Då eg var 20: Frp-politikar Aina Stenersen var støttekontakt og sjølverklert skule-nerd

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Balansen mellom jobb, politikk, studium og eit sosialt liv var mildt sagt konsekvent skeivfordelt.

Aina Stenersen skildrar kvardagen som 20-åring som hektisk. Dagane blei brukt på lesesalen på studiet og på jobb som støttekontakt. Oslo-politikaren fortel at ho var veldig oppteken av studium, og gjekk på Universitetet i Oslo og på Handelshøgskulen BI samstudentes, for sjekke forskjellane.

– Så etter kvart på Høyskolen Kristiana og så etter kvart tok eg Excectuive Master of management på BI.

I dag er Framstegsparti-politikaren leiar av Helse- og sosialutvalet i Oslo kommune.

– Eg er like opptatt av helse som eg var då eg var 20 år, skriv ho på e-post til Framtida.no, og viser til at ho jobba som støttekontakt.

Aina Stenersen som student. Foto: Privat

Virus-år

Men 2003, året då Stenersen blei 20 år, er ei einaste stor smørje. Oslo-politikaren fortel at ho farta frå det eine til det andre.

– Eg var yngre og mykje meir dynamisk på den tida kontra no, så skulle eg balansert alt det der no, hadde eg rabla.

Det sterkaste minnet Aina Stenersen har frå då ho var 20 år, er at eit virus prega verda.

– Merkeleg nok, framveksten av sarsviruset. Det er litt rart å tenke på i dag, skriv Stenersen, og siktar sjølvsagt dagens koronapandemien.

Sarsviruset som førte til ein global epidemi i 2002-2003 var òg eit koronavirus, i slekt med viruset som pregar kvardagen vår no, men den gong lyktast ein med å slå ned smitten raskare.

Valen TV og Nytt på Nytt

Den viktigaste personen i livet hennar på den tida var bestevenninna Siva.

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Nope!

Som student las Aina Stenersen mykje pensum, men det blei òg tid til litt anna underhaldning.

– Og vekeblad, nyheiter, skjønnlitteratur. På tv var det «Valen TV» og «Nytt på Nytt».

– Ikkje ver så nerd

FrP-politikaren visste ikkje kva ho skulle bli i livet då ho var 20.

– Men eg var glad for alle moglegheitane som fanst, og elska å hente inn studiebrosjyrar og sjekke ut studiestadar på nettet, minnest ho.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg var positivt innstilt til framtida samstundes som eg var utolmodig og ville at ting skulle skje fort.

Aina Stenersen skildrar seg som ein studie-nerd. Her frå då ho leverte masteren sin på BI. Foto: privat

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Nerd!

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ikkje ver så nerd, slapp av litt, nyt livet.


Kjell Ingolf Ropstad (20) var den yngste møtande Krf-representant gjennom tidene på Stortinget i 2006. Her var han for fyrste gong til stades under spørretimen. Foto: Astrid Waller, NTB / Håkon Mosvold Larsen.