Då eg var 20: Bjørnar Moxnes besøkte sosialistpartiet i El Salvador

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg budde på Vålerenga med ein kompis, tok førebuande på Blindern og jobba på sjukeheim, fortel Bjørnar Moxnes på e-post til Framtida.no.

Den 39 år gamle Raudt-leiaren mimrar tilbake til då han var 20 år.

I 2001/2002 var vennane hans dei viktigaste personane i kvardagen, og Moxnes visste endå ikkje kva han skulle verte i livet.

Første raudtrepresentant på Stortinget

Bjørnar Moxnes er oppvaksen på Nordstand i Oslo, og har ei mastergrad i sosiologi frå UiO i bagasjen.

Han tok sine første steg inn i partipolitikken då han gjekk på Oslo Katedralskole og melde seg inn i Raud Ungdom, ungdomspartiet som òg tok opp ein del av kvardagen hans som 20-åring:

– Politikk var ein veldig viktig del av livet mitt, som det er i dag, minnest 39-åringen.

I 2004 vart Raud Ungdom dømt for sivil ulydnad etter å ha publisert skulebøker gratis på nett. Ungdomspartiet meinte dommen var eit angrept på ytringsfridomen, og demonstrerte framfor Stortinget. Bjørnar Moxnes var då leiar i partiet.
Foto: Erlend Aas / NTB .

Moxnes var leiar i ungdomspartiet frå 2004 til 2006, og tok seinare steget opp i Raud Valallianse.

Då partiet Raudt vart stifta i 2007, etter at både Raud Valallianse og Arbeidernes kommunistparti la ned som åtskilde parti og kreftene gjekk saman, vart Moxnes vald inn i landsstyret.

Fem år seinare vart Bjørnar Moxnes partileiar, og i 2017 vart han Raudt sin første stortingsrepresentant nokosinne.

På tur til den salvadoranske landsbygda

Då han var 20 år gammal prøvde Moxnes å henge med på studiet, men han og ein kamerat drog òg til Latin-Amerika og skapte minne for livet.

– Vi besøkte sosialistpartiet då vi var i El Salvador, og fekk vere med på ei reise (bakpå ein pickup som køyrde i 120 km/t) til ein bitteliten landsby langt ut på bygda, der vi vart kjende med nokre eldsjeler som gjorde stort inntrykk med alt dei gjorde for lokalsamfunnet, minnest Raudt-leiaren.

Santa Tecla, El Salvador. Foto: Diego Brito. CC BY SA 2.0

Eduardo Galeano

– Kva las du/såg du på/lytta du til?

– Eg hugsar at eg las boka Latinamerikas åpne årer av Eduardo Galeano i samband med reisa. Og prøvde å lære spansk, men akkurat det gjekk sånn passe.

Aldri gje opp

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– At eg ville bidra til ei betre verd.

Om Bjørnar Moxnes i dag hadde møtt seg sjølv som 20-åring hadde han tenkt at «han der var ein hyggeleg og litt veslevaksen kar».

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Aldri gje opp.


Som 20-åring var Audun Lysbakken leiar i Bergen SU. Foto: Svein Olav Langåker, Privat.