Den avtroppande Natur og Ungdom-leiaren: – Vi vinn litt etter litt

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 19.06.2020 08:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I klimasaka så kjempar du mot krefter som har meir pengar enn deg, og meir innverknad hjå politikarane. Det kjennest ofte som du arbeider i oppoverbakke, og då kan det av og til vere vanskeleg å sjå kva ein får til, seier Gaute Eiterjord.

– Men eg trur det er viktig å setje seg mål på vegen, så vinn vi litt etter litt.

Framtida.no møter 24-åringen på Natur og Ungdom sitt kontor i Torggata i Oslo. Det ligg gøymt i ein bakgård mellom butikkar og restaurantar.

Foto: Bente Kjøllesdal

På veggane heng plakatar frå tidlegare aksjonar, på bordet ligg riksaviser, og ved døra står haugevis med sko – her lyt du ta av deg på føtene om du skal inn.

Gaute Eiterjord er i full gang med å planlegge innspurten på året før han reiser heim til Stavanger for å feire jul saman med familien.

Han fylte nettopp år, og dagen feira han på ekte miljøvernar-vis: På demonstrasjon mot gruvedumping i Repparfjord.

– Det er ein god måte å feire bursdagen sin på, for kva er vel ei typisk 24-årsfeiring? Det skjer jo ingenting spesielt det året, seier han og ler.

– Eit lite vakuum i livet

Eiterjord er no i sin siste månad som leiar i Natur og Ungdom. Etter to år i vervet, skal han i januar gje det vidare til neste.

– Det å vere leiar og få lov til å arbeide med desse sakene på fulltid – det er det veldig få andre som får. Det er ein utruleg heldig situasjon å vere i. Så eg er veldig glad for at eg takka ja, og eg har ikkje angra.

På nyåret vert det ein ny æra for 24-åringen som først melde seg inn i miljøorganisasjonen då han var 14 år. Han flytta til Austlandet for fem år sidan for å sitje i sentralstyret og studere økologi og naturforvalting på Ås – «mest fordi det var gøy, og litt fordi eg trong pengar» – men slutta etter eit halvt år for reindyrke engasjementet i Natur og Ungdom.

– Det var ikkje med særleg tungt hjarte eg tok det valet.

Det er innanfor desse veggane han har funne mange av vennane sine, det er her han først møtte kjærasten, og det er her han har arbeidd kvar dag sidan han først vart med i sentralstyret i 2014 og då han vart leiar i fire år seinare.

Korleis vert det å takke for seg?

Det er litt skummelt at du stiller spørsmålet, for eg har ikkje tenkt mykje på det sjølv. Det vert nok eit lite vakuum i livet. Det kjem til å verte uvant å sitte ein torsdag ettermiddag, og så er det ikkje sentralstyremøte. Kva skal eg bruke den tida på då?

Han hadde ingen plan om å verte leiar i Natur og Ungdom, og har ingen konkret plan for korleis livet skal verte framover heller. 24-åringen skal ta nokre enkeltemne ved Universitetet i Oslo, kanskje studere litt fysikk, kjemi eller biologi. Som oftast fell ting på plass.

Gaute Eiterjord fekk bot då han aksjonerte mot gruvedumping i Førdefjorden: – Det var den beste bruken av 11 000 kroner eg har gjort. Det var verdt det, seier han og slår fast at han er klar til å gjere det igjen. Foto: Bente Kjøllesdal

Frå 1000 til 40 000 på nokre månadar

Det siste året hans har likevel vore meir enn han noko sinne kunne drøymt om. Då Natur og Ungdom arrangerte sin første skulestreik for klimaet i september 2018 var dei strålande fornøgde med at 1000 personar stilte opp over heile landet.

Så byrja rørsla smått om senn å spreie seg – det som hadde starta med Greta i Sverige fekk luft under vingene då titusenvis av skuleelevar i Brussel også forlet skulen for å krevje klimahandling.

– Då byrja også vi å diskutere om ikkje vi skulle organisere ein stor streik i Noreg. Eg trur vi til og med hadde ei avstemming på Facebook-sida til Natur og Ungdom som var: «Skal vi ha ein ny skulestreik i Noreg eller ikkje?» Vi tenkte vi måtte lodde stemninga litt, seier Eiterjord og flirer.

22. mars forlet 40 000 norske barn og unge skulepultane sine, og streika på åtti stadar rundt om i landet.

– Vi var så utruleg mange fleire enn vi noko sinne hadde trudd vi kom til å verte, seier 24-åringen.

Han fortel korleis det var å stå utanfor Stortinget og sjå på folkethavet av born og ungdom med heimesnikra plakatar som talte for klimaet. Om vaksne som gjekk forbi, og vart rørte av det dei såg.

 

 

Førre nasjonale skulestreik var 22. mars. Neste vert fredag 24. mai. Arkivfoto: Andrea Rygg Nøttveit

– Vi var berre så utruleg stolte over kva vi hadde fått til. Det var mange gledestårer. Det var vanskeleg å tru at det faktisk skjedde. Eg trur det har hatt større betydning enn eg klarar å fatte.

Dryge to månadar seinare, 24. mai, var det 7000 i heile landet. Då sommaren var på hell 30. august var det 10 000 på klimastreiken, og til saman 60 000 på dei påfølgjande Klimabrøl-arrangementa i Bergen og Oslo.

Gaute Eiterjord meiner ein har aldri sett eit så stort engasjement hjå folk, og særleg blant barn og unge, for miljøet som ein har gjort i 2019.

– Det har fått klima på dagsorden som aldri før, seier han.

2019 har vore eit merkeår for Natur og Ungdom. Med både store sigrar: klimaengasjementet som sveipa mest over heile kloden, Fritt Ords pris, Arbeidarpartiet som snur i saka om Lofoten, Vesterålen og Senja, men og tydelege teikn på at innsatsen lyt halde fram: klimastreik-krava vart ikkje innfridde, planane kring Repparfjorden og Førdefjorden held fram, og CO2-utsleppa går ikkje langt nok ned.

– Eg trur kanskje det miljørørsla sit att med etter 2019, er at vi snakkar med meir sjølvtillit. Eg trur Greta Thunberg har vist at det nyttar å prate ærleg om problemet – det er då du når ut til andre folk. Foto: Bente Kjøllesdal

Gaute Eiterjord er likevel meir optimistisk no, enn han har vore på lenge:

– Vi ser at Norsk Olje og Gass og Equinor må bombardere oss med sponsa annonsørinnhald i alle aviser, i podkastar, på store reklameskilt rundt om i byen. Eg tenker det er eit teikn på at vi har sett dagsorden ganske mykje, når oljeindustrien er så redd for å miste kontroll.

– Mykje meir mainstream

På kontoret til Natur og Ungdom er det liv og røre, det er stadig folk som kjem og går. Frå eit kontor i hjørnet ljomar juleklassikaren «Last Christmas». På veggane heng bilete frå tallause demonstrasjonar rundt om i landet.

– Det er mykje lettare å vere miljøengasjert no enn det var før, seier Gaute Eiterjord og forklarar:

– For ein del av våre folk rundt omkring i landet har det kanskje vore slik at om du var med i Natur og Ungdom, så var du gjerne den som var over gjennomsnittet engasjert for miljøet. Det har vorte mykje meir mainstream.

Innan årsmøtet i januar ventar organisasjonen å ha bikka 9500 medlemmar. Det er to tusen nye rekruttar på eitt år, og langt fleire enn då Eiterjord sjølv vart medlem for dryge ti år sidan.

Ein stereotypisk Natur og Ungdom-medlem er ei jente på 17 år, som går studiespesialiserande eller musikklinja, og som alltid har teke litt ekstra ansvar, fortel Gaute Eiterjord: – Eg håpar fleire gutar vil byrje å engasjere seg, og ser at vi må ta ansvar vi òg. Foto: Bente Kjøllesdal

24-åringen vaks opp i Stavanger med Blekkulf på fjernsynet og frå barndomen av var foreldra opptekne av å vere mykje ute i naturen, gå tur i skog og mark eller vere på hytta.

– Eg syntest det var litt kjedeleg at eg ikkje fekk Playstation eller lov til å game heile helga, seier Eiterjord og flirer, men legg til at han likevel drog til kompisane sine for å få fylt spelekvota si.

Eiterjord fortel om miljøengasjerte foreldre som peika på kor viktig det var å ikkje sløse eller kaste mat, og besteforeldre som gjorde han merksam på at ikkje alle er like heldige som han sjølv. Var det dugnad, så skulle Eiterjord-familien vere med.

Inngangen i Natur og Ungdom kom via eit jamaldra søskenbarn, som allereie var medlem, og fortalde Eiterjord om organisasjonen.

– Det at oljenasjonen Noreg ikkje tek ansvar for problema vi har skapt for folk i resten av verda, det provoserer meg veldig, og gjorde at eg ville engasjere meg mot den urettferda, seier Eiterjord og poengterer at klimaendringane kjem til å råke dei fattigaste landa i verda hardast.

Eit vendepunkt

No ser Gaute Eiterjord mest av alt fram til ferie heime i Stavanger. Arbeidskvardagen som leiar i Natur og Ungdom er variert: Det er møter med politikarar og representantar frå organisasjonar, demonstrasjonar som vert planlagde og delteke på, pressemeldingar som vert skrivne og intervjuførespurnadar frå journalistar svara på.

Det siste året har likevel vore særleg travelt – mellom alle dei nasjonale skulestreikane og tallause demonstrasjonane, så har Natur og Ungdom også vore tilbake i rettssalen for å saksøke staten.

Det heile fører til mange timar på kontoret.

– Når du jobbar med miljøvern så er det alltid meir du kan gjere, men det er viktig å setje grenser for seg sjølv og innsjå at ein har avgrensingar som eit anna menneske, seier Eiterjord.

På fritida prøvar han difor å kople av. Han ser The Mandalorian eller Rick and Morty, går på skitur når det omsider er kome snø i marka, og har byrja å jogge litt sidan han skal springe halvmaraton til våren:

– Det trur eg vert jævleg om eg ikkje har trent, seier 24-åringen og ler.

Han medgjev likevel at sjølv med ski på beina eller joggande rundt Oslo, når han prøvar å skru av hjernen, så vender tankane ofte attende til miljøsaka.

– Eg synest det er veldig vanskeleg når folk spør meg: Trur du vi kjem til å løyse klimakrisa? Eg har ikkje noko godt svar på det. Det er teknisk mogleg, men krev handling frå politikarar og den handlinga uteblir. Men eg har veldig trua på at når ein ser så stort engasjement hjå folk som ein har sett i år, då kan det kanskje vere eit vendepunkt.

Ein samla generasjon

Det som har vore nytt av året, ifølgje Gaute Eiterjord, er at klimastreikane representerte eit veldig klart handlingsalternativ som barn og unge ikkje har hatt før.

Dei kunne vise uroa og misnøya si på ein veldig konkret og tydeleg måte:

– Eg trur det er veldig viktig at dersom du er uroa for miljøproblema så kan du ikkje berre sitte å vere bekymra og tenke at det er håplaust. Det nyttar faktisk å engasjere seg.

Bilete frå Klimabrølet 30. august 2019 i Oslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Den avtroppande Natur og Ungdom-leiaren påpeikar at han haustar æra for eit arbeid som veldig mange har bidrege til.

– Skulestreiken er den 15-åringen som på ein liten plass fekk med seg nokre klassekameratar for å stå utanfor rådhuset. Det er vanleg ungdom som tok saka i eigne hender og gjekk ut og protesterte, seier Eiterjord.

For Gaute Eiterjord er det beste med året som har vore, og bølgja av skulestreikar som har slått inn over heile landet frå Svalbard i nord til Kristiansand i sør, at desse miljøengasjerte ungdomane ikkje lenger føler seg åleine:

– Vi har sett at heile vår generasjon er med på dette, det er dei generasjonane over som sluntrar unna.

Kva er det største ynskje for 2020? – At NU klarar halde på alle medlemmane vi har fått, svarar Gaute Eiterjord og ler høgt. – Oppfordring til alle som les Framtida.no: Betal kontigenten din. Foto: Bente Kjøllesdal