Stortingspolitikaren er litt misunneleg på livet ho levde som 20-åring.

– Eg budde på ein trong hybel, byrja ofte dagane med å dra på Blindern for å lese, og så jobba eg. Eg var veldig aktiv i Press – Redd Barna Ungdom.

Une Bastholm mimrar tilbake til 2006, året ho var 20 år. Det året arbeidde politikaren frå Trondheim først i barnehage, før ho til hausten byrja å studere statsvitskap på Blindern ved Universitetet i Oslo.

I dag er Bastholm partileiar i Miljøpartiet dei Grøne, og deira einaste stortingsrepresentant. Fram til 2020 var ho ein av to nasjonale talspersjonar i partiet.

Bastholm kom inn i politikken som 14-åring i AUF, men som 20-åring var det organisasjonslivet som gjaldt.

– Då hadde eg pause frå partipolitikken, men jobba mykje politisk gjennom Press, med tema som kontroll med Noregs våpeneksport, asylbarns rettar og psykisk helse for barn og unge. Eg var også blitt miljøengasjert på det tidspunktet.

Levde intenst

MDG-politikaren fortel at ho levde veldig intenst på den tida.

– Eg kosa meg med studia, drakk øl på studentpuben, og hadde ein sidejobb som sekretær for Barneforum, som jobbar for å fremje barns rettar og forsking for barn. Samstundes hadde eg byrja å planleggje utvekslingsår til Tyskland.

Une Bastholm på tur til Reyklavik saman med systera si. Foto: privat

Bastholm er utdanna ved Universitet i Oslo, Universität Potsdam i Tyskland og Aberystwyth University i Wales, og har ein master i internasjonal sikkerheitspolitikk. Ho har jobba i mellom anna Naturvernforbundet og Dyrevernalliansen, i tillegg til å ha drive eigen miljøvenleg daglegvarebutikk.

Bastholm innrømmer at ho kanskje hadde vore litt misunnleg om ho hadde møtt 20 år gamle seg.

– Då ville eg nok tenkt at eg hadde veldig mykje fridom og var på ein stad i livet med mykje overskot og rom til å tenkje lange tankar. Ville kanskje vore litt misunneleg sidan eg har mange daglege forpliktingar med to små barn no.

Dansa til Timberlake

Første halvåret som 20-åring las Une Bastholm mykje skjønnlitteratur. Det gjekk mellom anna i Isabel Allende si bok Åndenes hus og romanen 100 års ensomhet av Gabriel García Márquez.

– Frå hausten blei det jo berre pensum! I exphil, innføring i politisk og analyse og samanliknande politikk og metode. Og nyheiter. Og eg dansa til Justin Timberlake på studentpuben!

Justin Timberlake gav ut megahiten SexyBack i 2006.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

Mamma.

2021-versjonen av Une Bastholm. Foto: MDG

Uredd og nysgjerring

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– At eg flytta til Oslo og å byrja å studere på Blindern, dei første dagane der.

Bastholm avslører at ikkje visste kva ho skulle bli i livet som 20-åring.

– Eg tenkte jo berre at eg hadde lyst til å drive med noko eg var interessert i, og at eg ville utforske og oppleve og reise og studere i utlandet. Eg var open og nysgjerrig, svolten på nye opplevingar og kunnskap! Eg var nok veldig uredd.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Hald kontakta med dine beste vennar og den nærmaste familien din.


Les også: Då eg var 20: Jonas Gahr Støre var befal i Marinen – og digga Hair-filmen

Jonas Gahr Støre før og no. Foto: Lise Åserud / NTB
Oppdatert: måndag 6. september 2021 13.17
ANNONSE