Den nye NSO-leiaren fryktar for koronakonsekvensane

1. juli tek Andreas Trohjell over som leiar for Norsk studentorganisasjon. Han trur krisa vil få konsekvensar for studentar òg på andre sida av sommarferien.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har heimekontor i sofaen, berre nokre meter frå soverommet, og sit der stort sett heile dagen. Det går mykje i kaffi, og så prøvar eg å få meg nokre lufteturar i løpet av dagen, skriv Andreas Trohjell.

23-åringen frå Arendal, som studerer matematikk ved Universitetet i Bergen, vart nyleg vald til ny leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO).

  1. juli tek han over stafettpinnen etter noverande leiar Marte Øien.

Maratonpolitikk

Som leiar vil den engasjerte 23-åringen utvida nettverket til organisasjonen og vere ei tydeleg stemme i alle saker som angår studentar, men òg byggje vidare på det som er gjort tidlegare.

– NSO arbeider med politikk som tek tid. Denne politikken må gjennomførast som eit maraton, ikkje ein sprint, understrekar Trohjell.

23-åringen peikar på at studentar er ei stor og mangfaldig gruppe, som diverre vert nedprioritert kontra andre samfunnsgrupper.

– NSO arbeider kvar einaste dag for å betre studentar sin situasjon og rettar, og me ser i dagens samfunn at det er heilt nødvendig.

Koronaeffekten

I 2020 er dei viktigaste sakene fleire studentbustadar og betre ordning for studiestøtte, men ein kjem ikkje unna koronapandemien.

– Kva følgjer trur du koronakrisa vil få for dagens studentar?

– Eg håpar det vil få små følgjer, og at me kjem oss godt gjennom denne perioden. Eg trur likevel det vil få følgjer for eksamen no i vår, for utveksling til hausten og for praksis for dei som har det. I tillegg får det økonomiske følgjer ved at studentar ikkje får seg sommarjobb og vert permitterte.

NSO jobbar for å sikre at ordningane regjeringa presenterer inkluderer studentane og er eit tryggleiksnett for dei.

– Studentar som mistar jobben eller ikkje kan vere på campus for å studere er i ein veldig vanskeleg situasjon. Me treng ordningar for studentar sin økonomi, psykiske helse og sosialt samvær for at studentane skal ha det bra.

Organisasjonar for dei unge

Då Trohjell gjekk inn i studentpolitikken i Bergen var det for å bidra til å betra studentpolitikken og fordi han likar å sjå endringar, vedtak og gjennomslag.

– Korleis kan ein sikra at barn og unge vert høyrde?

– Det er viktig å ha organisasjonar som jobbar spesifikt mot denne gruppa, som Elevorganisasjonen og Norsk studentorganisasjon. Dei ansvarlege, politikarar og andre, må få innspel direkte til korleis unge har det, og det er organisasjonane sitt ansvar.

Andreas Trohjell

  • Frå: Tromøy i Arendal
  • Alder: 23
  • Yrke/utdanning: Student, matematikk
  • Favorittfag på skulen: Matematikk
  • Ulike verv: Studentleiar ved UiB, Sentralstyret NSO, Fakultetsstyret MatNat UiB, vara universitetsstyret UiB, representant i Velferdstinget Vest, elevrådsleiar Arendal vgs, diverse anna
  • Medlem i: Bergen Studentidrettslag
  • Kva gjer du i fritida/hobby: Går tur i fjellet, ser på fotball og annan sport