Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var relativt fersk student, og eg hugsar at det var ei ganske heftig oppleving.

Guri Melby mimrar tilbake til 2001, då ho var 20 år gamal og student i Trondheim. Den framtidige kunnskapsministeren frå Orkdal studerte då på Dragvoll ved NTNU, og tok engelsk grunnfag det året.

– Eg syntest det var veldig spanande å flytte heimanfrå, og eg elska å få studere, fordjupe meg i fag eg valde heilt sjølv, og berre vandre rundt i gangane på Dragvoll og føle meg som del av noko eg fram til då berre hadde sett opp til, skriv Melby i ein e-post til Framtida.no.

Campus Dragvoll. Foto: Lena Knutli/NTNU

Frå lærar til kunnskapsminister

Guri Melby tok mastergrad i nordisk og har jobba som mellom anna lærar, høgskulelektor, rådgjevar i Kunnskapsdepartementet og vore leiar for styret for Språkrådet. Ho har i tillegg hatt mange politiske verv for Venstre.

13. mars 2020 blei Melby utnemnd kunnskaps- og integreringsminister. Det var på same tid som Noreg stengde ned for første gong under koronapandemien. Sidan har vi sett ho på tallause pressekonferansar, der ho har leia skule-Noreg gjennom pandemien.

Men allereie som 20-åring var politikken ein del av livet til orkdalingen.

– Eg var lokalpolitikar i heimkommunen min Orkdal på den tida, og pendla dit på kommunestyremøte og gruppemøte jamt og trutt, men det viktigaste i livet mitt på den tida var nok vennar og studium.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby på ein pressekonferanse. Foto: Statsministerens kontor

I september 2020 blei Melby offisielt vald til ny leiar av Venstre etter forgjengaren Trine Skei Grande.

Var hekta på «Big Brother»

Det var ikkje berre politikk og studium som opptok Venstre-leiaren som 20-åring.

– Eg hugsar eg var skikkeleg inne i den første sesongen av «Big Brother», som gjekk på TV den vinteren. Etter det har eg eigentleg ikkje tort å sjå noko særleg reality-TV i frykt for å bli hekta og bruke alt for mykje tid på det!

Melby er òg Rosenborg-supportar, og 2001 var eit godt år for laget hennar.

– Som trufast RBK-tilhengar hugsar eg også godt at eg fekk vere til stades på 1-1-kampen mot Juventus på Lerkendal, minnest ho.

Guri Melby hugsar godt då Rosenborg spelte uavgjort mot det italienske storlaget Juventus i Champions League på Lerkendal i 2001. Her jublar spelarane etter at Bent Skammelsrud (midten) sette inn 1-1 på straffe. Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Akkurat då var det nok kjærasten min, Jan Ole.

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Eg trur eg hadde ein stor fest saman med barndomsvenninner frå Orkdal, men eg er neimen ikkje sikker.

– No blir verda aldri den same

Foto: AP Photo/Patrick Sison

Det sterkaste minnet Guri Melby har frå det året ho var 20, er terroråtaket 11. september 2001.

Nesten 3000 menneske miste livet då to kapra fly krasja inn i «tvillingtårna» World Trade Center i New York. Eit fly blei i tillegg styrta i Pentagon, medan eit fjerde fly blei styrta i Pennsylvania.

Terroråtaket blei dekt direkte på TV etter at det første flyet hadde krasja i World Trade Center.

– Dette var før smarttelefonane si tid, så eg hugsar vi stimla saman på kafeen på Dragvoll foran tv-skjermane og såg nyhetssendingane, heilt forskrekka, fortel Melby, og legg til:

– Då eg la meg den kvelden var eg frykteleg skremd og tenkte at no blir verda aldri den same.

Følte seg usikker

Som 20-åring visste ikkje Guri Melby kva ho skulle bli i livet, men ho fortel at det nok alltid låg ein tanke i bakhovudet om at ho skulle bli lærar, noko ho også blei.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Den nyvunne fridomen var fantastisk, men eg må også innrømme at eg følte meg ganske usikker og utrygg, og eg syntest det var ganske vanskeleg å bli kjent med nye folk, seier Venstre-leiaren og utdjupar:

– Eg var nok meir sjenert på den tida enn eg er no.

Melby kan òg avsløre at ho aldri har vore spesielt god på å planlegge livet, og at ho i større grad har følgt innfallsmetoden og studert det ho har hatt lyst til og gripe dei moglegheitene ho har fått.

Dersom ho skulle gitt den yngre versjonen av seg sjølv råd, ville ho sagt at ho er like smart og dyktig som medstudentane sine.

Du har akkurat dei same moglegheitene til å lykkast sjølv om dei har foreldre med lengre utdanning enn dine, og sjølv om dei framstår som meir sjølvsikre enn deg.

– Pust med magen, smil og ha det gøy, det kjem til å gå bra!


Som 20-åring var Audun Lysbakken leiar i Bergen SU. Foto: Svein Olav Langåker, Privat.