ANNONSE
ANNONSE
Framsida SAMFUNN Sidemålssiger på Unge Venstre sitt landsmøte
Bilete er frå landsmøtet i 2017. Foto: Unge Venstre.

Sidemålssiger på Unge Venstre sitt landsmøte

Ungdomspartiet forkastar fjorårets forslag om valfritt sidemål i vidaregåande skule.

På landsmøtet i helga gjekk Unge Venstre inn for å behalde eksisterande formulering i den politiske plattformen. Det tyder at endringsforslaget frå 2017, om at sidemål skulle verte valfritt på vidaregåande, vart avvist.

Fleirtal for dagens ordning

Agnes Hoshovde Bernes vart valt inn som sentralstyremedlem, og håpar å kunne styrke nynorsk-profileringa til Unge Venstre. Foto: Privat

– I fjor vedtok vi ei uttaling som gjekk mot politikken vår, seier leiar for Hordaland Unge Venstre, Agnes Hoshovde Bernes.

Ho meiner at då partiet i oktober 2017 gjekk inn for valfritt sidemål i vidaregåande, så var det ein glipp i ein lang tradisjon med god språkpolitikk frå Unge Venstre.

I førekant av årets landsmøte, skreiv Hosnes Bernes i eit meiningsinnlegg, at ho ville gå inn for å gjere Unge Venstre sin språkpolitikk endå betre.

Sentralt stod det då å få vidareført ordninga med separat hovudmål- og sidemålsvurdering. Det vart i helga vedteke.

– Eg er veldig fornøgd med korleis språkpolitikken vår vart, seier Hoshovde Bernes.

– Vi fekk stemt ned alle forslaga om valfritt sidemål på vidaregåande, at ein skulle ha ein felles karakter eller fjerna karakter for dei to skriftspråka. Og det var med ganske stort fleirtal!

Les også: Unge Venstre vil gjera sidemål valfritt på vidaregåande

Nynorsk på nett

Det vart også einstemmig vedteke å legge til eit nytt punkt i det politiske programmet som etterlyser ei spesifisering av at språkkrav til læremiddel i opplæringslova, også skal dekkje digitale læremiddel.

– Det har vore eit problem at mykje av undervisninga på digitale læremiddel berre har vore på bokmål, seier Hoshovde Bernes.

I den nye formuleringa står det difor at «Ein digital skule skal vera ein skule med like godt tilbod både for nynorsk- og bokmålselevar».

Les også: Nynorskparadokset i Trøndelag

Tidleg krøkast

Endeleg stadfesta Unge Venstre ønsket om å starte med sidemålsopplæring allereie i 3. klasse. Ungdomspartiet meiner det er altfor seint å vente til ungdomsskulen.

– Det er ikkje rart unge vert oppgjevne av sidemålsundervisninga slik som den er no, seier Hoshovde Bernes.

Ho meiner kombinasjonen av eit seint møte med sidemål og umotivert undervising kan føre til at elevar ikkje gjev skriftspråket ein reell sjanse.

– Om undervising i begge skriftspråk startar tidlegare, så vil elevane i større grad ha ei reell mogelegheit til å velje kva for eit dei vil bruke når dei startar på ungdomsskule og vidaregåande, seier ho.

Velkomne forbetringar

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, er glad for tiltaka for å betra kåra for nynorsken i Rogaland. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne
Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Leiar for Norsk Målungdom, Fredrik Hope, er glad for at Unge Venstre igjen er for obligatorisk sidemålsundervising og for karakter i sidemål ut vidaregåande.

– Det er bra at dei ikkje berre held på status quo, men òg gjer språkpolitikken sin betre, seier han.

Målungdomsleiaren syner mellom anna til formuleringa Unge Venstre vedtok for digitale læremål på nynorsk.

Vidare rosar Hope ungdomspartiet for å vere eit parti som bryr seg om meir enn brannfakkelen «sidemål».

– Unge Venstre har meiningar om fleire tema. Dei tek stilling til digitale læremiddel, og støttar samisk, kvensk og norsk teiknspråk. Dei forstår at språkpolitikk er meir enn sidemål, seier han.

Les også: Null stress når bokmålselevar får møte nynorsk i samfunnsfagtimen

Oppdatert: tysdag 30. oktober 2018 08.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE