Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Neste veke fell dommen – kven av dei blir statsminister, kven av dei kjem i regjering, kven av dei får plass på Stortinget?

Framtida.no har invitert alle partileiarane til å presentere seg sjølv gjennom «Då eg var 20»-spalta vår. Vi har ikkje fått svar frå Trygve Slagsvold Vedum og Sylvi Listhaug, men andre partikollegaar har steppa inn for dei.

Her blir du betre kjend med 7 partileiarar og 2 partipolitikarar!

Raudt: Moxnes besøkte sosialistpartiet i El Salvador

– Eg budde på Vålerenga med ein kompis, tok førebuande på Blindern og jobba på sjukeheim, fortel Bjørnar Moxnes.

Raudt-leiaren prøvde som 20-åring å lære seg spansk og møtte eldsjeler på den salvadoranske landsbygda.

– Vi besøkte sosialistpartiet då vi var i El Salvador, og fekk vere med på ei reise (bakpå ein pickup som køyrde i 120 km/t) til ein bitteliten landsby langt ut på bygda, der vi vart kjende med nokre eldsjeler som gjorde stort inntrykk med alt dei gjorde for lokalsamfunnet, minnest Raudt-leiaren.

I 2004 vart Raud Ungdom dømt for sivil ulydnad etter å ha publisert skulebøker gratis på nett. Ungdomspartiet meinte dommen var eit angrep på ytringsfridomen, og demonstrerte framfor Stortinget. Bjørnar Moxnes var då leiar i partiet. Som 20-åring var han òg medlem av ungdomspartiet, og han minnest at politikk ar ein viktig del av livet allereie då. 
Foto: Erlend Aas / NTB .

SV: Audun Lysbakken var skippertaksstudent med journalistdraum

– Midt på 90-talet hadde eg langt hår, gjekk rundt i ein slitt svart frakk, Dr. Martens-sko og høyrde på Cranberries.

Audun Lysbakken tenkjer tilbake til 1997, då han var 20 år gammal og student i Bergen. SV-leiaren var allereie politisk aktiv i ungdomspartiet og trudde det var mogleg å forandre verda.

På den tida tenkte han å bli journalist, og han studerte fransk grunnfag på universitetet.

– Men [eg] var nok mest ein skippertaksstudent. Eg var litt skulelei, og det var herleg å kunne bruke tid på andre ting. SU tok mykje tid, og det blei nok også ein god del seine kveldar i godt lag på den tida.

Audun Lysbakken som ung. Foto: Privat

AP: Jonas Gahr Støre var befal i Marinen – og digga Hair-filmen

– Eg var i militæret. Då eg runda 20, var eg befal på ein minesveipar og busett i Bergen, etter å ha gått befalskulen på Sjøkrigsskolen rett etter vidaregåande.

Etter stortingsvalet 13. september kan det bli avgjort om Jonas Gahr Støre blir statsminister. Som 20-åring var han ikkje aktiv medlem i noko parti eller politisk organisasjon.

– Men eg var politisk interessert og engasjert. Og det var på dette tidspunktet eg bestemte meg for å prøve eit år i Frankrike etter militærtenesta – og slik blei det, og eitt år blei til fire.

Støre avslører vidare at favorittfilmane hans var Hjortejegeren og Hair.

Jonas Gahr Støre. Foto: privat

Sp: Jan Bøhler var aktiv i Rød Front og jubla over EU-nei

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum hadde ikkje tid til å svare i «Då eg var 20»-spalta, men partikollega Jan Bøhler fann tid.

Politikaren frå Grorudalen sjokkerte mange då han i 2020 gjekk frå Arbeidarpartiet til Senterpartiet. Han kan avsløre at han har enda eit parti på CV-en. Som 20-åring, i 1972, var Bøhler aktiv i Rød Front.

Den mest dominerande saka for Jan Bøhler og alle han kjende då var folkerøystinga om EEC eller EF, som i dag heiter EU.

– Ei av dei aller største gledesstundene eg har hatt var 25. september og påfølgjande natt då vi vann med 53,5 prosent av stemmene.

Jan Bøhler. Foto: privat

MDG: Une Bastholm la partipolitikken til side for Press

I dag er Une Bastholm partileiar i Miljøpartiet Dei Grøne, og deira einaste stortingsrepresentant. Men som 20-åring var det organisasjonslivet som gjaldt.

– Då hadde eg pause frå partipolitikken, men jobba mykje politisk gjennom Press, med tema som kontroll med Noregs våpeneksport, asylbarns rettar og psykisk helse for barn og unge. Eg var også blitt miljøengasjert på det tidspunktet.

MDG-politikaren fortel at ho levde veldig intenst på den tida. Ho innrømmer at ho kanskje hadde vore litt misunnleg om ho hadde møtt 20 år gamle seg.

– Då ville eg nok tenkt at eg hadde veldig mykje fridom og var på ein stad i livet med mykje overskot og rom til å tenkje lange tankar.

Une Bastholm på tur til Reyklavik saman me systera si. Foto: privat

KrF: Kjell Ingolf Ropstad flytta til Oslo og budde i kollektiv med kompisane

– Dei sterkaste minna er frå då eg dimma frå militæret, og fyrste gong eg gjekk inn på Universitetsplassen som ny student. I tillegg har eg fleire minne frå valkampen og valnatta det året, fortel Kjell Ingolf Ropstad.

Då KrF-leiaren var 20 år gammal hadde han starta å studere juss og ville bli advokat. Men politikken var òg ein stor del livet til Rpostad då. Han fortel at han var mykje på KrFU-kontoret, og ikkje så mykje på lesesalen.

Han fortel vidare at han budde saman med kompisane, og det gjekk med ein del tid til å spele fotball og FIFA.

– Det var veldig spennande å flytte til Oslo, mykje var nytt og ukjend. I den perioden var kameratane mine frå vidaregåande veldig viktige for meg. 

Kjell Ingolf Ropstad (20) var tidenes yngste møtande KrF-representant på Stortinget i 2006. Her var han for første gong til stades under spørjetimen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Venstre: Guri Melby var hekta på «Big Brother» og opplevde verda bli forandra

– Eg syntest det var veldig spanande å flytte heimanfrå, og eg elska å få studere, fordjupe meg i fag eg valde heilt sjølv, og berre vandre rundt i gangane på Dragvoll og føle meg som del av noko eg fram til då berre hadde sett opp til, skriv Melby.

Men det var ikkje berre politikk og studium som opptok Venstre-leiaren som 20-åring.

– Eg hugsar eg var skikkeleg inne i den første sesongen av «Big Brother», som gjekk på TV den vinteren. Etter det har eg eigentleg ikkje tort å sjå noko særleg reality-TV i frykt for å bli hekta og bruke alt for mykje tid på det!

Det sterkaste minnet Guri Melby har frå det året ho var 20, er terroråtaket 11. september 2001.

– Då eg la meg den kvelden var eg frykteleg skremd og tenkte at no blir verda aldri den same.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby. Her på Deichman Bjørvika. Foto: Berit Roald / NTB

Høgre: Erna Solberg studerte sosiologi og ville redde verda

– Eg var leiar i Bergen Unge Høgre, det var valår – det blei mykje politikk.

Allereie som 20-åring spelte politikken ei stor rolle i livet til Erna Solberg, som då studerte sosiologi ved Universitetet i Bergen.

Men den noverande statsministeren kan avsløre at ho som 20-åring ikkje visste kva ho skulle bli i livet.

– Eg hugsar eg var vitelysten, diskusjonsglad – skulle forandre Noreg til ein friare, betre stad og redde verda, minnest ho, og utdjupar at ho var optimistisk, med stor framtidstru.

Solberg var komen tilbake til Bergen etter å ha vore leiar for Operasjon Dagsverk, noko som mellom anna førte ho til Jamaica.

– Diskusjonene vi hadde i Operasjon Dagsverk var med på å modne mitt politiske syn, fortel Erna Solberg på Operasjon Dagsverk sine nettsider. Her er ho i Jamaica i 1979. Foto: Privat

Frp: Aina Stenersen var støttekontakt og sjølverklert skule-nerd

– Balansen mellom jobb, politikk, studium og eit sosialt liv var mildt sagt konsekvent skeivfordelt, minnest Aina Stenersen frå tida som 20-åring.

Stenersen fortel at dagane blei brukt på lesesalen på studiet og på jobb som støttekontakt. I dag er Framstegsparti-politikaren leiar av Helse- og sosialutvalet i Oslo kommune og 3. stortingskandidat i Oslo i 2021.https://framtida.no/2021/03/22/da-eg-var-20-siv-jensen-ville-starte-bedrift-og-jobba-pa-utestad

Det sterkaste minnet Stenersen har frå då ho var 20 år, er at eit virus prega verda.

– Merkeleg nok, framveksten av sarsviruset. Det er litt rart å tenke på i dag, skriv Stenersen, og siktar sjølvsagt dagens koronapandemi.

Aina Stenersen som student. Foto: privat


Til venstre ser vi 20 år gamle Siv Jensen. Foto: privat/Framstegspartiet