Då eg var 20: Jan Bøhler var aktiv i Rød Front og jubla over EU-nei

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg gjorde vaktmeister-tenester til gjengjeld for hybelen vi leigde, minnest Jan Bøhler.

Han tenkjer tilbake til då han var 20 år gammal i 1972, og tok ex.phil ved Universitetet i Oslo. Seinare same året drog han på rekruttskule og vernepliktig-teneste.

Han visste enno ikkje kva han skulle verte i livet, og den viktigaste personen i kvardagen var ho han då var forlova med.

Frå Raud Valallianse til Arbeidarpartiet til Senterpartiet

Politikken har definert mykje av vaksenlivet til Jan Bøhler. Frå 2005 og til 2020 var Jan Bøhler stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, og var ein synleg profil for partiet.

Det var difor ei stor overrasking for mange då han i oktober i fjor melde overgang til Senterpartiet. Fleire tidlegare Ap-kollegaar var sterkt kritiske til valet, men Bøhler sjølv fortalde at han framleis ville arbeide for dei same sakene og dei same menneska som han har gjort tidlegare.

Allereie som 20-åring var Bøhler politisk aktiv, men då var det verken Arbeidarpartiet eller Senterpartiet han engasjerte seg i:

– Eg var aller mest engasjert i saker – kampen mot EEC og mot Vietnam-krigen og støtte til streikande arbeidarar. Samstundes var eg aktiv i Rød Front på universitetet som slo De konservative i vala i Studentersamfunnet, minnest han.

Frå slutten av 60-talet og utpå 70-talet var det fleire demonstrasjonar i Noreg mot Vietnamkrigen. Dette bilete er frå Vietnam-demonstrasjon utanfor Utanriksdepartementet i mars 1970. Mange ungdommer stilte opp med plakater med tekster som «Seier for FNL», «Bryt med Saigon-juntaen» og «Bekjemp USA imperialismen».
Foto: NTB / NTB

Bøhler fortel at fronten var knytt til den såkalla ml-rørsla og var ein del av miljøet som vart til Raud Valallianse og i vår tid partiet Raudt.

– Eg forlot RV rundt 1975-76, og tok seinare eit oppgjer med den autoritære rørsla i ein stor debatt i Dagbladet sommaren 1978.

Jubla over nei

Den mest dominerande saka i 1971/72 for Jan Bøhler og alle han kjende var folkerøystinga om EEC eller EF, som i dag heiter EU.

– Same kor vi var og kva vi gjorde mobiliserte vi til ho døgnet rundt, minnest Bøhler.

Det sterkaste minnet frå det året, er frå då resultatet i folkeavstemminga tippa fram og tilbake. Ifølgje Bøhler kunngjorde Morgenbladet at det kom til å verte ja – det motsette av kva Bøhler ynskte:

– Men imot prognosane var det så mange nei-stemmer også i Oslo at det til slutt vart eit ganske klart nei langt utpå natta.

Folkeavstemmingen om medlemskap i det Europeiske Fellesskap EF. Her frå valvaka i NRK studio med barometeret som viser korleis Ja og Nei-sida står. På bilete visar pila praktisk talt dødt løp mellom fløyane.
Foto: NTB / SCANPIX

– Ei av dei aller største gledesstundane eg har hatt var 25. september og påfølgjande natt då vi vann med 53,5 prosent av stemmene.

 «Kom igjen – eg er jo mykje sterkare enn deg»

Jan Bøhler hugsar ikkje sin eigen 20-årsdag, men minnest at ha lytta til Neil Young sitt album Harvest det året.

– Det gjorde også storfilmen Gudfaren 1 med Marlon Brando og Al Pacino. Eg las Knut Faldbakkens Insektsommer.

Desse tre stod for underhaldninga til Jan Bøhler i 1972.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg har aldri vore noko god til å planlegge framover. På godt og vondt har eg levd her og no, og lete det eine følgje det andre.

Om Jan Bøhler hadde møtt den 20 år gamle versjonen av seg sjølv hadde han tenkt: «Kom igjen – eg er jo mykje sterkare enn deg».

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ingen. Lev livet sånn du er og sånn det fell seg.


Som 20-åring var Audun Lysbakken leiar i Bergen SU. Foto: Svein Olav Langåker, Privat.