Noreg må ta ansvar – klimahandling no!

Hilda Bævre Bergseth
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Neste år trer Parisavtalen i kraft. Klimaforhandlingane i Madrid skulle legge
grunnlaget for neste år som eit «ambisjonsår» med eit regelverk heilt nødvendig for at
vi skal klara å avgrensa oss til 1,5 gradar oppvarming og for at vi skal gi nok pengar
til dei som opplever konsekvensane av klimaendringane.

I staden sat vi to dagar på overtid, framleis i forhandlingsromma, med land som ikkje klarte å kome til semje. Gapet mellom det folk krev og det leiarane leverer er stort. Større enn nokon gong.

Det minste vi ønskte, var eit signal frå verdas leiarar om at dei tek klimakrisa på alvor. I staden var orda sivilsamfunnet sat igjen med: «This COP has failed the people and the planet».

Frå ein demonstrasjon fleire frå det norske sivilsamfunnet hadde saman. På bilete er det representert: KFUK-KFUM Global, Changemaker, Spire og Natur og Ungdom. – Vi ønskjer ikkje at Noreg skal gå over fristen FN har satt, for innlevering av nasjonale mål for utsleppskutt, fordi vi vil vente på EU. Den beste måten vi kan utføre vår klimapolitikk og presse andre land, er ved å levere ambisiøse mål sjølv innanfor fristen, seier Bergseth. Foto: Privat

Maknardsmekanismar og kvotehandel

Denne klimaforhandlinga skulle levere på fleire område. Det skulle bli laga eit sett
med marknadsmekanismar som skal tre i kraft ved kjøp og sal av utsleppskutt (kvotehandel). Dette skal gjere det lettare for land å auke ambisjonane sine på nasjonale mål for utsleppskutt.

Usemja var stor, og dette måtte bli flytta fram til neste års klimaforhandlingar. Sidan alle land skal melde inn sine nasjonale mål innan 9. februar og marknadsmekanismane ikkje er i boks, kan dette ha konsekvensar for måla land set for utsleppskutt og om dei tør å satse høgt. Vi har berre 10 år på å kutte halvparten av verdas utslepp for å ha ein sjanse til å nå 1,5-gradarsmålet.

I den samanheng er det også viktig at Noreg ikkje går over fristen FN har sett for å
levere inn dei nasjonale måla. Noreg har sagt at dei vil levere inn måla i samråd
med EU, og EU har sagt at dei kjem til å levere inn åtte månadar etter fristen.

Den beste måten vi kan legge press på EU og resten av verda, er ved å levere inn eit
forsterka mål på minimum 55% kutt sjølv, og ikkje bruke orsakingar eller pålegge
oss forpliktingar vi ikkje har ved å vente.

– Dette er frå den dagen vi vart kasta ut av forhandlingane saman med over 300 andre. Vi hadde ein fredeleg demonstrasjon utanfor møteromma fordi vi ikkje såg nokon vilje blant leiarane til å kome til semje. Dette skjedde same dag som Greta Thunberg hadde halde tale i FN om korleis vi må bruke vår demokratiske rett til å sei ifrå kvar dag.

Klimarettferd

Menneskerettar og inkludering av urfolk fekk heller ikkje ein plass i tekstane. Dette
burde vere med fordi klimakampen no i stor grad har blitt ein kamp om
klimarettferd. Dei som vert ramma kraftig, skal ha ei stemme og deira rettar
skal bli tekne vare på. Dette er ofte menneske som sjølv ikkje har teke del i å skape
krisa.

Noreg har kjempa for menneskerettar i dei ulike tekstane det har blitt
forhandla om, men den viktigaste måten vi kan respektere menneskerettar på, er
ved å gjennomføre nødvendige endringar heime, som snur denne retninga vi har
innteke og som kjem til å påverke verda ytterlegare.

– Dette er frå eit møte vi hadde med Ola Elvestuen. Medan vi har vore i Madrid har vi hatt jamnlege møter med den norske forhandlingsdelegasjonen.

Noreg – passive i forhandlingane

Dei to siste vekene har eg fått eit innblikk i korleis Noreg inntek ei passiv rolle i
forhandlingane. Verda treng at nokon tek leiaransvar, og Noreg har alle moglegheiter
til å kunne gjere dette. Det kjipaste er at vi vel å ikkje gjere det.

Eg opplever til og med at Noreg prøver å forhandla seg vekk frå viktig ansvar. Som den nasjonen vi er, med det historiske ansvaret vi har, er ikkje dette greit.

Når meddemonstrantar i gatene i Madrid ropar «rich people step up» kjenner vi ekstra på ansvaret når lommene våre er fylt opp med oljefondets titusen milliardar kroner som vi har tent på andre sine klimagassutslepp.

Ekstra sterk blir denne kjensla når statsministeren vår peikar på alle andre, større land og ber dei om å koma på banen. Når Solberg i tillegg ikkje vil bruke «de store ordene» på å skildra den krisa vi er inne i, må vi spørje oss sjølv om kva land vi ønskjer å vere.

Slutte å gi leitesubsidiar

Det viktigaste når Noreg reiser heim fra Madrid, er at ord blir til klimahandling.
Parisavtalen binder alle til å ta del i dette. Akkurat no bidreg Noreg til å bygge ei
fossil framtid, og dette er ikkje haldbart når heile verda skal gjennom ei enorm grøn
omstilling.

Vi må slutte å gi subsidiar til oljeselskap som leitar etter ny olje. I dag får
oljeselskap dekka 78% av kostnadane til oljeleting. I 2019 er det absurd at ikkje
desse subsidiane i staden vert brukt på fornybar energi, slik at sparepengane våre
kan bidra til å skape ei leveleg framtid for oss sjølv og dei som kjem etter oss.

Dette kan skape den framtida folket no ropar etter i gatene, og som vi har lova i
Parisavtalen.

– Frå streiken i gatene i Madrid. Der var vi saman med 500.000 andre, for å vise at vi krev handling og klimarettferd. Vi oppmodar andre til å bli med på skulestreikane på fredagar der dei bur!

Krav frå ungdom

På FNs klimaforhandlingar i fjor var det 4000 som marsjerte i gatene for
klimarettferd. I år var vi 500.000.

Det seier noko om engasjementet som vert vekka når vi tek forskinga inn over oss og merkar urettferden. Saman med streikande ungdommar over heile Noreg ønskjer vi at leiarane våre skal ta oss på alvor og høyre på krava våre.

Vi krev 65 milliardar kvart år i klimafinansiering, slutt å gi nye utvinningsløyver til oljeindustrien, kutt utslepp med over 50% og erklær klimakrise no.

Forhandlingane gjekk ikkje slik vi ønskte og land slapp å binde seg til fleire nødvendige
tiltak for framtida. Dette er skremmande, og det legg hinder for det målet vi skal
jobbe for saman.

Med eit engasjement som er større enn nokon gong, er det viktig at
vi stiller leiarane våre til ansvar. Det er ikkje nok at dei berre lyttar. Vi må handle.