Usemje om sidemålskarakter i Unge Venstre
Unge Venstre skal denne helga vedta nytt politisk program. Allereie i programkomitéen er det usemje om å slå saman sidemåls- og hovudmålskarakteren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I skulekapittelet av Unge Venstre sitt program er det denne formuleringa som no er oppe til debatt, før helgas landsmøte:
«Unge Venstre mener at hoved- og sidemålskarakteren bør slås sammen til en felles karakter».
Av dei sju personane i programkomitéen til Unge Venstre, har to personar vist misnøye til dette og teke ut dissens mot den føreslåtte formuleringa.
– Alle skal kunne bli forstått
Ane Breivik, 1. nestleiar i Unge Venstre og leiar av programkomitéen er ein av dei.
– Partiet har lenge hatt ein god språkpolitikk, og eg fryktar det vil forvitra om ein går for å slå saman karakterane. I eit større perspektiv er det viktig å sikre likestilling mellom målformene våre, for å bevara mangfaldet og sikra at skulane prioriterer begge målformer. Alle skal kunne bli forstått uavhengig av målform i dette landet.
Ho har føreslått å endre formuleringa til:
«Unge Venstre mener det er viktig at elevene behersker begge målformer, og vil videreføre separat vurdering i hoved- og sidemål på landsbasis».
Både landsstyret og sentralstyret er usamde med Breivik, og ynskjer å avvise dissensen, når det skal stemmast under landsmøtet denne helga.
- Les også: KrFU vil halda på sidemålskarakteren
– Urettferdig
Benedicte Bjørnås, innstilt som 2. nestleiar, er blant dei som ynskjer å slå saman karakterane.
– Eg meiner vurderinga treffer veldig skeivt slik den er i dag. Dei som har bokmål som sidemål, vil naturleg bli meir eksponerte for sitt sidemål, enn dei som har nynorsk som sidemål. Det meiner eg er ganske urettferdig.
Ho fortel at det er stor semje i partiet om å behalda og sikra god sidemålsundervising, men at ein er usamde om vegen dit.
– Det er ikkje enten eller, og det skjer allereie i dag at ein har to karakterar og folk lærer ikkje sidemålet sitt ordentleg likevel.
Sidemål frå 3. klasse
Bjørnås meiner at ein i dag har svært sprikande sidemålsundervising rundt om i landet, og at det mange stadar ber preg av skippertaksundervising før eksamen i 3. klasse på vidaregåande.
– Det gjer at ein ikkje får ei reell likestilling mellom målformene. I programmet er det også føreslått å starta sidemålsundervising i 3. klasse på barneskulen, og få det inn i fleire fag for å sikra meir eksponering av sidemål, særleg for dei som har nynorsk som sidemål.
Ho meiner dagens ordning også går utover dei som er svake i norsk, og kanskje betre i andre fag, fordi ein kan risikere å få seks karakterar i norsk på vitnemålet.
– Det er ikkje noko grunnlag for at dette faget skal vege så tungt på snittet som ein skal søka vidare utdanning med.
Bør sidemål- og hovudmålskarakterane bli slått saman?
Bør sidemål- og hovudmålskarakterane bli slått saman?
Tilbakevendande debatt
I 2017 vart det også vedteke ei liknande formulering i programmet til Unge Venstre om valfritt sidemål, men det vart teke omkamp om dette året etter.
No er diskusjonen oppe igjen, og Bjørnås trur det også i år blir ein spanande debatt om det på landsmøtet.
Breivik trur det store engasjementet rundt saka kjem av at mange i Unge Venstre har opplevd demotiverande sidemålsundervising, og framleis hugsar det ganske godt.
Sjølv om ho har sympati for desse, meiner ho likevel motstandarane har feil medisin på problemet, og at løysinga på demotiverande undervising ikkje er å fjerna karakteren:
– Tvert imot bør ein byrje med sidemålsundervising endå tidlegare, og innføre det også i andre fag der det er mogleg.