Derfor trivst studentar i Trondheim

Framtida
Publisert
Oppdatert 19.10.2018 19:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For det første er kvar femte innbyggjar i Trondheim student, noko som set eit tydeleg preg på byen. For det andre har halvparten av studentar i Trondheim eit frivillig verv knytt til studiestaden sin.

Eirik Sande er leiar i hjartet av frivillig studentaktivitet i Trondheim, Studentersamfundet.

Studentersamfundet er ein organisasjon for studentar i Trondheim som tilbyr alt frå musikk, teater og dans, til restaurantar, politiske møter og mykje meir.

I dag er 13500 medlemmar og 1700 frivillige knytt til Studentersamfundet og alle organisasjonane.

Ikkje overraska

På fredag ettermiddag eit par timar før opning av bygget, sit Eirik i «Daglighallen», ein av dei mange serveringsstadane i bygget. 

Eirik er ikkje overraska over å høyre at Trondheim kjem best ut blant alle studiestadar i Noreg når det gjeld studenthelse- og trivsel. Han meiner at grunnen til dette ligg i alt arbeidet som blir lagt ned i frivillige organisasjonar av studentane sjølve.

– På Samfundet har det vore ein forankra studentkultur i 108 år, og det som har vore drivkrafta til dette, er frivilligheitskulturen som gått i arv i fleire generasjonar, seier Eirik Sande.

– Eg høyrer stadig om medlemmar som har foreldre og besteforeldre som har vore frivillige på Samfundet. Da dei kom hit for å studere sjølve, var dette ein naturleg stad å kome.

Eirik Sande er leiar av Studentersamfundet i Trondheim. Foto: Peder Skjelten

Han valde også å flytte frå Hønefoss til Trondheim for å studere på grunn av eit tidlegare besøk til Studentersamfundet og kva han hadde høyrt om Trondheim som studiestad.

– Det er vanskeleg å sette ord på kva Samfundet betyr for meg. Det hadde vore vanskeleg å kome seg gjennom 3 år med studium utan, seier Sande.

Lett å hamne i studentbobla

Når alt i livet ditt omhandlar studiet ditt og all fritida er knytt til organisasjonar til Universitetet- eller høgskulen, blir det omtalt som å hamne i «studentbobla».

På Studentersamfundet i Trondheim har dette blitt så utbreidd blant medlem og frivillige at i det raude bygget blir det omtala som «Samfundetbobla»

– Det blir naturleg å hamne i ei studentboble når det sosiale nettverket ditt er bygd rundt Samfundet og det er her du bruker mykje av fritida di. Samfundet liknar jo på ei boble, seier Sande.

Mange finn vennene sine på Samfundet

Kvifor studentar vel å bruke så mykje av tida si på Studentersamfundet i staden for andre stadar med betre lønsvilkår, kan virke rart for dei fleste. Men Eirik meiner at organisasjon har noko ein ikkje kan få andre stader.

– Sjølv om du ikkje sit igjen med løn etter tida di på Samfundet, får du tilbake i sosial kapital. Fleire opplever at dei ikkje hadde hatt det sosiale nettverket sitt i Trondheim om det ikkje hadde vore for Samfundet, seier Sande.

Les også: Færre norske studentar tek heile studiet i utlandet

Den sosiale kapitalen

Restauranten Lyche er ein av serveringsstadane på Studentersamfundet. Det er ein populær restaurant for studentar i Trondheim, og som alt anna i bygget er det frivilligheit som ligg i kjernen. Både kokkar og servitørar deltek som frivillige.

Innerst i restauranten sit studentane Amy Landau og Marius Bæver Larsen. Dei er begge frivillige på Lyche, og er i gang med å planlegge menyen til ein temafest neste veke.

Amy Landau og Marius Bæver Larsen planlegg meny. Foto: Peder Skjelten

– Eg er glad i å lage mat og å treffe nye menneske, då vart dette ein naturleg stad å kome til, seier Amy Landau.

Ho kjem frå South Carolina i USA og er på utveksling i Noreg. Ho veit ikkje om liknande studentorganisasjonar frå heimlandet sitt.

– Der var ingenting som dette der eg studerte heime. Her er ei fantastisk blanding av alle moglege menneske som det er enkelt å bli kjent med, seier Landau.

Byen hadde ikkje vore den same utan Samfundet

Både Amy og Marius seier seg einige i det Eirik Sande sa om den sosiale kapitalen, og ser for seg at det er fleire fordelar ved å jobbe på eit frivillig kjøkken.

– Her er ikkje løn, men me får betydeleg større kreativ fridom til å bestemme eigne menyar og tema enn om me skulle jobba på kjøkkenet ein anna stad. I tillegg er det sosiale ein viktig del av dette, seier Marius Bæver Larsen.

Begge to ser for seg at Trondheim ikkje hadde vore det same utan det frivillige og sosiale dei får oppleve på Studentersamfundet.

Les også: NTNU-studentar får kurs i risikovurdering før fadderveka

Fleire tradisjonar som skapar samhald

Nede ved Nidelva, eit steinkast unna Studentersamfundet, står Eyvor Tokle Hoff. Ho er medlem av komiteen som arrangerer årets «badekarpadling» på elva.

Badekarpadlinga er ein padlekonkurranse med badekar som framkomstmiddel. Førsteårsstudentar frå linjeforeiningar ved NTNU bygg eit badekar om til ei flåte. Denne flåten skal dei eit par veker seinare padle over Nidelva. Studentane får poeng for smisking og har moglegheit til å kidnappe og drive sabotasje med kvarandres badekar under bygginga.

Frå årets badekarpadling på Nidelva. Foto: Peder Skjelten

Det høyrast teit og tullete ut, noko Eyvor er einig i.

– Badekarpadlinga er tullete med vilje. Det skapa ein lav terskel for å ville bli med og bidra. Eg er ikkje teknisk anlagt sjølv men fekk vere ein del av bygginga av flåten i fjor nettopp fordi det er lagt opp til at alle skal føle dei kan bidra, seier Tokle Hoff.

Dette er ein av mange tradisjonar for å innvie førsteårsstudentar ved NTNU i Trondheim. Det knytter band mellom studentane samtidig som det lærer dei å samarbeide.

– Du blir tatt godt i mot når du deltek på dette. Året etter at eg deltok meldte eg meg som frivillig til å arrangere neste år fordi eg ønskte å oppleve meir av det, samstundes som eg ville gi den same gode opplevinga vidare til andre, seier Tokle Hoff.

Eyvor meiner òg at det er frivilligheitskulturen blant studentane i byen som gjer at så mange trivst her.

– Det er det som gjer at Trondheim er øvst i undersøkinga av trivsel og helse blant studentar i Noreg, seier Tokle Hoff.

Les også: Eit hus med tusen moglegheiter

Studentenes Helse- og Trivselsundersøkelse (SHoT) 2018

Ei undersøking utført av Studentamskipnaden i Oslo og Akershus.
Målet er å kartlegge korleis studentane har det og korleis velferdstilbodet til studentar kan betrast.
Undersøkinga viste at 91 prosent av studentane i Trondheim trivst med studiestaden sin. Nest etter Trondheim, kjem Bergen med 86 prosent, og Tromsø med 81 prosent nøgde studentar.