Fylkestingsrepresentant i for Frp i Rogaland, Mats Danielsen, går til kamp mot sidemålet i det første fylkestingsmøtet etter valet, skriv NRK.
– Sidemålet skaper forvirring for elevane i vidaregåande, spesielt for dei som er svake i norskfaget. Sidemålet må vekk, seier han.
Åse Wetås, direktør i Språkrådet, er usamd i argumentasjonen til Danielsen.
– Det er ingen ting som tyder på at elevane blir sterkare i hovudmålet sitt av å ikkje måtte trene på sidemålet, tvert i mot. Det er heller ikkje noko som tyder på at elevane blir dyktigare av å ikkje få karakterar i faget, seier ho.
