AUF utfordra kunnskapsministeren om nye fråværsreglar: – Urettferdig
Linda Aideen Mølmen (18) frå AUF vil fjerne fråværsgrensa fullstendig, og utfordra kunnskapsministeren under sommarleiren på Utøya.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.
– Eg synest fråværsgrensa er urettferdig og at ho er med på å pushe elevar ut av skulen, i alle fall dei som slit. Viss det var opp til meg, hadde eg fjerna ho.
Det seier Linda Aideen Mølmen (18) frå AUF i Agder til Framtida.no når vi besøker sommarleiren til ungdomspartiet på Utøya.
Usemje mellom AUF og Arbeidarpartiet
Fredag 1. august tredde dei nye fråværsreglane i kraft. Frå skulestart vil fråværsgrensa framleis ligge på 10 prosent, men vidaregåandeelevar vil kunne levere eigenmelding for gyldig fråvær.
Den opphavelege fråværsgrensa inneber at elevar ikkje får vurdering i eit fag, dersom dei har over 10 prosent udokumentert fråvær. Det vart innført i 2016 av den dåverande Høgre- og Frp-regjeringa, med støtte frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet.
AUF har lenge vore ueinige med fråværsgrensa, og kunne i 2023 juble for at dei fekk med seg moderpartiet på at ordninga skulle avviklast.
I november i fjor vart det derimot klart at regjeringa ikkje ville fjerne grensa, men heller gi elevar moglegheit til å levere eigenmelding på fråvær opp til 10 prosent, og at dei fyrst etter grensa må dokumentere gyldig fråvær.
– Tøffe spørsmål
Det var nettopp dette Linda Aideen Mølmen utfordra kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun på då statsråden besøkte sommarleiren til ungdomspartiet, same dag som dei nye reglane tredde i kraft.
Ho var ein av fire elevar som utfordra statsråden på tema frå skulekvardagen sin, om alt frå skulemat til lærlingplassar.
For Mølmen var det fråværsgrensa og eksamen som var dei to store temaa ho ville ha svar på.
– Takk for gode spørsmål, sa Nordtun etter å ha blitt utfordra.
Kunnskapsministeren understreka at partiet ville halde fram å stille krav til elevar, inkludert når det kjem til fråvær. Den nye fråværsgrensa skal vere nærare det ein møter på seinare i arbeidslivet, og elevane får større ansvar og tillit.
– Det var jo tøffe spørsmål, og det er jo ikkje alt vi er einige om, men eg synest det var ein fin samtale der vi belyser semjer og usemjer, og at vi først og fremst er samde i dei store linjene og det som foreiner oss, seier Nordtun til Framtida.no etter utspørjinga.
– Ikkje politikken vi har vedteke
Mølmen var ikkje heilt nøgd med svaret til statsråden.
– Eg synest jo ho svarte bra, men eg er ikkje heilt einig i det ho seier og vi merkar jo at det ikkje akkurat er den politikken vi har vedteke tidlegare, seier ho til Framtida.
Samstundes som det blir litt friare i resten av landet, strammar det borgarlege byrådet i Oslo inn fråværsreglane for vidaregåandeelevar. Kjem du 10 minutt for seint til ein skuletime på 45 minutt, får du fråvær for den timen. Det same gjeld dersom du er 15 minutt for sein til ein time på 60 minutt.
AUF sin vedtekne politikk er at den nasjonale fråværsgrensa må fjernast, og at eit tilstrekkeleg tal vurderingssituasjonar og ei heilskapleg vurdering frå læraren kan ligge til grunn for karakteren til elevar.
Mølmen synest det blir spennande å sjå kva som skjer med både eksamen og fråværsgrensa etter kvart, og om grensa vil bli fjerna til slutt.
– Det er jo det eg håpar skal skje, men så må vi sjå kva Arbeidarpartiet synest er best.