Over 1100 studentar vil spleisast med ein venn: – Skjønte no at vi måtte ta saka i eigne hender

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 27.01.2021 14:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har vore mykje snakk om einsemd under pandemien, men dei konkrete tiltaka har i stor grad uteblitt. Vi skjønte no at vi måtte ta saka i eigne hender.

Det fortel Karen Mjør, leiar i Studentersamfundet i Trondhjem, i ei pressemelding.

Førre veke lanserte studentorganisasjonen eit nytt tilbod som skal gjere det enklare å få vennar i studiebyen medan koronapandemien herjar: Studentenes store vennespleising.

Responsen har vore over all forventning.

– Vert litt einsamt til tider

– Før pandemien var det mykje aktivitet med mellom anna Samfundet og UKA, og ein hadde mange fleire mogelegheiter til å treffe folk. Det saknar eg veldig, seier Elly Emma Hesjevik i pressemeldinga.

20-åringen er ein av studentane som har meldt seg på den komande vennespleisinga.

Ho har allereie studert i Trondheim i eitt år, og er ein av dei heldige som allereie har gode venner i byen og bur i eit kollektiv ho trivst i.

– Det har likevel vorte mindre sosialt enn eg er van med, så då kan ein kjenne på at det vert litt einsamt til tider, fortel studenten.

Éin av tre studentar er einsame

Pandemien har gjort det vanskeleg for studentar å stifte nye bekjentskap, då mange av dei tradisjonelle møteplassane har forsvunne som følgje av koronarestriksjonane.

Ei undersøking frå Folkehelseinstituttet i midten av desember synte at éin av tre studentar føler seg einsame under pandemien. Samstundes synte ei undersøking frå oktober at heile 70 prosent av dei under 30 år sakna kontakt med andre.

Kommunikasjons- og innsamlingssjef i Mental Helse Ungdom, Line Toft. Foto: Mental Helse Ungdom

Mental Helse Ungdom fortalde Framtida.no i november at dei har opplevd eit auka press på tenestene dei tilbyr, og etterlyste ein beredskapsplan for psykisk helse:

– Vi er ganske slitne av å prøve å lappe saman eit tilbod som skulle vore dekt av skattepengane, sa Line Toft frå Mental Helse Ungdom til Framtida.no då.

Framleis er tilrådinga frå styresmaktene at ein skal halde seg mest mogeleg heime, og unngå å ha for mange nærkontaktar.

Dei nasjonale retningslinjene tilseier òg at alle universitet, høgskular og fagskular i landet bør bruke digital undervisning der det er mogeleg, men at i område utan høg smitte bør studentar få mogelegheit til fysisk og smittevenleg undervisning ein gong i veka.

Noregs største vennespleising?

Samfundetleiar Karen Mjør fortel at dei på førehand ikkje visste kor mange som ville vere interesserte i tilbodet, om det vart 3 eller 300 påmeldne. Då fristen gjekk ut søndag kveld hadde heile 1168 studentar meldt seg på – langt fleire enn arrangørane hadde turt å håpe på.

– Dette må vel kunne kvalifisere til Noregs største vennespleising, spekulerer Mjør i pressemeldinga.

Samfundetleiar Karen Mjør seier hjelpa frå studentsamskipnaden, NTNU og Velferdstinget har vore viktig for at dei har klart å nå så mange med tilbodet. Foto: Peder Skjelten

No går arrangørane i gang med å setje saman dei påmelde i grupper på tre til fire, for så å føreslå koronavenlege aktivitetar dei kan finne på saman.

Til Universitetsavisa fortel Mjør at dei fleste ynskjer å møtast fysisk, og at dei då legg opp til at møtene skal vere innanfor gjeldande smittevernsreglar, som å gå tur saman eller ete lunsj på campus.

– No er det så mange påmeldne at vi må få ræva i gir! seier Mjør til Universitetsavisa.


Caroline Clausen. Foto: Privat