Regjeringa vurderer å gjere endringar i fråværsgrensa
Kunnskapsminister Guri Melby fryktar VGS-elevar vil dra på skulen trass i luftvegssymptom på grunn av fråværsgrensa. No skal regelverket revurderast.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Avgjerda om at fråværsgrensa skulle gjelde som normalt, vart teken i vår då vi var i ein annan situasjon. No har vi fått ei tilråding frå Folkehelseinstituttet om at vi bør sjå på dette, seier kunnskapsminister Guri Melby til NRK.
Det vart i mars innført mellombelse endringar i fråværsgrensa på grunn av koronasituasjonen.
Måndag er første dag i det nye skuleåret for elevar over heile landet, og no er det dei gamle fråværsreglane som gjeld.
Kan føre til at fråværsgrensa blir overskriden
I ein rapport publisert førre veke skriv Folkehelseinstituttet at dei er bekymra for at videregåendeelever vil reise på skulen trass i symptom på sjukdom.
– For elevar i vidaregåande skular kan det føre til at fråværsgrensa blir overskriden. Dette kan vidare føre til oppmøte på skulen ved milde symptom og risiko for smittespreiing, heiter det i rapporten.
– Eg deler bekymringa om at elevar kan ende opp med å gå på skulen sjølv om dei hostar litt, fordi dei er redde for å få for mykje fråvær. Vi skal sjå på korleis regelverket er utforma no for å unngå akkurat det, seier Melby, som presiserer at regjeringa skal handtere saka raskt.