KrFU vil halda på sidemålskarakteren

Norsk Målungdom håpar Unge Venstre, Unge Høgre og FpU let seg inspirera.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er oppteken av at me har to sidestilte skriftspråk, fram til i dag har det vore ei solid nedprioritering av nynorsken, seier David Pletten Aasgard, leiar i Hordaland KrFU.

I helga var han ein av delegatane som deltok på KrFU sitt landsmøte, der ungdomspartiet gjekk inn for at KrF skal gå inn i regjeringa med Høgre, Frp og Venstre.

Les også: Akershus KrFU vil ha valfritt sidemål

Framleis karakter i sidemål

På agendaen stod også ungdomspartiet sin nye språkpolitikk for perioden 2018-2020.

I forslaget til nytt hovudprogram stod det mellom éin felles norskkarakter og valfritt sidemål i ungdomsskulen, eller å verna karakteren i sidemål og heller starta opplæringa tidlegare.

Leiaren i Hordaland KrFU er glad for at partiet på landsmøtet stemte ned forslaget om å innføra valfritt sidemål.

Ungdomspartiet vedtok at undervisninga bør byggje opp gode haldningar til språk for elevane og vil jobba for følgjande saker:

  • styrke nynorsk som hovudmål, mellom anna gjennom å innføre språkdelt ungdomsskule (Oddamodellen)
  • styrke nynorskopplæringa i lærarutdanningane
  • starte sidemålsundervisning tidleg på barneskulen
  • fortsette dagens ordning med karakter i hovud- og sidemål
  • sikre norsk språk i akademia
  • at språkkrava til læremiddel i opplæringslova må spesifiserast slik at det er tydelegare at dei dekkjer digitale læremiddel og kontorstøtteprogram. Det er eit nasjonalt ansvar å sikre at læremiddel kjem på både nynorsk og bokmål.
  • utdanna fleire lærarar i samisk og kvensk for å byggje eit berekraftig tal av språkbrukarar

Les også: Dette blir dei viktigaste endringane i læreplanane

Fleirtalet på landsmøtet var einige med KrFU-leiar Martine Tønnessen, som vil ha moderpartiet inn i regjering med Høgre, Frp og Venstre. Foto: Astrid-Therese Theisen/KrFU

Fleirtalet på landsmøtet var einige med KrFU-leiar Martine Tønnessen, som vil ha moderpartiet inn i regjering med Høgre, Frp og Venstre. Foto: Astrid-Therese Theisen/KrFU

Språklov og grunnlov

På landsmøtet var det òg oppe eit forslag om å løna elevar som har nynorsk som hovudmål med ekstrapoeng. Dette vart stemt ned.

– Det vert igjen og gå for langt, slik at det vert diskriminering andre vegen, meiner Aasgard.

Regjeringa varsla tidlegare i år at det skal koma ei ny språklov. KrFU er oppteken av at denne må byggje vidare på prinsippa i mållova og sikre norsk språk generelt, og nynorsk, dei samiske språka, norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka spesielt.

Dei vil vidare at jamstillinga mellom nynorsk og bokmål skal grunnlovsfestast.

Les også: Unge Venstre vil ha valfritt sidemål på vidaregåande

Nøgd målungdom

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, meiner tidleg innsats er det som skal til for å styrkja bokmålselevane i sidemålet sitt. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, meiner tidleg innsats er det som skal til for å styrkja bokmålselevane i sidemålet sitt. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, rosar KrFU for å vedteke det han omtalar som ein berekraftig og solidarisk språkpolitikk, som handlar om meir enn berre sidemål.

– Det er mange bra tiltak for å styrke språkmangfald i Noreg. Det har jo vore mykje snakka om kven KrF skal samarbeide med, uavhengig av korleis det vert håpar me dei prioriterer ein god språkpolitikk i sitt samarbeid med andre parti, seier Hope.

Målungdomsleiaren meiner KrFU i dag er eitt av ungdomspartia med best språkpolitikk og håpar politikken kan inspirera Unge Venstre, som har gått inn for valfritt sidemål på vidaregåande.

– Unge Høge og FpU er dei partia med minst og dårlegast språkpolitikk, så der har KrFU ein jobb å gjere når det kjem til oppdraging, meiner Hope.

Les også: Oddamodellen: Jublar over framleis språkdelte klassar på ungdomsskulen

Viktig språkperiode

Leiaren i Målungdommen viser til at det skjer mykje viktig i tida framover, mellom anna ny språklov, læreplan i norsk og ny opplæringslov.

– Når ein endrar læreplanen er det viktig å ta omsyn til både bokmåls- og nynorskelevane. I arbeidet med ny opplæringslov er retten til språkdelt ungdomsskule er viktig for å ta vare på nynorskelevane, avsluttar Hope.