«Hjelp, kva om samfunnet opnar igjen?»

Ingebjørg Blindheim
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksten stod først publisert hjå Psyktærlig og på Instagram, og er sett om og gjengjeven med løyve frå forfattaren. 

No nærmar det seg eitt år med unntakstilstand for Noreg og resten av verda.

Eitt år med strenge restriksjonar, oppheta diskusjonar i kommentarfelt om dei som ikkje følgjer retningslinjene, ingen klemmar eller nærkontakt og konstant angst for å gjere noko feil, verte smitta eller bere smitten vidare til andre.

Eitt år med einsemd, livskriser og manglande hjelp for dei som slit. 

Vi veit allereie litt av dei skumle tala, som seier noko om konsekvensane.

Statistikk og grafikk: Rådet for psykisk helse

Eg har alltid sagt at eg håpar samfunnet snart opnar igjen. Men jo meir det nærmar seg, desto meir kjenner eg på kor mykje eg ikkje meiner det når eg seier det. Ikkje misforstå, eg vil at smitten skal gå ned. Eg vil for andre si skuld at samfunnet skal opne. Men eg kjenner at for meg, så vert det vanskeleg.

Eg har slite med angst heile livet mitt. Når eg seier heile livet mitt, meiner eg det. Eg kan ikkje hugse eit liv utan varierande grader og former for angst.

Før Covid-19 hadde eg endeleg lært meg å våge å ta kollektivtransport, reise litt, halde føredrag og meir. Eg hadde naturlege måtar å kome meg ut på, som når eg måtte handle mat (det var vanskeleg før Covid òg), eg drog på konsertar, eg heldt fysiske føredrag og workshops, eg gjekk til behandling, vart invitert i bursdagar og familiebesøk. Sjølv om det var vanskeleg då òg, så fekk eg meg ut. Og eg handterte det.

Det siste året har ein vorte løna for isolasjon.

Mine naturlege måtar å få angsteksponering på forsvann med strenge retningslinjer, og det vart betre lagt til rette for at folk kunne og skulle halde seg inne. Plutseleg kunne eg bestille daglegvarene heime, eg kunne til og med få dei sette utanfor døra utan at eg trong møte nokon. Plutseleg var det ikkje lenger fysisk oppmøte på føredrag, konsertar eller andre ting.

Det siste året har ein vorte løna for isolasjon

Alt sosialt vart mykje vanskelegare både fordi det ikkje var lov, og fordi eg hadde fått ein heilt ny kvardag som eg hadde vent meg til. No vart kvar minste sosial samhandling vanskeleg.

Eg gruar meg til å møte på naboar, fordi eg tenker slik over «skal eg vinke, no» «skal eg smile, seie hei, eller sjå i bakken og berre gå?».

Om eg i det heile ser noko teikn på at eg trur dei synest eg har oppført meg rart eller vore frekk, kan det forårsake angstanfall og grubling og plaging av meg sjølv i vekevis etter at vi har snakka. Eg overanalyserer måten eg seier hei på, og måten andre tek imot hei-et på. 

Det å få gode relasjonar og oppretthalde dei når kvar sosiale samhandling er fylt med angst og overtenning frå mi side er ikkje så lett. Og når samfunnet opnar igjen, vert det veldig synleg for oss som har gløymt korleis det er å vere sosial igjen.

Eg håpar folk tek innover seg, forstår og respekterer at alle har opplevd dette året forskjellig, sjølv om alle på ein måte har gått gjennom det same.

Eg håpar dette året fører til meir tolmod, forståing og nysgjerrigheit for kvifor folk er og gjer som dei gjer, i staden for dømming. Det gjer det enklare for oss som gruar oss til det så mange andre gler seg til.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Les også intervjuet med Mina (27) som har droppa ut av studia to gongar, grunna angst og depresjon – med heimeundervisning fekk ho toppkarakter!

For Mina Edvardsen er det vanskeleg å konsentrera seg i ein førelesningssal, men heimefrå går det mykje betre. Foto: Privat