NSO fryktar at studentar må avbryte studiane for å klare seg økonomisk
Norsk Studentorganisasjon (NSO) er misnøgd med den tredje tiltakspakken til regjeringa. Dei fryktar at studentar må avbryte studiane for å klare seg økonomisk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til bygging av studentbustader, men dei sikrar ikkje studentane økonomiske støtteordningar for inntektsbortfall gjennom sommaren.
– Sjølv om studiane og Lånekassen tek ferie, tek ikkje rekningane ferie. Dette vil medføre at mange studentar må ta opp dyre forbrukslån for å klare seg gjennom sommaren, noko som vil setje mange i ein svært sårbar og vanskeleg økonomisk situasjon, seier leiar Marte Øien i NSO.
Fryktar avbryting av studiane
– Vi fryktar at dette kan føre til at fleire avbryt studiane for å klare seg økonomisk, seier Øien vidare.
Sju av ti studentar er avhengig av ekstrainntekt frå ein deltidsjobb eller frå ein sommarjobb for å klare utgiftene.
- Les også meiningsinnlegget: «Kvifor inkluderer ikkje regjeringa alle landets studentar?»
Ingen inntektssikring i sommar
Inntektsbortfallet har regjeringa og Stortinget i hovudsak teke vare på gjennom ei enkeltutbetaling frå Lånekassen, som skulle dekkje for mai og juni.
Men i tiltakspakke tre er det ingen forslag for å gi inntektssikring for studentane i dei kommande månadene.