Ap vil gi meir krisestøtte til studentane – utdanningsministeren seier nei

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 I mai fekk studentar tilbod om eit ekstra studielån på 26.000, der 8000 ville bli gjort om til stipend. Dette dersom ein kunne dokumentere at ein hadde mista inntekt på grunn av korona-pandemien.

Fryktar studentar må avbryta studiane

Etter ein uvanleg vår er no kristøtta til studentar over.

Norsk Studentorganisasjon (NSO) fryktar at fleire studentar vil kome til å måtte avbryta studiane for å greia seg økonomisk.

Sju av ti studentar er avhengig av ekstrainntekt frå ein deltidsjobb eller frå ein sommarjobb for å klare utgiftene, og i Oslo sa ni av ti bedrifter nei til sommarvikarar i år.

Ap vil ha inntektssikring for studentar

Nina Sandberg, Arbeidarpartiet. Foto: Stortinget

No ynskjer Arbeiderpartiet å tilby meir krisehjelp til studentane, men utdanningsminister Asheim (H) meiner det foreløpig ikkje er behov for dette, melder NRK.

– Vi vil ha framleis studiestøtte for å hjelpe studentane over kneika. Dei stiller svakt på ein vanskeleg arbeidsmarknad, seier Nina Sandberg, Arbeiderpartiets talsperson for høgare utdanning, til NRK.

Ho ynskjer inntektssikring for studentar med dokumentert inntektsbortfall, og meiner det var feil å stansa krisestøtta frå i vår.

– Studielånet bør kunne rekke ei periode

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Regjeringen

Asheim (H) peikar på si side at dei kun fekk ein tredel av det dei hadde budsjettert med som faktisk søkte, og meiner det tyder på at studentar har skaffa seg andre deltidsjobbar.

Han seier likevel at regjeringa følgjer med på arbeidsmarknaden og utelukkar ikkje ny krisehjelp til studentar om dei skulle sjå at det trengst etterkvart.

– Me håpar det kjem fleire jobbar tilbake som gjer at fleire kan få ei ekstra inntekt ved sida av. Men studielånet er på omlag 10.000 kroner i månaden, og det bør i alle fall kunne rekke ei periode, til det kjem fleire jobbar tilbake, seier ministeren til NRK.

I ei undersøking frå 2016 kom det fram at 1 av 3 studentar brukte kredittkort for å dekke utgifter til mat og husleige. Utan deltidsjobb er det no mange som seier dei no er avhengige av oppsparte midlar og hjelp frå foreldre.

________________________________________________________________________

Frå venstre: Hamza Hussain (18) og Hanouk Tewelde (17) er uroa for om dei får læreplassar til hausten. Suleiman Mohammad (17) har på si side bestemt seg for påbygg, slik at han kan studere vidare.