– Fleire innser at språkpolitikk er meir enn sidemål

Leiaren i Målungdommen gler seg over at mange ungdomspartia har fått betre språkpolitikk i året som har gått.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva har gledd deg mest dette året?

– Det har vore mange språkpolitiske sigrar i 2018 – alt i frå at Venstre i januar fekk gjennomslag for språklov og betre sidemålsundervising i Jeløya-platforma, til at Rogaland fylkesting i desember vedtok at dei vil gjera meir for å taka vare på nynorskelevane.

– Men om eg skal trekkja fram ein ting som gler meg spesielt mykje, er det at mange av ungdomspartia har fått meir og betre språkpolitikk i året som har gått. Fleire innser at språkpolitikk er meir enn sidemål, og det er veldig stas at Unge Venstre valde å vedta at dei igjen skulle vera for eigen karakter i sidemål.

– Dessutan har fleire av ungdomspartia fått seg offisielt namn på nynorsk, dei samiske språka og kvensk – mellom anna AUF, FpU og Sosialistisk ungdom. Det er ein liten og konkret måte dei kan vera med på å syna fram språkmangfaldet, og få fram at Noreg er og har alltid vore eit fleirspråkleg land. Kanskje kjem Unge Høgre etter i 2019?

Les også: Slik vil Hope «make nynorsk great again»

– Kva har skuffa deg mest?

– Det som skuffa meg mest var at regjeringa ikkje heldt det dei lova, og ikkje kom med ei avklaring om språkdelt ungdomsskule i statsbudsjettet for 2018. Språkdelt ungdomsskule går ut på å gje elevane på ungdomskulen same språkrettar som på barneskulen, og rett til eiga klasse viss det er 15 nynorskelevar på skulen.

– Det ville ført til at fleire held på nynorsken, og at det vert lettare å vera nynorskelev i mange område der nynorsk treff bokmål. Regjeringa hadde lova å koma med ei avklaring i år, og det er leitt at det er utsett til 2019.

Les innlegget frå fylkesvaraordføraren i Rogaland: «Ungdomen vert tvinga til å droppa nynorsk»

– Kva er ditt største ynske for 2019?

– I 2019 ynskjer me at regjeringa får til eit nynorsklyft i skulen. Språkdelt ungdomsskule må på plass, og når dei endelege læreplanane i norsk vert lagt fram må dei innehalda tidleg start med sidemål, framleis undervegskarakterar i sidemål og det må stå tydeleg at det er annleis å vera nynorskelev enn å vera bokmålselev.

– Får me ein betre læreplan i norsk og språkdelt ungdomsskule, vil me vera langt nærare ein skule der det er like lett å vera nynorskelev som å vera bokmålselev.

Les også: Meiner det hastar å sikre nynorskundervisning i ungdomsskolen