Studentar får utsett frist for å søkje om tilleggslån

43.000 studentar har søkt om tilleggslånet som skal hjelpe dei gjennom koronakrisa. No blir tidsfristen for å søkje utvida med to veker.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fristen var eigentleg sett til 15. juni, men blir utvida til 30. juni.

Tilleggslånet er på 26.000 kroner, og 8.000 kroner blir gjorde om til stipend.

Formålet er å hjelpe studentar som har vorte permitterte eller mista inntekt frå ein deltidsjobb under koronakrisa.

Berre éin av fem har søkt

Så langt har berre 20 prosent av studentane søkt om å få pengar frå ordninga, noko Kunnskapsdepartementet omtalar som «få».

– Det er vanskeleg å forklare kvifor det er så få som har søkt. Forhåpentlegvis tyder det at det er færre enn venta som har mista inntekt og dermed ikkje oppfyller kravet om få tilleggslån, eller at det er mange som har klart seg bra økonomisk trass i koronakrisa, seier Asheim.

Så langt er det betalt ut nærare éin milliard kroner frå ordninga, og 350 millionar kroner er stipend.

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Andreas Sjalg Unneland, er svært skuffa over regjeringa si krisepakke til studentar. Foto: SU