Senterungdom-leiar Nils Forren (25) skulle ønske han hadde meir tid til å svare på e-post. Eventuelt færre e-postar å svare på.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.
– Old Irish på Majorstua. The Scotsman. Heidi’s. Egon! You name it. Der er eg. Der er mine folk!
Då Framtida.no ved årsskiftet spurde Nils Forren, leiar i Senterungdommen, om kva som var hans største nedtur i 2024, svara han at han, etter å ha blitt vald som leiar for ungdomspartiet, vart nøydd til å flytte til Oslo.
No, åtte månadar seinare, står han framleis inne for det.
Nils Forren
Frå: Heim kommune i Trøndelag
Fødd: 02.08.2000
Parti: Leiar av Senterungdommen; Kommunestyrerepresentant for Senterpartiet
– Om eg gjer! Eg betalar enormt høg leigepris for eit bøttekott midt i sentrum. Eg er ikkje noko tilhengar av Oslo. Oslofjorden er ikkje akkurat noko badeparadis. Eg må ta trikk for å komme meg til skogen. Det er ingen plass til å køyre traktor eller drive jakt. Vel – det er ei skytebane i Bærum, seier han og himlar med augene.
Med sommarens debatt om IFO-ar, og i kva grad tilflyttarar til Oslo prøvar for hardt å framstå som kule og urbane, går Forren hardt ut i motsett retning:
– Eg gjer alt eg kan for å ikkje bli Oslo-innbyggar.
For mykje bak pulten
Aller helst skulle han hatt all mogleg tid til å reise landet rundt for å møte menneske, snakke med folk i distrikta om kva utfordringar dei møter på i kvardagen, og kva politiske grep ein kan gjere for å løyse dei. Han seier at det beste med å vere leiar er nettopp å få reise rundt og snakke politikk, besøke ulike plassar og arbeide med organisasjonen.
Diverre brukar han altfor mykje tid på å sitte på partikontoret og svare på e-postar. Den relativt ferske partileiaren i Senterungdommen har berre opplevd å vere leiar i eit valår, og det pregar også arbeidskvardagen hans. Han jobbar for å få saker i media, legg planar, og lagar sjølvsagt litt innhald til sosiale medium.
– Kva skulle du ønske du hadde meir tid til?
– Reising, svarar han.
– Eller – eigentleg treng eg meir tid til å svare på e-post.
– Eventuelt færre e-postar å svare på?
– Ja, og meir tid til alt det andre.
Ville verne grendeskulen
Heimgarden i Heim kommune i Trøndelag hadde ikkje lenger dyr då Nils Forren vart fødd. Rundt middagsbordet vart det ofte diskutert politikk, og faren i huset sat i mange år i kommunestyret for Senterpartiet.
Då han var 17 melde Forren seg inn i Sp. Han engasjerte seg for å verne grendeskulen han sjølv hadde gått på i barndommen frå å leggast ned. To år seinare, i 2019, fekk han spørsmål om å stille på liste til kommunevalet. Forren takka ja, Sp gjorde eit brakval, og slik hamna han inn i kommunestyret i Heim kommune.
– Sp torde å bruke pengar og satse i heile kommunen. Distriktspolitikken til Sp har vore veldig viktig for min del, seier Forren.
Også spørsmålet om vindkraft fyrte opp Forren, som ville kjempe mot utbygging av vindturbinar i heimkommunen.
Betre for dei unge
Det er framleis engasjementet for distrikta som driv han. Han vil at det skal vere mogleg å leve gode liv i heile landet, frå vogge til grav. Og som leiar i Senterungdommen har han særleg hjarte for nettopp dei unge.
– Høvet til utdanning er viktig. Det er ein del som går i feil retning, med sentralisering av barneskular, vidaregåande skular og høgare utdanning, seier han.
– Er det nokre saker du skulle ønske moderpartiet prioriterte høgare?
– Å gjere det lettare for yngre å ta over gardsbruk og jobbe i landbruksnæringa. For mange gardar er det vanskeleg å sjå lønsemda, eller investeringsbehovet er for høgt, slår han fast.
Løysinga, ifølge Forren, er at staten tar ein større del av rekninga når nokon til dømes vil bygge eit nytt fjøs
Valkampsdebut
Når Framtida møter Forren på partikontoret til Senterpartiet i Akersgata, er han nettopp tilbake i hovudstaden etter to veker med ferie heime i Trøndelag.
Tida har gått til å gå fjellturar, bade i sjøen, trene, spele piano, øve på trekkspel og lese bok i sola.
– Eg har vore heilt off. Så er eg heilt on no fram til valet. Eg trong nok å samle litt energi før valkampen, sjølv om eg også får energi av valkamp.
Innspurten mot valet vert sparka i gang med eit besøk på landsstemnet til Bygdeungdomslaget, før han skal på sommarturné med Trøndelag Senterungdom, og deretter sommarleir med senterungdommar frå heile landet på Senja.
I valkampen skal han også gå i debattar, mellom anna ein direktesend debatt med ungdomspartileiarane på NRK.
– Debatt er både artig og veldig vanskeleg. Du har lite taletid, så du må finne ut kva saker du skal markere deg i, kva du skal seie, kven du skal angripe og kven du vert angripen av. Det er alltid spennande å høyre etterpå kva folk i partiet synest. Men eg synest det er veldig artig!
– For lite næringsvenleg
– Er det nokre saker du er ueinig med partiet ditt i?
– Det synest eg er eit så vanskeleg spørsmål. Eg har fått det mange gonger. Mimir Kristjansson (i Raudt, red.mrk.) er så uredd for å seie sånne ting, kva han er ueinig i. Og det meiner eg – eg er sikkert ueinig i veldig mykje Sp-politikk personleg! Men eg går ikkje og fokuserer på det, så eg gløymer det, seier han.
Etter litt nøling kjem han likevel fram til eit svar:
– Vi har vorte litt for lite næringsvenlege når det gjeld privat eigarskap. I Senterpartiet snakkar vi mykje om nasjonal kontroll, og det er veldig bra. Men det betyr ikkje at det treng å vere staten som eig det. Når vi samarbeider med Ap og SV blir det mykje statleg eigarskap og statleg kontroll. Men det er ikkje det same som nasjonalt eigarskap. Skogen i Noreg, til dømes, er ikkje berre eigd av staten, men av små, mellomstore og store grunneigarar som har private interesser. Det har vore ei suksessoppskrift, seier han.
Synkande medlemstal
Senterungdommen har dei siste åra hatt ein markant nedgang i medlemstal – frå 2074 ved utgangen av 2019 til 1288 ved utgangen av 2024. Det er ein trend Forren håpar han kan bidra til å snu.
Han trur nedgangen har å gjere med regjeringsslitasje og uro i landbruket. Ei sak om talgrunnlaget for landbrukspolitikken fekk bøndene til å steile, og gjorde at mange melde seg ut av Sp i protest. Dette råka truleg også Senterungdommen.
– Det er trist, men det er ein måte å vise leiinga i Sp at politikken som vert ført ikkje er god nok, seier Forren.
For å snu skuta meiner han ein må auke den lokale aktiviteten i ungdomspartiet. Det skal vere artig å vere med i Senterungdommen, seier han.
– Det må skje ting lokalt, både politisk og sosialt, i heile landet.
Han viser til at Senterungdommen er ein livleg organisasjon med stort fokus på å få tillitsvalde inn i kommunestyre og fylkesting i heile landet, som kan slåst for sine grendeskular og kommunale tilbod. Til dømes var Emilie Enger Mehl aktiv i Senterungdommen då ho vart statsråd.
– Eg trur den viktigaste oppgåva vår er å få fleire folk på bygda til å bli engasjerte i politikk, og gjerne distriktsvenleg Sp-politikk, seier han.
«Pietistisk sjølvpining»
Parallelt med at Nils Forren vart valt til leiar av Senterungdommen i fjor, vedtok landsmøtet å satse vidare på oljeverksemd, koldrift på Svalbard og gruvedrift på havbotnen. Det var eit stemningsskifte i ungdomspartiet etter at forgjengaren til Forren, Andrine Seppola, åtvara Senterpartiet om å bli for «grått» i oljepolitikken.
– Er du ikkje bekymra for klimaendringar og naturtap?
– Noreg står for 0,06 prosent av verdas klimagassutslepp, svarar Forren, og utdjupar:
– Det er rasjonelt og bra å gå over til grøne løysingar, i eit klimaperspektiv. Men då må ein bygge ut nok energi til den industrien ein har.
Han viser til at Tyskland har tapt mange industriarbeidsplassar etter å ha lagt ned kolkraftverk, noko som har bidrege til framveksten av Alternative für Deutschland. Tyskland må deretter teikne kraftavtalar med land vi ikkje likar å samanlikne oss med. Medan Kina starta eitt kôlkraftverk i veka i 2023, vert Europa ein tapande verdsdel, seier han.
– Det kan vi ikkje bli. Då må vi ofre eit par ting. Europa vil vere avhengige av olje og gass i lang tid framover. Skal Russland eller Noreg produsere den gassen? Eg meiner Noreg. Og ja – det kjem til å vere dårleg for klima. Men alternativet er at vi kan verte endå meir avhengig av kinesisk teknologi, og få større kinesisk nærvær i Noreg, og det synest eg er veldig uheldig.
Den norske klimapolitikken har han ikkje mykje til overs for:
– Det er pietistisk sjølvpining. Eg er glad for at Sp, Høgre og Frp utlyste 26. konsesjonsrunde for å leite etter meir olje og gass.
– Sjølv om klimaforskarane seier at vi ikkje kan ta opp all den oljen vi allereie har funne, om vi vil hindre alvorlege konsekvensar?
– Vi må velje mellom to vonder. Og då må vi vere strategiske i vala vi gjer. Saudi Arabia, Russland og Qatar held framleis på. Det er dumt å gjere oss avhengige av dei i større grad.
– Det er sjølvsagt synd med klimautsleppa. Men dei totale utsleppa kjem ikkje frå Noreg; dei kjem frå andre land. Vi må sjølvsagt gjere vår del, og vi kan vere med på å finansiere utsleppskutt i andre land. Det er billigare og meir rasjonelt.
– Kva tenker du er det viktigaste Noreg kan gjere for klimaet?
– Vi bør produsere fleire varer og tenester i Noreg, og ha meir aktiv matproduksjon, med mindre shipping. Cargoskip brukar enormt mykje diesel. Uavgrensa frihandel er eit kjempeproblem for klimaet.
Dagleg påminning
Vi er åleine på Sp-kontoret. Møterommet vi held intervjuet i, heiter Borten, oppkalla etter Sp-ikon og tidlegare statsminister Per Borten. Dei andre i organisasjonen har teke ein tidleg ettermiddag, er på ferie, eller så er dei godt i gang med valkamp ein annan stad.
Berre Nils Forren sit igjen på kontoret. Men no skal han heldigvis snart ut.
– Dette blir min første valkamp som fulltids-frikjøpt politikar. Eg gler meg!
På pulten sin har Forren hengt opp ein plakat som er meint å motivere han, fyre han opp. Han nektar Framtida å fotografere plakaten, men vi kan nemne at den mellom anna rettar seg mot EU og andre Sp-fiendar.
– Dei utfordringane som ein kjenner på kroppen når ein bur i Distrikts-Noreg, forsvinn litt når ein flyttar til Oslo. Eg må alltid hisse meg opp og minne meg sjølv på kva eg slåst for, og kvifor eg slåst. Det er diverre altfor lett å miste seg sjølv i bobla.