Ni av ti Oslo-bedrifter seier nei til sommarvikarar i år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år blir det vanskeleg for ungdommen å tene pengar i sommarferien. I ei ny undersøking svarer ni av ti Oslo-bedrifter at dei ikkje vil ta inn sommarvikarar.

Tala kjem frå arbeidsgivarorganisasjonen Virke, som organiserer mange bedrifter som typisk tek inn sommarvikarar, skriv Dagsavisen.

Av dei bedriftene som vil nytte sommarhjelp i år, opplyser 26 prosent at dei vil trenge færre vikarar enn tidlegare.

Nestleiar i Høgre si bystyregruppe i Oslo, Anne Haabeth Rygg. Foto: Oslo kommune/Sturlason

I fjor hadde 25 prosent av Virke-bedriftene sommarvikarar.

– Mange studentar og unge er i ein situasjon der dei ikkje kan betale husleige, og dei mistar inntekter dei har budsjettert med. På lang sikt er det òg mange unge som ikkje får arbeidserfaring som gjer det vanskelegare å komme inn på arbeidsmarknaden seinare. Det er ungdommen som blir hardast ramma av dette viruset no, seier finanspolitisk talsperson Anne Rygg i Oslo Høgre.

Partiet har i bystyret kravd eigne tiltak i revidert budsjett for å sikre unge sommarjobb.