Regjeringa fjernar delvis sidemålskarakteren: – Eit svik mot nynorskelevane

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det sender eit signal til nynorskelevane om at deira språk er mindre viktig. Sjølv om det står spesifikt at det dreier seg om sidemål, så veit alle at sidemål for majoriteten er nynorsk, seier Gunnhild Skjold.

Leiaren i Norsk Målungdom er veldig skuffa over at regjeringa i dei nye læreplanane har valt å sjå bort frå deira innspel og valt å fjerna undervegsvurderingane i sidemål.

Då kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) presenterte dei nye læreplanane måndag, vart det klart at halvårsvurdering med karakter i sidemål går ut både i 8. og 9. klasse, samt på Vg1 og Vg2.

Trass i at både Språkrådet, Noregs Mållag og Norsk Målungdom har tatt til orde for å behalde vurderinga fleire gongar.

Målungdommen: – Eit svik mot nynorskelevane

Skjold kallar det eit «svik mot nynorskelevane» og synest det er heilt utruleg at regjeringa kort tid etter å ha lagt fram forslag til ei ny språklov, som tek sikte på å styrkje nynorsken, legg fram læreplanar som svekkjer han.

– Mindre nynorskkompetanse i storsamfunnet vil gjera det vanskelegare å vera nynorskelev og det å slå saman undervegsvurderinga vil føra til lågare kompetanse, spår Skjold.

Magne Aasbrenn er leiar i Noregs Mållag. Foto: Noregs Mållag.

Ho får støtte frå Noregs Mållag som, i ei pressemelding, skuldar regjeringa for å bryte med sine eigne intensjonar i språkpolitikken når dei no legg fram læreplanane.

Språkrådet har tidlegare etterlyst ei tydeleg satsing på nynorsk som sidemål og som hovudmål i læreplanane, og var samde med målrørsla om at dette krev halvårskarakter i sidemål i alle klassar både på ungdomsskulen og på vidaregåande.

Sjølv om undervegsvurderinga no går ut, seier mållagsleiar Magne Aasbrenn i pressemeldinga at dei er letta over at halvårsvurderinga vert ståande i 10. klasse og Vg3, og at elevar framleis skal ha standpunktkarakter i sidemål.

Fryktar taktisk språkskifte

Målungdommen vil no jobbe inn mot skulane og lærarane for å få dei til å ta ansvar for nynorskopplæringa.

– Me veit at elevar flest synest sidemålsundervisninga i dag er for dårleg og at norsklærarar ikkje får god nok opplæring til å læra det bort, difor har me jobba inn mot lærarutdanningane for å freista å få dei til å betra opplæringa, fortel Skjold.

Ho er spesielt uroa for presset på elevar i språkdelte område og den nye formuleringa om at lærarane i vurderinga skal ta omsyn til at elevane har hatt lengre tid med formell opplæring i hovudmålet enn sidemålet.

– Me fryktar det kjem til å setje fart på språkskifte frå nynorsk til bokmål som hovudmål. Me veit at dei fleste nynorskelevar elev er minst like gode i bokmål, så dette vil stimulera til taktisk språkskifte for å få betre karakterar jamt over, seier Skjold.

Dei nye læreplanane vert innførte gradvis i ulike trinn frå august 2020 fram mot 2022.

Les også: Snur etter massiv kritikk: Føreslår å halda på song i norskfaget for 1.-4.klasse

Desse elevane er glade i song. Frå venstre Signe, Amanda, Herman, Emilie, lærar-Stian og Idun syng på skulen kvar einaste dag. – Eg får ei god kjensle når eg syng, seier Amanda. Foto: Christian W. Gjerde