Fråværsgrensa på vidaregåande blir endra mellombels på grunn av koronaviruset
Ut skuleåret vil elevar som har fråvær av helsegrunnar, sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet, opplyser Kunnskapsdepartementet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Årsaka er at handteringa av koronaviruset gjer at helsepersonell må bruke kapasiteten sin på dei som treng det mest.
– Helsedirektoratet har bede om at elevar som har fråvær av helsemessige grunnar, slepp å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet sitt. Den oppfordringa følgjer vi og lempar på dokumentasjonskravet, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande (V) i ei pressemelding.
Endringa varar fram til 1. august 2020, med mindre det ikkje skjer endringar i helsestyersmaktene sine vurderingar som gjer at ho bør forlengast eller forkortast.
