Fråværsgrensa er tilbake frå hausten av

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For elevar som har milde eller ingen symptom på sjukdom, men som likevel må halde seg heime, kan skulane vurdere ei ordning der elevane utfører organisert studiearbeid heimanfrå etter avtale med faglærar eller rektor, opplyser Kunnskapsdepartementet.

Det blir dessutan gjort unntak frå fråværsgrensa for elevar som byrjar på Vg4 påbygg, fordi enkelte av desse elevane parallelt må gjennomføre fag- og sveineprøver som vart utsette i vår.