Ny FHI-undersøking: Éin av tre studentar føler seg einsame

I ei ny undersøking frå Folkehelseinstituttet svarer éin av fire at dei ikkje er fornøgde med livet. Unge og åleinebuaende slit mest.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Psykisk helse og livskvalitet blir prega av smitteverntiltaka. Men framtidsoptimismen er høg, sannsynlegvis fordi folk veit at situasjonen er mellombels, og dei gler seg til det blir betre, seier seniorforskar Ragnhild Bang Nes ved Folkehelseinstituttet i ei pressemelding.

I ei ny undersøking som vart gjennomført blant 26.000 personar i fylka Oslo, Agder, Nordland og Vestland i november og desember, svarte mange at dei slit psykisk under pandemien.

Dystert tilstandsbilete

Her kjem det fram at 24 prosent av dei spurde er lite fornøgde med livet.

Samtidig seier 33 prosent av dei spurde studentane at dei er einsame.

Generelt for befolkninga er at dei som bur åleine og dei som har heimekontor, er meir einsame enn dei som bur med fleire eller er fysisk til stades på arbeidsplassen.

Delen som er lite fornøgd med livet og som er einsame, har auka i år samanlikna med i fjor.

Den psykiske belastninga er størst i Bergen og Oslo der smitteverntiltaka har vore mest omfattande.

– Tilstandsbiletet er litt dystert. Vi er overraska av at det ser såpass mørkt ut for mange. Vi hadde forventa større stabilitet i den psykisk helsa, supplerer seniorrådgivar Thomas S. Nilsen ved Folkehelseinstituttet.

Trur på framtida

Undersøkinga viser likevel at framtidsoptimismen er høg, spesielt blant unge.

Mange ser lyst på framtida og forventar å bli både meir fornøgde enn det dei er no og meir fornøgde enn det dei har vore før.

– Folk er nok klar over at framtida blir lysare, og det er viktig. Gjennomsnittsskåren på framtidsoptimisme er 8 på ein skala frå 0 til 10. Tilstandsbiletet her og no er urovekkjande, men det ser ut til å vere situasjonsavhengig, seier Bang Nes.

Skjermbilete frå vinnartalen til Isak Svarstad Ellefsen (17). Video: TaOrdet!