VGS elevar tilbake på skulen: – Folk har blitt late her no. Folk har gitt opp håpet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 21.08.2020 16:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vil du ha litt handsprit? spør lærar Stig Hansson i det eg entrar klasserommet på Kuben videregående skole i Oslo, før han peikar meg i riktig retning.

Rundt eit langbord sett saman av pultar sit fire framtidige energimontørar, med godt over éin meter avstand til kvarandre.

Dei er fem i klasserommet med læraren.

Elevar tilbake i gangane og praksis

Trappene er stort sett tomme og ved toaletta er ein reinhaldsarbeidar i sving.

Vanlegvis er det 1350 elevar på skulen, men no er det berre 50-60 elevar innom skulen i løpet av veka.

Skulen har også satsa på å få flest mogleg elevar tilbake til praksis i bedrifter.

– Me trur at det er betre for elevane å vere i ei bedrift der dei kanskje kan få seg ein læreplass enn å vere her med oss, men det er mykje betre å vere hjå oss enn å vere heime, seier rektor Kjell Ove Hauge.

For mange elevar kom koronakrisa og avbraut praksisperioden, men no er det fleire som er tilbake.

– Bedriftene vil svært gjerne ha dei ut, både fordi dei treng mannskap der ute og for å få sjekka ut våre elevar om dei er framtidige lærlingar.

Frå venstre: Suleiman Mohammad (17) har allereie bestemt seg for påbygg til neste år, medan Henok Tewelde og Hamza Hussain håpar å få læreplass til hausten.

Ny eksamen til hausten

Frisørelevane har fått frisørhovud (dokker) heim som dei kan klippe og helsefagelevane har mykje teori, sidan det er vanskeleg å utøve omsorgsfag med distanse.

Elevane på VG2 elenergi er avhengige av verkstad og utstyr for å praktisere faget sitt. Regjeringa har difor opna for at VG2 og VG3-yrkeselevar som er avhengige av utstyr kunne kome tilbake på skulen måndag 27. april.

Men det er ikkje mykje tid dei tilbringer på Kuben yrkesarena. Klassen er delt inn i fire mindre grupper. To av dei er på skulen i fire timar på måndagar og dei to andre tysdagar.

På prosjektoren står Lovdata sine nettsider oppe. No er det risikovurdering som gjeld.

21. april kom beskjeden om at alle eksamenar i den vidaregåande skulen er avlyst på grunn av Covid-19. Det betyr at VG2-elevane ikkje får sin store, tverrfaglege munnleg-praktiske eksamen i programfag før læretida til hausten.

No har dei fått beskjed om at eksamen kan kome etter læretida er i gang til hausten og difor nyttar dei tida til å øve på ei eksamensrelevant oppgåve.

Lærar Stig Hansson nyttar høvet til å drilla elevane i teorien som er relevant for ein eventuell ny praktisk-munnleg eksamen til hausten.

– Betre å vere på skulen

Alle må ha eige utstyr og mellom klasserombyte vaskar lærar Hansson over pultane for å desinfisere.

Elenergi-elev Anas Bounafta (17) fortel at det somme tider har vore mange folk på T-banen han tek til skulen, men synest det går greitt å overhalde smittevernreglane.

– Når det kjem til smittevern så stolar eg på dei eg har rundt meg. Når dei seier at dei fatisk ikkje har korona, trur eg på dei, men ein er meir forsiktig no enn det ein var før.

17-åringen syntest det er bra å vere tilbake på skulen.

– Då får eg sett andre og eg får lært mykje meir. Ein får stilt spørsmål til læraren direkte istadenfor å ringe eller sende meldingar og vente på svar. Eg synest det er mykje betre å vere på skulen enn å vere heime.

For sjølv om rektor skryt av kor fort lærarane har omstilt seg til digital undervisning var det unekteleg litt rart i byrjinga.

Anas Bounafta (17) tykkjer det er mykje betre å vere på skulen enn å sitje heime og jobbe.

Køyretøy på heimekontor

Elevane på VG2 køyrety synest det var slitsomt, keisamt og stressande å vere så mykje heime.

– Det var dårleg. Det går ikkje an å jobbe på Teams. Det er bråk. Det er fleire som er heime og alle er i samtalar, forklarar Hamza Hussain (18).

18-åringen får støtte av kameraten Henok Tewelde (17), som eigentleg var glad for beskjeden om at han slapp å stå opp tidleg for å gå på skulen.

– Eg har slappa av i meir enn ein månad og når eg får høyre at det er skule igjen så gruar eg meg til å stå opp tidleg. Og ting har forandra seg, men det går bra, forsikrar han.

Skru på knappen

Elevane får oppdateringar på koronasituasjonen mellom anna via Snapchat og følgjer med på smittetala.

– Eg er ikkje redd for å bli smitta sjølv, men er redd for å smitte familien, seier Tewelde, som får støtte frå Hussain.

Suleiman Mohammad (17) trur ikkje det er fare for å bli smitta, sidan dei held avstand og klassen er delt i grupper.

No er dei tilbake på verkstaden to gongar i veka med to andre medelevar og lærar Bjørn Even Aanerud for å skru på bilar igjen.

Elevane har fått prenta inn at dei må halde avstand og vaske henda ofte, men det er ikkje alltid like lett å overhalde i verkstaden. Då er læraren på ballen for å minne dei på det.

Lærar Bjørn Even Aanerud merkar at uvissheita påverkar elevane, men har fått signal frå bedriftene om at dei kjem til å ta inn lærlingar til hausten.

Tilbake til normalen

Den største utfordringa for Aanerud med heimeundervisning var å få elevane ut av det han vil definere som brakkesjuke.

Han samanliknar det med oppstart etter sommar- eller juleferie, då det kan vere tøft å kome inn i rutinane att.

– Utfordringa er å skru dei på etter den perioden me har vore gjennom. Me har i underkant av to månadar før me er ferdige. Dei har gått glipp av fem veker i yrkesfaget, seier han.

Læraren trur det har vore mogleg å få med seg den teoretiske biten, men at det er verre med praksisen og viktig repetisjon.

– Nokre elevar taklar det veldig godt, men nokre av dei elevane me har, har store utfordringar, seier læraren.

Eit bortkasta år?

– Me har ikkje så mykje å gjere. Me berre drøyar tida. Det er meir teori enn praksis, forklarar Hussain om skulekvardagen.

Han har kjensla av at dei kastar bort skuleåret og er redd for at dei kan bli nøydde å ta året opp att.

– Fy faen, det der skjer ikkje ass, utbryt Tewelde.

Han fryktar at læresituasjonen påverkar snittet, for det er mykje som skal lærast på dei to åra elevane har før dei vert lærlingar.

– Eg trur alle består, men det blir berre vanskelegare å finne læreplassar.

Etter fem veker heime kan Henok Tewelde (17) og medelevane endeleg lære bilmekanikarfaget ved å skru på ekte bilar.

Læreplassar kjem og går

Læraren deira er ikkje bekymra og fortel at bransjen har vore relativt forskåna for dei verste konsekvensane og forklarar at berre fem av lærlingane ved Opplæringskontoret for Bilfag i Oslo og Viken (OBOA) har vorte permittert.

– Det har vore nokre permitteringar men dei ventar på at det normaliserer seg til hausten, seier Aanerud, som har fått signal om at dei aller fleste kjem til å tilsette.

Rektor fortel om VG2-elevar på programmet kulde- varmepumpeteknikk der to elevar fekk læreplass same dag, medan to andre mista sin intensjonsavtale fordi bedrifta sleit.

– Elektrofaga er generelt meir krevande å få elevar ut i, så der er me litt bekymra for å sjå korleis dette slår ut. Men me trur bilfag og bygg går greitt, seier rektor, som òg er veldig spent på helsefag, frisør og hudpleie.

– Folk har gitt opp håpet

Men gutane i verkstaden fortel at fleire har mista lærlingplassane sine og fleire ventar på svar til sommaren.

– Korleis er det å vente på slike svar?

– Det er ille. Ein veit ikkje kva ein skal gjere vidare. Skal ein ta påbygg, eller skal ein vente litt til ein får lærlingplass, seier Hussain.

Eit tredje alternativ er å gå vidare på skule før dei tek fagbrevet, som Tewelde uansett er bestemt på å få.

Hussain trur at mangel på læreplassar kan føra til at elevar droppar ut.

– Folk har blitt late her no. Folk har gitt opp håpet. Folk kjem når dei vil, dreg når dei vil. Det var ikkje slik før korona. No bruker alle korona som ei unnskuldning for å ikkje kome på skulen.

Lærlingar i nedgangstider

I elenergiklassen er stemninga rundt lærlingsituasjonen litt lystigare. Ein elev har fått lovnad om plass allereie, ein annan har intervju seinare same dag, medan Anas Bounafta har intervju på torsdag.

Rektor Kjell Ove Hauge trur at det kjem til å gå bra med elevane om Noreg vert sparka i gang, men fryktar at det kan verte nedgongstider.

– Det er så viktig at me tek vare på lærlingane i nedgangstider, slik at me ikkje står utan folk i etterkant, understrekar han.

Rektor ved Kuben videregående skole i Oslo, Kjell Ove Hauge, er oppteken av at samfunnet sikrar lærlingane i nedgangstider.

Økonomisk nedgang

Dei framtidige blimekanikarane trur at situasjonen kan påverka dei, om det vedvarar.

– Om korona vert borte så trur eg me får jobbe, om ikkje…

Hussain fullfører ikkje setninga.

Dei gler seg til alt blir normalt igjen, til spisestader og treningssenter kan opna att, men Tewelde er ikkje heilt sikker på framtida.

– Det er 50/50. Om korona ikkje vert borte så går samfunnet nedover. Kanskje økonomien vår òg går nedover og då kan det skje meir kriminalitet, fryktar 17-åringen.

Hamza Hussain og Henok Tewelde håpar på lærlingplass og jobb i framtida.