Då eg var 20: Audun Lysbakken var skippertaksstudent med journalistdraum

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Midt på 90-talet hadde eg langt hår, gjekk rundt i ein slitt svart frakk, Dr. Martens-sko og høyrde på Cranberries.

Audun Lysbakken tenkjer tilbake til 1997, då han var 20 år gammal og student i Bergen.

– Eg var russ året før, og blei verande i heimbyen for å studere. På den tida tenkte eg å bli journalist, sjølv om eg også dreiv med politisk arbeid og var leiar i Bergen Sosialistisk Ungdom, skriv SV-leiaren på e-post til Framtida.no.

Familiekjær skippertaksstudent

Endå han fekk prøve seg som journalist i Klassekampen i nokre år på starten av 2000-talet, så var det politikken som enda opp med å ta over arbeidskvardagen til Audun Lysbakken.

Han kom inn på Stortinget for første gong i 2001, var statsråd i den andre Stoltenberg-regjeringa frå 2009 til 2012 og har sidan 2012 vore leiar i Sosialistisk Venstreparti.

I 1997 studerte han derimot fransk grunnfag på universitetet.

– Men [eg] var nok mest ein skippertaksstudent. Eg var litt skulelei, og det var herlig å kunne bruke tid på andre ting. SU tok mykje tid, og det blei nok også ein god del seine kveldar i godt lag på den tida.

Audun Lysbakken som ung. Foto: Privat

Audun Lysbakken vart leiar i lokallaget Bergen SU i 1996 og steig i gradene heilt til han vart nestleiar i Sosialistisk Ungdom nasjonalt i 2000.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Det var mor mi. Ho og eg og lillebroren min var ein tett liten familie. Eg mista far min då eg var seksten, og er evig takksam for at eg hadde ei mor som klarte å gjere åra etterpå trygge for oss.

Diana og Brasil-siger

SV-leiaren hugsar ikkje sin eigen 20-årsdag, som han vonar var ei god feiring, men han hugsar godt kva som hende elles i verda. I 1997 hadde Audun Lysbakken ein liten jobb som sekretær for skulevala i SV i Hordaland:

– Valkampen blei amputert fordi prinsesse Diana døydde midt i innspurten, det gjorde jo stort inntrykk på folk, minnest han.

Det sterkaste minnet han har frå då han var 20 er likevel frå sommaren etter, og frå den store fotballbragda då Noreg slo Brasil i VM.

– Eg var i ein bryllaupsfest den kvelden, og festen måtte ta pause for å sjå kampen, etterpå var stemninga euforisk.

Både på ut utanfor bana stod jubelen i taket då Noreg slo Brasil under fotball-VM i Frankrike.
Foto: Erik Johansen / Scanfoto / NTB

– Stolt over kven eg var

Bergensaren drøymde om å verte journalist og fekk i 1998 sin første journalistjobb, som sommarvikar i Klassekampen.

– Eg hugsar blant anna at eg var i Stor-Elvdal og laga reportasje med ein bonde som skulle leite etter sauer som var slått i hel av bjørn. Det gjorde inntrykk på meg, minnest SV-leiaren.

Audun Lysbakken frå tida i Sosialistisk Ungdom. Foto: Privat

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville kanskje tenkt at han var litt skråsikker på ein del ting. Men aller mest er eg stolt over kven eg var som 20-åring. Eg trudde det var mogleg å forandre verda, skape meir rettferd og stanse miljøkrisa, og ville kjempe for det. Det trur eg framleis.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ikkje ta alle tilbakeslag så alvorleg. Du har plenty av tid til å rette dei opp.


Til venstre er 18 år gamle Hadia Tajik fotografert til bokdebuten i 2001. Til høgre er årets portrett frå Tiden Forlag. Foto: Tone Gregersen og Pål Laukli, Tiden Forlag