Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Politikken var meir på hobbybasis då. Eg var jo med for så vidt, men eg var ikkje så veldig aktiv.

Då Siv Jensen var 20 år, var politikken berre noko ho dreiv på med litt på sida. Ho studerte nemleg økonomi i Oslo, og hadde heilt andre tankar om framtida.

Men, det vart likevel politikken som skulle oppta mesteparten av Siv Jensen sitt vaksne liv.

Takkar for seg

Nyleg fortalde Framstegsparti-leiaren at ho ikkje tek attval til Stortinget, etter å ha styrt partiet i 15 år og vore stortingsrepresentant sidan 1997.

I tida som partileiar har Jensen tatt Frp inn i regjering for første gong, og seinare ut av regjering igjen. Partiet har hatt si største oppslutning nokosinne med Jensen ved roret. No opplever Frp dårlegare målingar.

At den profilerte partileiaren takkar for seg før haustens stortingsval kom kanskje overraskande på mange, men Jensen forklarar at det er eit gjennomtenkt val.

– Det kjennest veldig riktig. Det er ei tid for alt, og eg meiner at denne avgjerda er bra både for partiet og meg, fortel Jensen på telefon til Framtida.no.

På spørsmål om ho kjem til å sakne politikken, drar ho litt på det:

– Både òg. Eg kjem sikkert til det på ein måte, for det har vore ein stor del av livet mitt svært lenge, men no ser eg fram til å gjere andre ting i livet. 

På ein pressekonferanse 18. februar informerte Frp-leiar Siv Jensen om at ho trekker seg og ikkje stiller til attval i Stortinget. Foto: Berit Roald / NTB

Drøymde om eiga bedrift

Som 20-åring, i 1989, var Siv Jensen økonomistudent i Oslo. Det er ei utdanning som truleg var nyttig då ho seinare var Noregs finansminister frå 2013 til 2020.

– Ja, det har kome godt med sjølvsagt, men eg meiner det generelt er ei god utdanning å ha, for du kan bruke ho til svært mykje, reflekterer Jensen.

På den tida hadde ho derimot ikkje peiling på kva ho skulle bli i livet.

– Nei, svarar ho kontant.

– Det visste eg ikkje, ler ho.

Frp-politikaren avslører likevel at ho gjekk med ein liten gründer i magen.

– Eg hadde mange planar! Eg gjekk nok for det meste og sysla om å starte ei eiga bedrift på det tidspunktet, men etter kvart så tok jo politikken meg, og då blei det eit litt anna vegval etter kvart. Men eg studerte som sagt med mål for auget om å starte noko for meg sjølv.

Men så langt som å ha ein plan for akkurat kva det skulle bli, hadde ho ikkje kome.

– Eg gjekk meir og lefla med tanken.

Ein aktiv student

Jensen hugsar tilbake på studietida som ei fin tid.

– Eg hadde det som for 20-åringar flest, antar eg. Eg hadde det bra, var lukkeleg, hadde framtida framføre meg og studerte og festa litt. Og eg trente mykje, eg var ei aktiv ung jente, minnest ho.

Ho fortel at ho òg jobba mykje ved sidan av skulen og studia.

– Du, det var mykje forskjellig eg jobba med! Eg jobba på ein del utestadar og barar. Eg gjorde eigentleg alt som var mogleg for å få spedd på studieinntektene, ler ho. 

Siv Jensen synest tida som 20-åring var ei fin tid, og fortel at ho var ei aktiv ung jente. Foto: privat

Tøff tid

Det sterkaste minnet frå då Siv Jensen var 20 år, er at ho mista faren sin.

– Det var mykje som skjedde i livet mitt på det tidspunktet. Eg mista faren min på hausten då eg var 20. Det er jo ein vanskeleg ting å oppleve når ein er såpass ung, fortel ho.

Den viktigaste personen på den tida var mor hennar.

– Mamma har alltid vore den viktigaste personen i livet mitt, og det er ho framleis. Vi har eit veldig nært forhold og har ingen hemmelegheiter. Vi delte og deler det meste den dag i dag.

Ho skildrar barndomsheimen som ein svært open heim, der alle venar alltid var inviterte inn.

– Eg og venane mine treivst veldig godt med det, minnest Jensen.

Siv Jensen fortel at ho og mora har eit svært tett band. Her får Siv Jensen ein klem av mora Monica Kjelsberg under Frp si valvake under Stortingsvalet i 2013. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Abba-fan

Siv Jensen må innrømme at ho ikkje hugsar 20-årsdagen sin. Derimot hugsar ho godt musikken ho lytta til på den tida.

– Det gjekk nok mykje i Prince og Madonna. I tillegg var og er eg ein stor Abba-fan, så eg høyrde nok mykje på Abba! Eg høyrde vel mykje på Toto også.

Som student hugsar ho at det av lesestoff for det meste gjekk i faglitteratur.

– Men kva eg såg på, hugsar eg det? When Harry met Sally var vel ein av filmane som kom på den tida, konkluderer ho.

Dropp etterpåklokskapen

Siv Jensen fortel at det var mykje ho som 20-åring gjekk rundt og drøymde om.

– Alt frå å reise mykje rundt omkring i verda, til å etablere seg. Den første bustaden hugsar eg at eg var veldig oppteken av. 

Hadde ho møtt seg sjølv på den tida, ville ho tenkt at 20 år gamle Siv Jensen har mykje att å lære, seier ho med latter i stemma.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Etterpåklokskap er ein vitskap som ikkje er verd så mykje. Eg tenkjer jo at alle som er unge i dag må følgje si eiga magekjensle og sine eigne draumar. Det gjorde eg òg. 


Til venstre er 18 år gamle Hadia Tajik fotografert til bokdebuten i 2001. Til høgre er årets portrett frå Tiden Forlag. Foto: Tone Gregersen og Pål Laukli, Tiden Forlag