Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 12. mars vart heile verda snudd på hovudet over natta for dei fleste nordmenn.  Covid-19 var kome til landet, og dei mest inngripande tiltaka i fredstid vart innførte for å prøva å takla koronakrisa.

Blant tiltaka var formaninga om å halda seg mest mogleg heime og i minst mogleg kontakt med andre.

Om lag ei veke etter tiltaka vart sette i kraft, tok me ein prat med ulike personar for å høyra korleis livet var – så langt.


Stian Sørensen. Foto: Privat

Stian Sørensen

  • Elev i 10. klasse på Fjell ungdomsskule
  • 16 år
  • Bergen

– På skulen i dag har me halde på med engelsk, omsett ein tekst, og lese inn ein tekst for å få det munnlege. Så har eg gjort dagens oppgåver i naturfagen. 

Det kjekt å vere på skulen med PC-en i fanget, og så får me jo sove litt lenger. Det blir litt mykje innetid, men det går fint skulemessig. Eg har ofte hatt behov for å få eit push av læraren, og det kan vere litt vanskelegare å koma i gang, men det går greitt.

Framleis føler eg at dette berre er mellombels. At me skal gjere desse oppgåvene og så skal me tilbake. No byrjar det å gå litt opp for meg at det kanskje ikkje er over etter desse to vekene, men at det kanskje er sånn me skal fullføra grunnskulen.

Ei veninne ringde meg og var bekymra for vitnemålsutdelinga. Det har ikkje eg tenkt på ein gong. 

Eg er frisk, men føler samstundes at eg er i karantene. Eg pleier å vera mykje ute og er veldig sosial. Eg kan ikkje hugsa sist eg var inne ein heil dag.

No får me ikkje lov å besøka folk, og det er ein heilt annleis kvardag. Om ikkje ein kjem seg ut, føler eg at ein blir litt ekstra sliten. Eg prøver å koma meg ut kvar dag, men det går ikkje an å vera ute lenge utan å bli veldig kald, og me skal jo helst ikkje inn til andre. Det blir litt lange dagar. 

Heime går det mest i seriar og Netflix. For dei som gamar det er det nok ikkje så stor forskjell på kvardagen, men eg har aldri vore så fan av det. Eg er ikkje så glad i å sitja framfor skjermen for lenge. Eg prøvde å spele online med nokre kompisar, men måtte skru av.

Den første veka har gått fint, men eg sit igjen med mange inntrykk etter berre ei veke. Eg lurer på korleis det kjem til å bli. 

Eg følgjer med på nyheitene, og me snakkar om det heime og kva eg må gjere og ikkje gjere. Sånn som situasjonen er no er eg ikkje redd, men meir litt lei. Det er så mange avgrensingar no for tida. Men eg prøver å gjer mitt beste.

Eg går ikkje rundt og tenker på at det er farleg for meg, men eg hugsar å ikkje ta på ting og vaska meg masse.

Det som kanskje er mest annleis er alt me går glipp av. Bursdagsfestar, trening, det vanlege. Eg plar vere på treningssenteret fem gongar i veka, så det vart ein brå stopp no når det plutseleg stengde. 

Elles har eg to kompisar eg pleier å vera med kvar dag, heile tida. Eg pleier sjå dei meir enn eg ser mamma og pappa. Det er den største forskjellen eg kjenner på. 

Me har møttes i nabolaget for å gå ein tur og snakka litt, men når du berre gjer det same kvar dag blir det jo mindre og mindre å snakka om. 

Det kjem sikkert til å gå gradvis over, men når alt er som vanleg igjen vil me nok prøve å samlast ein liten gjen og berre ha det gøy. Det som me ikkje får lov til no.


Kvar fredag pleier aktivist-kollektivet å delta i klimastreikane. No skjer det digitalt.
Bakerst f.v.: Frida Therese Grønvik, Amalia-Louise Miniggio, Inger-Johanne Jørstad. Framme f.v.: Victor Støle, Børre Jørstad (hund) og Martin Skadal. Foto: Privat

Inger-Johanne Jørstad

  • Klimaaktivist
  • 29 år
  • Bergen

– Me har sett oss sjølv i sjølvpålagt karantene. Til vanleg er me sju stykk som bur her, men to av dei er stuck i Oslo. Nokre blir kanskje galne av det, men eg trur det er betre å vere mange saman, enn å sitje i kvar sin hybel. 

Me som bur her jobbar frivillig og dei fleste av oss har slutta i jobb og skule for å jobbe fulltid frivillig. Me er aktivistar for natur, dyr og menneske. Fleire av oss driv på sosiale medium også.

Førebels har me tent pengar på foredrag og å hjelpe andre med arrangement mellom anna. Me arrangerer ryddeaksjonar og plukkar bos, til dømes. Den inntekta stoppa jo ganske brått no. Eg trur mange no skjønar at det er mykje me eigentleg er ganske avhengige av at folk møtest for å få til ting.

Me lever ganske minimalistisk til vanleg og er priviligerte som i det heile tatt har høve til å leve på denne måten, men me må jo løysa det på eit vis. Det går greit, hadde me berre hatt nok til husleige. 

Det store spørsmålet no er kor me skal bu. Skal me flytte heim til foreldre ein periode, for å lette på økonomien? Eg har vurdert om eg skulle reisa heim til mamma ein periode, men samstundes vil eg jo ikkje setje ho i fare heller. Så då er det kanskje best at me berre blir der me er. Det er mykje å ta omsyn til. 

Til vanleg jobbar me som regel heimanfrå, men no er me jo berre her. Så det blir litt annleis. Me lever allereie ganske utradisjonelt og er vande med å vere løysingsorienterte, men me oppdagar stadig nye ting som er annleis. For fleire dagar sidan tenkte eg at «dette går ikkje lenge». Men steminga er god, og me prøver å tenke fram ulike løysingar.

Me jobbar like mykje som før, om ikkje meir, sjølv om det no er utan inntekt. Me har til dømes byrja tenke nytt om korleis me kan spreie bodskapen meir og engasjere folk.

Me klarer oss, me løyser det uansett. Me held oss først og fremst inne for å beskytta andre. Me kjenner alle folk i risikogruppa. Me må berre få stoppa det.

Mitt tips til det nye tilvære er å ta seg litt tid for seg sjølv når ein kan og berre puste. Eg har snakka litt med familie, ringt heim til mamma, snakka litt med folk utanfor. Det som er litt interessant er at eg, mamma og søstera mi bur på forskjellige stader og pleier ikkje møtast så ofte, men no når korona kom så skal me sjå kvarandre og ringast.


Emilie Vang. Foto: Privat

Emilie Vang

  • Lærling som driftsoperatør
  • 18 år
  • Onøya, Nordland

– Her hos oss er det ikkje så mykje fokus på koronakrisa endå. Men me held oss for det meste inne, og det går heilt fint. Det er ikkje heilt nytt for meg å vere inne lenge.

Dei fleste skjønar at situasjonen er seriøs og eg tek det på alvor, men eg byrjar bli lei av å høyra om det kvar dag på sosiale medium og i media.

Eg føler folk vil ta det mindre på alvor, di meir det er i media og overalt. Eg vil jo vite meir, men ikkje berre om det. Det er framleis mykje anna som skjer i verda også.

Heime bur eg med familien i rorbu. Me har mange rom heldigvis, så det går fint. Me gjer alt me får beskjed om å gjere, men det er trist å ikkje kunne møte besteforeldra mine. Dei er gamle og kan jo døy av dette, så me snakkar heller litt på telefonen.

Sjølv er eg ikkje redd for å få det. Får eg det, så får eg det og må berre akseptera det. Men eg kan jo prøva å unngå det, og eg har større sjanse for å unngå det enn mange andre.

Til vanleg jobbar eg i turnus som røktar i fiskeoppdretten. No har eg fri før eg skal tilbake igjen om ei veke. Me har gjort tiltak for å få ned smitterisikoen, men jobbar framleis. Me må vere minst to på jobb samstundes, og me er berre seks stykk, så eg er ikkje redd for å bli permittert.

No for tida held eg på å pussa opp rommet. Eg har fri frå jobb og kan ikkje vere med venner, så då har eg ingenting anna å gjere. Så no måler eg rommet mitt. Sånn sett var jo ganske perfekt timing. 

Elles facetimar eg mykje med venene mine. Me er jo saman, men det er jo noko anna enn å vera samen fysisk, på fest til dømes. Det er nok det eg saknar mest: å fare ut, vera sosial med vener. Å berre leve livet normalt.

Det første eg skal gjera når dette er over er å fera ut med vener og vera sosialt. Kanskje gjera noko veldig dumt. Hehe.


Gaute Wiik. Foto: Privat

Gaute Wiik

  • Elev på Romerriket folkehøgskule
  • 21 år
  • Hareid

– Torsdag 12. mars fekk me beskjed om at me hadde helga på å koma oss heim, og rektor Halldis at me skulle pakka som om me kom til å vere vekke veldig, veldig lenge. 

Det var ei veldig spesiell kjensle å gå rundt på skulen den dagen og potensielt avslutte folkehøgskuleåret på den måten der. Då merka me litt kva me har fått i løpet av året som me har teke litt for gitt: å ta ein kaffi saman på internatet og vera sosial. Brått set ein veldig pris på det. 

Førebels har me fått beskjed om at det blir sånn til etter påske, og så må me berre sjå. Det som i alle fall er sikkert, er at det blir ei samling med folkehøgskulegjengen så snart det går an. Men eg håpar at det roar seg før sommaren, og at me får avslutta folkehøgskuleåret med verdigheit. 

Enn så lenge facetimar me ofte, chattar saman, og har ikkje mista kontakten med kvarandre. Lærarane held også kontakten og kjem med tips til ting me kan gjera. Elles har me litt fellesaktivitetar over Facebook, og me hadde mellom anna ein kahoot-quiz denne veka. Sånn er det kanskje når ein går på folkehøgskule med mange kreative menneske. Me finn alltids på noko.

Gaute Wiik og medelevar på folkehøgskulen, frå eitt sy-prosjekt dei hadde helt i starten av januar. Foto: Privat

No er eg sett i to vekers karantene, frå den dagen eg kom heim. Folkehøgskulen er i Viken fylke, og heimkommunen min Hareid ville ikkje ta nokon sjansar. For min del går det eigentleg veldig bra. I vinterferien gjorde eg jo heller ikkje så mykje meir enn eg har gjort no, så førebels følest det litt ut som ein normal kvardag. Men det at du ikkje kan, er jo unormalt. 

Det er jo lett å seie at me prøver å få dagane til å vera normale, men det byrjar allereie å skli litt ifrå kvarandre no. Så langt i dag har eg stått opp. 

Elles har det blitt litt dataspel og så har eg fått til å gå ein tur. Det er småting som hjelper. Berre å kle seg som om du skal ut i offentlegheita, stå opp i normal tid og prøve å få dagane til å bli vanlege. Me skal jo tilbake til kvardagen ein gong. 

Heime i Hareid bur eg med mamma, pappa, niesa mi og bror min. Det går veldig fint så langt. Me er litt oppå kvarandre, men ein får berre prøve å ikkje bryte husfreden når me er så tett på kvarandre. Me ser filmar, lagar mat og konspirerer om morgondagens nye tal og litt sånt. 

Dagleg snakkar me om koronakrisa. Det er hovudtemaet. Samstundes prøver me å distansere oss litt frå det, så me ikkje blir så slitne av å tenke på det. Det er eit depressivt emne. Det skjer no og me veit ikkje kva som skjer vidare.

Då er det veldig godt å finne noko å legge tankane på som ikkje handlar om koronaviruset. Å laga mat, prøve ei ny oppskrift, gå ein tur, eller læra seg noko heilt nytt. Det er veldig gøy. Ein dansekoreografi, eller å lære å teikne til dømes. Det er mange som ikkje kan teikne.

Gaute Wiik har funne fram symaskina til mor si for å få tida til å gå. Foto: Privat

Sjølv jobbar eg mest med å vidareutvikle det eg kan. Eg går på kostyme- og teatersminkelinja, og det var litt tungt å forlate arbeidet der. No har eg rydda i sysakene til mamma og prøver å finne ut av symaskina hennar. Den er litt for moderne for meg enno. 

Eg skal prøve å få sydd nokre kostymer denne veka, eg må berre kome på kva. Og så må eg jo lage det av stoff eg finn heime. Kanskje redesigne litt. 

Når karantena er over kan eg framleis ikkje leve som normalt, men må prøve å sørge for at dei sjuke og eldre ikkje blir smitta så fort. Eg har mange rundt meg som er i risikogruppa, og prøver å vere forsikitg. Men det opnar i i alle fall for at eg kan ta meg ein tur på butikken og kjøpe ein brus, eller kva som helst.

Når alt dette er heilt over, då blir det fest. Då skal eg sprette sjampanjen, besøke folk, vere i lag med andre, bake ei kake, finne på noko hyggeleg med nokon. Kanskje heise flagget også. Det vert nok ein merkedag!

F.v. Arnold Schwarzenegger, Millie Bobby Brown, Ben Stiller, Robert De Niro, Snoop Dogg, Ryan Reynolds.