiner det ikkje er mykje anna enn avgiftsauken som bidreg til å farge statsbudsjettet grønt.
– Det står heilt i ro på løyvingar til natur, det blir gjort om lag ingenting for å bli mindre avhengig av olje, ein held fram oljeleitinga, seier Therese Hugstmyr Woie.
Ikkje tatt inn over seg naturkrisa
Regjeringa opplyser vidare at løyvinga til natur aukar med 49 millionar kroner. Regjeringa føreslår mellom anna å løyve 435,7 millionar kroner til skogvern. Det er om lag same nivå som i fjor.
Hugstmyr Woie i Natur og Ungdom er skuffa over at det ikkje er løyvd meir til naturen.
– Det at ein held fram med å gi store pengar til utbygging av store motorvegar er eit veldig godt døme på at ein ikkje har tatt inn over seg naturkrisa, slår ho fast.
Ærlig talt @jantoresanner, tenkte dere noe på naturkrsia da #statsbudsjett ble laget?
Skogvern: ingen økning
Naturkartlegging i kommunene: ingen økning
Restaurering av våtmark og myr: ingen økning
I tillegg går halvparten av pengene satt av til 2 saker— Natur og Ungdom (@NaturogUngdom) October 12, 2021
NU-leiaren vonar den nye Støre-regjeringa vil setje av meir pengar til at kommunar skal kunne kartlegge naturen.
– Eit veldig godt døme frå statsbudsjettet er at det berre er gitt 3 millionar på deling til alle kommunar til denne kartlegginga av all norsk natur, medan det er gitt 67 millionar berre til Oljedirektoratet for å kartlegge havbotnen og sjå kvar vi kan leite etter meir olje, seier Therese Hugstmyr Woie.
– Det er ei ganske skummel prioritering, eg synest ein godt kunne ha bytt om på dei to, held ho fram.
View this post on Instagram
Naturvernforbundet: – Begredeleg
Heller ikkje Naturvernforbundet er nøgd med naturprioriteringane i statsbudsjettet.
– Erna Solberg sitt siste statsbudsjett har fleire gode klimagrep, men sviktar i arbeidet for å stanse tap av naturmangfald. Vi forventar at Jonas Gahr Støre vil levere ein langt betre klima- og naturpolitikk enn dette, seier leiar Truls Gulowsen i ei pressemelding.
Gulowsen saknar ein betydeleg auke til mellom anna skogvern, kartlegging av natur og restaurering av natur.
– Naturbudsjettet er like begredeleg som før. Løyvingane til skogvern er ikkje eingong inflasjonsjusterte. Det verkar som regjeringa ikkje har forstått at vi også er i ei naturkrise.
- Les også meiningsinnlegget om FN-toppmøtet for naturmangfald: Vi har ikkje råd til ein ny naturfiasko