Unge Høgre seier at permitterte studentar har høve til å flytte heim og kvitte seg med nokre utgifter mellombels.
Ingvild Eide Leirfall, Andrea Rygg Nøttveit
Ingvild Eide Leirfall, Andrea Rygg Nøttveit

I dag vert det klart at det kjem ein ny krisepakke til studentane. Fredag blir heile krisepakken presentert av regjeringa, skriv dei i ei pressemelding.

Det er to hovudpunkt som vil bli lagt fram:

  • Alle studentar får utbetalt stipendet for april, mai og juni den 15. april. For dei fleste utgjer det 27.550 kroner (fullt lån og stipend).
  • Dei som har mista arbeidsinntekt på grunn av korona-krisa får høve til å ta opp eit ekstra studielån på 26.000 kroner gjennom Lånekassen.

Utvida søkefrist

Førre veke utvida regjeringa fristen for å søke om vanleg lån og stipend hos Lånekassen denne våren, frå 15. mars til 15. april. Dette for å gi dei som fram til no ikkje har hatt lån og stipend, eit ekstra høve til å søke om støtte dersom dei treng det etter å ha mista inntekt på grunn av krisa.

– Det betyr at studentar som har basert seg på inntekter frå jobb, no vil kunne få utbetalt studiestøtte for januar, februar og mars, og i tillegg vere sikra inntekt i april, mai og juni. Det gir eit betydeleg økonomisk løft til ei gruppe studentar som for kort tid sidan mangla det sikkerheitsnettet eit studielån er, seier Asheim i pressemeldinga.

Lånekassen opnar for å søke om det ekstra lånet i løpet av mai månad.

SU-leiar Andreas Sjalg Unneland er skuffa over regjeringa si krisepakke til studentar. Foto: SU

SU-leiar: – Pushe på dei meir lån

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Andreas Sjalg Unneland, synest regjeringa si krisepakke for studentar er ekstremt skuffande.

– Alle andre grupper har fått hjelp som gjer at dei ikkje vert tvunge til å ta opp større lån for å få kvardagen til å gå rundt. Her hadde regjeringa ein gyllen moglegheit til å stille opp for studentane, men har valt å pushe på dei meir lån – ja, studielån er eit gunstig lån, men det er framleis eit lån, seier Unneland.

Han meiner det er viktig at løysinga for studentane vert mest mogleg ubyråkratisk og føreslår at dei anten kan få auka stipend etter å ha dokumentert bortfall av inntekt til Lånekassen, eller få rett på dagpengar via NAV.

– Medan ein bruker milliardar på å redde næringslivet, må studentane ta rekninga sjølv.

Han kallar løysinga for eit mageplask og reagerer på at regjeringa ikkje går inn for å trygge studentane økonomisk, men gjer dei meir gjeldstynga.

– Eg forventar at ein stiller opp for studentane på same måte som ein stiller opp for andre grupper. Det skulle berre mangle når ein veit at mange studentar allereie i dag lever under fattigdomsgrensa, seier Unneland.

Får kun ekstra lån, ikkje stipend

Til VG seier Asheim at dei som låner heile beløpet vil måtte betala 145 kroner ekstra per månad i tilbakebetalingsperioden av studielånet.

På spørsmål om kvifor studentane ikkje får ekstra stipend, men eit lån som seinare må betalast tilbake svarar han at ei stipendstøtte, i stadenfor ekstra lån, ville kosta ein til tre milliardar kroner.

– Og ville uansett ikkje gjere nokon forskjell for studentane før om mange år.

Leiar i Unge Høgre, Sandra Bruflot. Pressefoto

Unge Høgre-leiaren: – Først og fremst studentar

Han får støtte av Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot, som skjønar at studentane gjerne skulle hatt meir, men meiner det ikkje er mogleg å gjere alle til lags.

– Studentar er først og fremst studentar, ikkje arbeidstakarar. Arbeidstakarar som vert permitterte kan etter 20 dagar forvente å gå ganske mykje ned i løn, medan permitterte studentar framleis har undervisning og studiestøtte – så får dei tilbod om eit frivillig tilleggslån, understrekar Bruflot, som ikkje har fått tid til å lesa tiltaka i detalj.

Ho peikar på at permitterte arbeidstakarar i motsetnad til studentane står utan tilbod om kompetanseheving og meiner det hadde vore ei dårleg løysing om studentane skulle inn i NAV-køa for å få dagpengar.

– Eg skjønar at for nokre studentar vert det krise, men for ganske mange går det an å til dømes flytte heim. Når alt er stengt kan ein forhåpentlegvis kvitte seg med nokre utgifter mellombels.

AUF: – Som å tisse i buksa

AUF-leiar Ina Libak. Pressefoto: AUF

– Regjeringa si løysning er ikkje ei inntektssikring, slik Stortinget ba om. At studentar utan inntekt blir tilbudt å låne pengar blir som å tisse i buksa for å halde seg varm, seier Ina Libak, leiar i AUF i ei pressemelding til Framtida.no.

Saman med Studentorganisasjonen har AUF stilt krav om at studentane må få støtte i form av eit stipend.

– I utgangspunktet er dette arbeidstakarar, som burde hatt rett til dagpenger slik som andre arbeidstakarar, men når løysninga skal kome gjennom Lånekassen må det i alle fall vere som eit stipend.

Illustrasjonsfoto av studentar: Brooke Cagle / Unsplash
Oppdatert: torsdag 26. mars 2020 20.58

LES OGSÅ

ANNONSE