FpU meiner permitterte studentar må få pengar gjennom NAV, ikkje Lånekassen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me meiner regjeringa si løysing er betre enn inga løysing, men at den riktige vegen å gå er at studentar får rett på dagpengar.

Det seier leiar i Framstegspartiets Ungdom Bjørn-Kristian Svendsrud.

Frp sikrar fleirtal

Frp-nestleiar Sylvi Listhaug varsla at dei vil støtte regjeringa sitt forslag om å opna for å gje studentar som mistar inntekt moglegheit til å ta opp eit tilleggslån på 26.000 kroner gjennom Lånekassen.

I tillegg kjem heile stipendet for våren 2020 inn på konto etter påske.

Framtida.no har vore i kontakt med Frps utdanningspolitiske talsmann, Roy Steffensen.

FpU har lagt sitt forslag fram for Steffensen, som framleis meiner framleis ordninga regjeringa har kome fram til er fornuftig.

– Dagpengar er økonomisk støtte for personer som søkjer jobb. Opnar me opp for at studentar skal kunne få dagpengar, må me også opna opp motsett, at folk med dagpengar bør få studera og kunne få lån og stipend, men då er dei jo ikkje lenger per definisjon arbeidssøkande, skriv Steffensen i ein e-post til Framtida.no.

NSO vil ha auka stipend

FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud er ueinig med moderpartiet og meiner regjeringa sitt forslag til krisepakke for studentar ikkje er godt nok.

Han oppmodar difor forsking- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim og resten av regjeringa til å gå tilbake til teiknebrettet.

Ungdomspartipolitikaren er heller ikkje einig med Norsk Studentorganisasjon (NSO), som har starta eit opprop for at den auka støtten til studentane må koma i form av auka stipend, framfor tilbod om meir lån.

NSO-leiar Marte Øien meiner studetar må få auka stipend, ikkje lån. Foto: NSO / Skjalg Bøhmer Vold

Oppropet har mellom anna fått støtte av AUF, Sosialistisk Ungdom, Unge Venstre, Raud Ungdom, Kristeleg Folkepartis Ungdom og Grøn Ungdom.

Om det ikkje er mogleg å få studentane inn på dagpengeordninga, meiner FpU-leiaren at det er ei betre løysing å auka den generelle studiestøtta slik at både stipend- og låndelen vert større, men prosentfordelinga er den same.

Ifølgje NRK inneheld den siste krisepakken éin milliard ekstra til studentane. Ifølgje VG inneber det at 35 % av ekstralånet vert omgjort til stipend.

Asheim: – Eg ynskjer sakleg diskusjon

Forsking- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim sa fredag til Studvest at han har forståing for at studentane er sinte, men meiner det er umusikalsk å kalla det for ein drittpakke.

– Det er så mange i landet som no er permittert eller rett og slett arbeidsledige. Eg ynskjer sakleg diskusjon, seier Asheim til studentavisa som kjem ut i Bergen.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim vil ha sakleg debatt om krisepakken for studentar. Foto: Kunnskapsdepartementet

I likskap Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot understrekar Asheim at trass i at studentane først og fremst er studentar, ikkje arbeidstakarar.

– Det betyr at dei med storstipendet får utbetalt i snitt over 11.000 kroner i månaden i studiestøtte. Eg forstår at studentane også ynskjer meir kompensasjon, og eg forstår at det diverre ikkje er nok til å dekkja alle utgifter for mange studentar når deltidsjobben forsvinn. Men det er difor me har gjort det me no har gjort, med å innføre eit ekstralån, seier Asheim til Studvest.

Svendsrud skjønar argumentet, men meiner ein må tenkje prinsipielt på det.

– Det handlar om studentar i arbeid som vert permitterte, men ikkje har rett på dagpengar. Dei betalar skatt frå inntekta som er basert på arbeidsinnsatsen deira. Når Stortinget først har valt å setja ned grensa for dagpengar, bør òg studentane vera inkludert, meiner Svendsrud.

– Ein forsikringspremie

I samband med koronakrisa har Stortinget halvert inntektsgrensa for rett på dagpengar frå NAV. No har ein rett på dagpengar dersom du har tent over 74.894 kroner dei siste 12 månadane, eller 224.680 kroner dei siste tre åra.

– Me er jo eit parti som er kritiske til for mykje statleg styring, men så er slik at me har ei ordning i Noreg med med omfordeling, der me har valt å kreva inn høge skattar. Det er som ein forsikringspremeie ein kan kreva inn, samanliknar Svendsrud.